Høgskulen på Vestlandet spikra ny avtale

Joar Hystad
notis høgskulen på vestlandet

Onsdag 26. november vart den nye samarbeidsavtalen mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Forsvarets høgskole/Sjøkrigsskolen underteikna ved HVL campus Bergen.

HVL har samarbeidd godt med Sjøkrigsskolen i fleire år, men no vert samarbeidet styrka og formalisert i ein eigen avtale, skriv HVL i ei pressemelding.

— Med ein ny tryggleikspolitisk situasjon peiker fleire på eit auka behov for at sivile og militære kunnskapsmiljø søkjer saman. Det gjer vi no, og eg ser fram til framhaldet. Tryggleik og beredskap er grunnleggjande for oss, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

Sjøkrigsskolen er lokalisert på Laksevåg i Bergen, og er ein av Forsvaret sine tre krigsskular. Institusjonen driv i hovudsak med leiarutdanning til Forsvaret, og ilbyr tre- og fireårig høgskulestudium som gjev profesjonsutdanning som offiser eller befal i Forsvaret.

I avtalen mellom HVL og Sjøkrigsskolen står det mellom anna følgande:

«Når tilhøva ligg til rette for det, kan partane samarbeida om utdanning gjennom t.d. bachelor- og/eller masteroppgåver eller infrastruktur/lab. Det er ingen økonomiske forpliktingar knytt til den denne overordna avtalen. Partane har ein felles ambisjon om å leggje til rette for tilsetjingar i kombinerte stillingar for å bidra til forsking, innovasjon og utdanning.»

Dekan Jens Kristian Fosse ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap i HVL, kommandør og sjef på Sjøkrigsskolen Martha-Gurine L. Hess, og HVL-rektor Gunnar Yttri underteikna den nye samarbeidsavtalen
Powered by Labrador CMS