Skal drøfta høgare løn med direktøren

Hilde Kristin Strand
pendling kortnytt høgskulen i volda

Som Khrono har skrive har høgskuledirektør Jan Olav Bårøy ved Høgskulen i Volda sagt ja til å ikkje få dekka heimreise gjennom ein pendlaravtale, men i staden få høgare løn. Høgskulestyret vedtok 12. mars å gi rektor fullmakt til å forhandla fram ein justert arbeidsavtale.

Bårøy pedlar frå Førde, og hadde krav på å få dekka ei heimreise i veka. Prisen for eit arbeidsår er rekna ut til å vera omlag 85.000 kroner, kom det fram i saka høgskulestyret handsama bak lukka dører.

Jan Olav Bårøy bur i Volda i vekene og i Førde med familien i helgene.
Powered by Labrador CMS