Ny direktør på høgskulen i vest

Høgskulen på Vestlandet tilsett Helge Skugstad som direktør nummer to.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tage Båtsvik er allereie tilsett som organisasjonsdirektør ved HVL. No får han ein direktørkollega i Helge Skugstad, skriv På Høyden

Stillinga var opprinneleg utlyst berre internt, men då fann dei berre éin kvalifisert søkar

Skugstad er 52 år gamal, og har frå 2013 til 2017 jobba som rådmann i Austevoll kommune. Bakgrunnen hans er frå samfunnsvitskap: Skugstad har sosiologi hovudfag frå Universitetet i Bergen. 

Tidlegare har han jobba ved mellom anna Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU), og EU-kommisjonen i Brussel. 

 
 
Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS