To drepne i skyteepisode på universitetet i USA

Njord V. Svendsen
kortnytt skyting usa

To personar mista livet og ein blei skadd i ein skyteepisode ved South Carolina State University i USA torsdag kveld.

Hendinga skal ha funne stad i ein eit bygg med studentbustader på ein av campusane til universitetet, ifølgje ABC News. Ingen detaljar er kjende om eventuelle mistenkte for ugjerninga.

Det har også tidlegare vore skyting på den same universitetscampusen. I Oktober 2025 mista ein person livet og ein annan vart skadd i ein skyteepisode.

Der er om lag 2800 studentar ved universitetet.

Powered by Labrador CMS