Høgskulen i Volda

Vil tilby meir løn i staden for å betala pendling

Styret ved Høgskulen i Volda vert bedne om å gi høgskuledirektøren 85.000 kroner meir i løn, i staden for å betala heimreiser for han. Sjå styremøtet direkte her.

Bildet viser to bygg ved høgskulen i volda
Styret ved Høgskulen i Volda har møta sine i Sivert Aarflot-huset (til venstre). 12. mars skal dei mellom anna handsama sak om ekstra løn til høgskuledirektøren.

Jan Olav Bårøy, som er fersk høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda, har fått ein pendlaravtale inn i arbeidskontrakten sin: Høgskulen skal dekka fire reiser tur/retur Førde i månaden.

Men som Khrono har skrive før, er det ikkje er lov å inngå slike individuelle avtalar, som leiarar ved fleire universitet og høgskular har eller har hatt. Kunnskapsdepartementet slo nyleg dette fast i eit brev til NTNU: Departementet «vil understreke at det er styret ved institusjonene som har ansvar for institusjonenes samlede virksomhet, herunder at universitetets praksis er i tråd med gjeldende føringer og regelverk.»

Løysinga ved NTNU kan verta å gi Bjørn Haugstad, som pendlar mellom Oslo og Trondheim, høgare løn. Det same kan verta løysinga i Volda. Det kjem fram i saksframstillinga til høgskulestyret sitt møte 12. mars. 

Du ser møtet direkte her frå klokka 10.15:

Kan ikkje inngå avtale åleine

I saksframstillinga Volda-styret har fått, og som Khrono har fått innsyn i, vert det vist til både NTNU og Universitetet i Agder (UiA). UiA har, som Khrono har skrive, endra praksis.

— Vurderinga er at ein bør vurdera å gjera om pendlarutgiftene til løn, basert på usikkerheita knytt til om kor vidt me har lov til å inngå slike avtalar eller ikkje, skriv rektor og styreleiar Odd Helge Mjellem Tonheim.

Han skriv også at dette i praksis vil forenkla arbeidsflyten, ved at ein ikkje treng å godkjenna ei ekstra reise kvar veke.

Khrono har rekna seg fram til at Bårøy sine reiser ville kosta høgskulen mellom 72.000 og 96.000 kroner i året, avhengig av reiseveg. Den summen som vert stipulert i styrepapira ligg midt på — knappe 85.000 kroner for 47 veker.

Bårøy har sagt seg villig til å seia frå seg avtalen om dekking av pendlarutgifter mot å få dei dekka som løn. Men rektor og styreleiar Tonheim vurderer at det ikkje er noko han kan seia ja til utan å ha eit vedtak i styret. Difor er styret bede om å seia ja til endringa.

Sjukepleiesak på nytt

Styremøtet torsdag er det første der Bårøy er direktør. Styret skal på dette møtet mellom anna drøfta vidare plan for ei eventuell sjukepleieutdanning ved høgskulen, dei skal handsama diverse årsrapportar og dei skal sjå på den langsiktige investeringsplanen.

Dette er heile sakslista:

  • 12/26 — Godkjenning av innkalling og sakliste
  • 13/26 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret 29.1.2026
  • 14/26 — Orientering frå rektor
  • 15/26 — Årsregnskap 2025
  • 16/26 — Langsiktig investeringsplan HVO 2026—2030
  • 17/26 — Årsrapport HVO 2025
  • 18/26 — HMS-årsrapport 2025, HMS-handlingsplan 2026 og AMU-årsrapport 2025
  • 19/26 — Studiekvalitetsrapport for Høgskulen i Volda 2024—2025
  • 20/26 — Årsrapport frå studentombodet 2025
  • 21/26 — Utkast til utviklingsavtale 2027—2030
  • 22/26 — Strategi 2026—2036
  • 23/26 — Sjukepleie ved Høgskulen i Volda — framtidsutsikter
  • 24/26 — Vurdering arbeidsavtale direktør — pendlarutgifter
  • 25/26 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
  • 26/26 — Ymse
Powered by Labrador CMS