tilsetting
Snudde innstilling. No får han likevel jobben
Han vart vurdert som best kvalifisert av fagekspertane, men instituttleiaren ville gi jobben til ein intern kandidat. No blir Benjamin Raffield likevel tilsett.
Styret ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) har sagt sitt. Nær to månader etter at Khrono først skreiv om saka, er det no klart at Benjamin Raffield likevel blir tilsett i stillinga som førsteamanuensis i arkeologi.
Fakultetsstyret har formelt siste ord i tilsettingar av vitskapelege medarbeidarar ved universitetet og følgjer oftast innstillinga frå instituttleiarane. Då den første innstillinga låg klar, vart saka sett på vent.
Raffield vart først sett opp som andrekandidat av leiar ved Institutt for arkeologi, historie og kultur, Teemu Ryymin — trass i at den sakkunnige komiteen einstemmig hadde vurdert Raffield til å vere den klart best fagleg kvalifiserte kandidaten. Instituttleiaren snudde rangeringa frå fagekspertane og innstilte i staden ein intern søkar til stillinga, som fagekspertane hadde rangert som nest best.
Før det siste fakultetsstyretmøtet leverte instituttleiaren ei ny innstilling som styret følgde, får Khrono opplyst frå fakultetet.
— Letta og glad
Benjamin Raffield sende ein omfattande klage til fakultetsstyret der han peikte på det han meinte var feil og manglar feil og brot på UiBs eigen retningslinjer.
— Eg er letta og glad for at universitetet og fakultetsstyret har gjort ei grundig vurdering. Det er bra for alle partar at saka endeleg har fått ei avklaring, kommenterer Raffield til Khrono.
Han legg til at han er informert om vedtaket, men han har ikkje sett dei offisielle dokumenta.
— No ser eg fram til å arbeide i Bergen, seier han.
Universitetet i Bergen arbeider for tida med ein full gjennomgang av reglar og retningslinjer for vitskapelege tilsettingar og opprykk, og har sendt forslag til endringar ut på høyring.
Kritisert for overtramp
Bakgrunnen er mellom anna fleire saker Khrono har skrive om der søkarar til stillingar på universitetet er blitt forbigått og utsett for det fleire har kritisert for å vere grove overtramp.
I 2024 vart historikar Eirik Hovden fjerna frå tilsettingsprosessen som førsteamanuensis, etter at han var blitt vurdert som best kvalifisert til stillinga han søkte på.
Også den gongen var instituttleiar Teemu Ryymin (med)forfattar av ei innstilling som sette den sakkunnige komiteen si vurdering til side.
I 2025 førte «opprykkssaka» til Dorte Madsen ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fakultetet) til sterk kritikk og krav om gransking. I eit halvt år vart søknaden hennar om opprykk til professorstilling utsett, etter at han var godkjend av den nasjonale fagkomiteen.
Nye retningslinjer skal etter planen vere klare før sommaren.
Endringslogg 8.5.2026, kl. 09.54: I saka stod det opphavleg at fakultetsstyret snudde innstillinga frå instituttleiaren. Dette er ikkje rett. Ifølgje fakultetet laga instituttleiaren ei ny innstilling før det siste fakultetsstyretmøtet der Raffield var innstilt til jobben, og som styret vedtok.

Nylige artikler
Snudde innstilling. No får han likevel jobben
Printerrot og kvalitetssystem på styremøte ved OsloMet
Forskningsrådet får ikke betalt utenlandske eksperter
Hedret etter å ha vært folkefiende i 20 år. — En voldsom oppreisning
Frykter uttalelse fra rektor kan skremme undervisere
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)