universitetet i bergen

Nær 90 prosent av stipendiatane er forseinka

Universitetet i Bergen har kartlagt korleis stipendiatane har hatt det under pandemien. Blant dei ferskaste stipendiatane er meir enn ni av ti bak skjema.

Stipendiatar er tilsett for tre eller fire år. Men det siste snart halvanna året har stipendiatar møtt mange hinder, og ved Universitetet i Bergen rapporterer no nær 90 prosent at dei er forseinka med doktoravhandlinga si.
Publisert Oppdatert

88 prosent totalt sett og 93 prosent av dei som er på første eller andre år av stipendiatperioden rapporterer at pandemien har gjort at dei er forseinka med avhandlingane sine. Dette kjem fram i ei undersøking frå Universitetet i Bergen (UiB). Halvparten av universitetet sine vel 1600 stipendiatar har svara på undersøkinga, som er presentert hos På Høyden.

Runa Falck er ikkje overraska. Ho er representant for vitskapeleg tilsette i mellombels stilling i universitetsstyret, og har fleire gongar teke opp stipendiatane sin situasjon.

— Eg synest tala høyrest sannsynlege ut, seier ho.

Har ikkje kome i gang

Khrono har fleire gongar skrive om forseinka stipendiatar og ulik praksis når det gjeld å få forlenga stipendiatperioden.

Ei undersøking gjennomført av stipendiatorganissjonen i Noreg (SiN) hausten 2020, viste at 84 prosent av dei 800 som svara, rapporterte at dei var forseinka.

— Gi alle to månader ekstra, var forslaget frå Akademiet for yngre forskere.

Det same var kravet i Stipendiatoppropet i vår. Utdanningsinstitusjonane har rekna på kor mykje det vil kosta å forlenga tilsetjingsperioden for alle, og hadde håpa på pengar i revidert nasjonalbudsjett. Der kom det ingenting til stipendiatane.

Falck seier ho trur mange ikkje har kome i gang med doktorgradsarbeidet sitt, og peikar på at det mellom anna har vore vanskeleg å reisa på feltarbeid.

— Situasjonen er alvorleg, og bør følgjast opp, seier ho.

Framleis ikkje reise eller konferanse

— Urovekkande tal, seier Ingrid Lossius Falkum, leiar for Akademiet for yngre forskere.

Ho seier at dei undersøkingane som er gjennomført til no, i hovudsak handlar om situasjonen slik han var i det første korona-semesteret.

— Men så har situasjonen halde fram, og mange unge forskarar har framleis ikkje kunna reisa, verken på konferansar eller feltarbeid, seier Falkum.

— I tillegg har mange stipendiatar små barn, og har hatt dei heime på grunn av karantene og stengde skular og barnehagar, legg ho til.

— Er det nok med to månader tillegg, eller bør ein no få meir?

— Det har vore uklare kriterium knytt til kven som får forlenging og ikkje. Me meiner at det bør vera eit flatt tillegg til alle, og så bør ein kunne søkja om individuell forlenging i tillegg.

Skal sjå på tiltak

Det skal UiB gjera, lovar rektor Margareth Hagen. Til På Høyden seier ho at UiB-leiinga kjem til å følgja opp stipendiatane og sjå på tiltak.

— Me har fått etablert eit godt samarbeid med stipendiatrepresentantar i fakultetsstyra og unviersitetsstyret, i tillegg til ulike utval. Me jobbar no for å finna og etablera tiltak, seier HR-direktør Sonja Dyrkorn.

Saka er oppdatert 7.juni kl 11.59 med kommentar frå Akademiet for yngre forskere

Powered by Labrador CMS