Sundli Tveit attvald som Science Europe-president

Joar Hystad
mari sundli tveit notis

Administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit, er attvald som president i Science Europe.

Det skriv Forskingsrådet på si heimeside.

Sundli Tveit har hatt vervet sidan 2023. Science Europe samlar 41 europeiske forskningsfinansiører og forskingsutførande organisasjonar.

Attvalet av Sundli Tveit som president fann stad på Science Europe si generalforsamling i Oslo denne veka, der leiarar frå forskingsorganisasjonar over heile Europa har vore samla for å diskutere internasjonal forskingspolitikk.

— Det er ei stor ære å bli attvald til dette viktige vervet, og eg ser veldig fram til å fortsette arbeidet vi er i gang med i Science Europe, uttalar Sundli Tveit.

— Science Europe skal vere ei plattform for samarbeid og kunnskapsdeling, og bidra til at forsking held fram med å vere eit globalt fellesgode. Saman kan vi sikre at vitskapen held fram med å vere ei drivkraft for innovasjon og ei kraft for det gode, held ho fram.

Mari Sundli Tveit held fram som president i Science Europe.
Powered by Labrador CMS