Høgskulen i Volda vann pris

Joar Hystad
usa notis høgskulen i volda

Høgskulen i Volda (HVO) gjekk heilt til topps då Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) delte ut prisen for årets Erasmus+-institusjon 2025, skriver HVO i ei pressemelding.

I konkurranse med alle landets universitet og høgskular vart HVO løfta fram som det fremste førebiletet i Noreg på internasjonalisering.

I grunngjevinga rosar HK-dir høgskulen for ein systematisk og langsiktig innsats, særleg for å sende studentar ut i verda, til land både i og utanfor Europa, og for å gi eit godt og inkluderande tilbod til innreisande studentar.

Satsinga på tett oppfølging, mellom anna gjennom det internasjonale samlingspunktet Pangaia, blir framheva som ein nøkkelfaktor bak suksessen.

Studiedirektør Jan Terje Eidset tok imot prisen på vegner av HVO, saman med medarbeidarar frå Internasjonalt kontor. Han peika på at utmerkinga er resultat av arbeid over fleire tiår.

— Vi er stolte og glade for å få denne prisen, seier Eidset.

Høgskulen har årleg rundt 200 innreisande studentar og sender ei lang rekkje studentar ut i verda gjennom Erasmus+.

Kari Sømme (f.v.), Jan Terje Eidset og Iulia Beleuta tok imot prisen på vegner av Høgskulen i Volda.
Powered by Labrador CMS