Språk
No skal dei forska på fagspråk for 80 millionar
Domenetap for norsk fagspråk er ei av dei største utfordringane i vår tid, sa dekan Camilla Brautaset då ho opna Senter for norsk fagspråk.
Direktørar, representantar for fleire rektorat, noverande og tidlegare språkforskarar. Alle hadde dei møtt fram då Universitetet i Bergen (UiB) formelt opna Senter for norsk fagspråk fredag 24. oktober. Då hadde forskarane allereie vore samla til seminar i to dagar.
— Då eg ønska velkommen til seminaret, kjende eg på klumpen i halsen. Dette er eit område der det ikkje har vore løyvd pengar til ei skikkeleg satsing før. Men no får me åtte år til å jobba djupare, seier Marita Kristiansen til Khrono.
Ho er førsteamanuensis og senterleiar.
Senter for norsk fagspråk er eitt av to språksenter som i vinter fekk totalt 120 millionar kroner frå Noregs Forskingsråd. 80 av millionane skal brukast i Bergen, medan Senter for norsk fagspråk i bruk skal ha hovudsete ved Universitetet i Oslo og ha opningsarrangement tidleg i desember.
Handlar ikkje berre om engelsk
Det var dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) som la fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i 2023. Det skjedde etter at dåverande statssekretær, seinare statsråd, Oddmund Hoel, varsla ein slik plan.
— Me vil ha ein konkret, handlingsretta plan, og vil ha med alle gode krefter, sa Hoel på eit frukostmøte i januar 2023.
Og no har ein samla seg. Senteret i Bergen skal jobba med seks arbeidspakkar, som inneheld både norsk som andrespråk, namnegransking, språkvitskap og terminologi — for å nemna noko. Med på laget er fleire andre universitet og høgskular, men også Meteorologisk institutt og Helse Bergen IKT.
— Ein har hatt eit fokus på engelsk. Det er viktig. Men det andre ein treng meir kunnskap om, er dei mange innbyggjarane i Noreg som ikkje har norsk som førstekompetanse. Korleis kan ein sikra at dei får eit godt, norsk fagspråk, spør Kristiansen.
Konkrete saker
— Språk er kultur, demorakti og politikk, sa Camilla Brautaset, dekan ved Det humanistiske fakultetet, i si helsing.
Ho sa at språket er eit premiss for at samfunnet skal kunne fungera.
— Domenetapet for norsk fagspråk er ei av dei største utfordringane i vår tid, sa Brautaset.
Ho viste til den gongen det å læra engelsk var noko det Brautaset omtala som Fjernsynet tok på seg. Det var engelskopplæring på NRK, i beste sendetid på fredagskvelden — før Detektimen.
— Og denne engelskopplæringa er altså òg årsak til domenetapet me no ser, sa Brautaset.
Dei siste åra har norsk fagspråk vore mykje debattert, mellom anna gjennom eit omstridd språkkrav for stipendiatar. Og sjølv om det nye språksenteret skal nyggja ein høgare himmel og skal utvikla ein ny, empirisk kunnskap om rolla fagspråk har i samfunnet og styrka norsk som eit samfunnsberande språk, er norsk fagspråk også noko som vert drøfta heilt konkret.
— Seinast i utdanningsutvalet. Skal ein kalla faget datavitskap eller data science, sa prorektor ved UiB, Sigrunn Eliassen.
— Norsk skal kunne brukast på alle samfunnsområde, sa ho.
— Ikkje kvardagskost
Telemarksforsking hadde tilrådd at eit senter for fagspråk skulle koma til nettopp UiB, og det kom reaksjonar på at senteret vart delt i to. Men Forskingsrådet trur at dei to fagmiljøa ved UiB og UiO kjem til å gjera kvarandre rikare, sa områdedirektør Benedicte Løseth i si helsing.
— Sjølv om Forskingsrådet deler ut mykje pengar, er ikkje dette kvardagskost for oss. Denne typen satsing er spesiell, sa ho.
