Får 7,5 millionar kroner til å løfte musikkterapi

Joar Hystad
notis universitetet i bergen

Agenda Vestlandet – Stiftinga frå Sparebanken Norge har gitt Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi ved Universitetet i Bergen (UiB) 7,5 millionar kroner til etablering av faglege knutepunkt for utvikling av musikkterapifeltet.

Det skriv professor i musikkterapi ved UiB, Brynjulf Stige, i ein e-post til Khrono.

Polyfon koordinerast av Griegakademiet ved Universitetet i Bergen og bygger på et bredt tverrfagleg samarbeid om musikk, helse og samfunn, som involverer alle universitetet sine sju fakultet.

Stige, som også er laiar for Polyfon kunnskapsklynge for musikkterap, presiserer at midlane skal gå til ei nasjonal opptrapping av musikkterapi i både Bergen, Kristiansand og Oslo.

— Tildelinga gir et enormt løft til arbeidet med å implementere musikkterapi som behandling og musikk som førebyggande og helsefremjande tiltak. Prosjektet vil styrke fagleg kapasitet og bygge nye samarbeidsrelasjonar mellom miljø i Bergen, Oslo og Kristiansand, melder professor Stige.

Musikk kan ikkje berre brukast til konsertføremål, men også til terapi og helsefremjande tiltak. Dette biletet er frå studiestartseremoni ved Universitetetet i Oslo. Musikk. Det som spelar er Universitetets symfoniorkester.
Powered by Labrador CMS