Evakuerer Høgteknologi­senteret i Bergen

Ragnhild Bjørge
universitetet i bergen

I Bergen har naudetatane rykkt ut til Høgteknologisenteret etter at det er kome meldingar om gassalarm. Det melder både BT og BA.

Ifylgje operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad i politiet evakuerer dei bygget og brannvesenet undersøkjer området.

Vaktkommandør Trond Landaas i brannvesenet seier til BA at dei vart varsla etter at nokon kjende gasslukt i bygget.

Powered by Labrador CMS