Debatt ● Klaus Mohn

Nytt styre bør rekruttere ny rektor

Noko av det første eit nytt styre burde gjere er å tilsette den rektoren dei i ettertid skal samarbeide med.

I læra om verksemdstyring kjem det tidleg for ein dag at tilsetting av dagleg leiar er blant dei aller viktigaste oppgåvene for eit styre, skriv Klaus Mohn . Her tar han over rektorkjede frå tidlegare rektor Marit Boyesen ved UiS. Foto: UiS
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Mitt andre åremål som rektor ved Universitetet i Stavanger går ut sommaren 2027. Då er det tid for nye kostar. Ikkje berre i universitetsleiinga, men og i universitetsstyret. Det som skjer på same tida er nemleg at styret blir fornya. Fem representantar for tilsette blir valte våren 2027, og trer inn i verva sine frå 1. august same året. Det same gjeld to styrerepresentantar valt blant studentane, samt at fire eksterne representantar blir  oppnemnt av Kunnskapsdepartementet. Dermed er det eit heilt nytt styre som tek arbeidet fatt frå studiestart hausten 2027.

I læra om verksemdstyring kjem det tidleg for ein dag at tilsetting av dagleg leiar er blant dei aller viktigaste oppgåvene for eit styre. Dette burde bety at eit nytt styre som noko av det første dei gjorde fekk sjansen til å tilsette den rektoren dei i ettertid skulle samarbeide med. Rekruttering av rektor burde stå øvst på agendaen for nye styre ved norske universitet og høgskular. Men her er det snarare tvert om. For i den norske UH-sektoren vil eit nytt styre i regelen «arve» ein rektor som er tilsett av det førre styret. I staden for å være det første eit nytt styre gyv laus på, er rekruttering av ny rektor noko av det siste dei gjer før dei overlét ein ny rektor og sine eigne styreplassar til dei neste irekka.

Ein kunne kanskje tenke at med høg kompetanse, opne prosessar og utstrekt tillit, så er ikkje dette eit problem. Under slike omstende vil eit nytt styre la seg overtyde om at rektoren som akkurat er tilsett er den beste kandidaten. Slik går det jo føre seg i næringslivet. Men verda er neppe så enkel, og spesielt ikkje i uavhengige kunnskapsorganisasjonar med ein djup demokratisk tradisjon. Ved universitet og høgskular er og dei eigaroppnemnte representantane i mindretal (fire mot sju). Difor blir det spesielt viktig at rektorar som er tilsette har best mogleg legitimitet også blant representantane som er valt blant studentar og tilsette. Risikoen er at denne legitimiteten kan slå sprekker når eit styre ikkje ber ansvaret for tilsettinga av rektoren dei er sett til å leie.

Tilfellet er ikkje eineståande for Universitetet i Stavanger. Situasjonen er utgangspunktet den same ved alle universitet og høgskular som har tilsett rektor. Med valt rektor er ikkje problemstillinga den same. For då har rektor sikra legitimitet blant tilsette gjennom valet i forkant av åremålet som rektor. Så lenge det store fleirtalet av institusjonar hadde valt rektor, så var dette dermed heller ikkje ei særmerka utfordring på sektornivå i Noreg. Men slik er det ikkje lenger. For med gode grunnar har eit fleirtal av norske universitet og høgskular innført ordninga med tilsett rektor. Tilsett rektor og ekstern styreleiar er jamvel den føretrekte ordninga (normalmodellen) frå Kunnskapsdepartementet si side. Difor er det på høg tid å ta konsekvensane også når det gjeld styret sitt ansvar for rekrutteringa av rektor.

Om styret blei bytta ut eitt år før åremålet går ut for rektor, så kunne det nye styret stå i spissen for rekrutteringa

Klaus Mohn, rektor UiS

Det som skal til er ei enkel justering i åremål eller styreperiode. Om styret blei bytta ut eitt år før åremålet går ut for rektor, så kunne det nye styret stå i spissen for rekrutteringa. Deretter kunne dei samarbeide med ny rektor gjennom tre år, før eit nytt styre igjen fekk som første oppgåve å vurdere kandidatar til rektorstillinga i forkant av nytt åremål.

Til innføringa av ei slik ordning vil ein trenge ei overgangsordning. Her har ein to alternativ. Ei løysing er å velje og oppnemne eit styre for ein treårsperiode (som eit eingongstilfelle), slik at det neste skiftet skjer eitt år før rektor sitt åremål er ute. Alternativt kan ein utvide åremålet for rektor (og rektorat) med eitt år (som eiteingongstilfelle), slik at avtroppande rektor blir sittande medan det nye styret gjer unna rekrutteringa av ny rektor, og at ny rektor deretter rekrutterer nye prorektorar.

Målet må være at ordningane rundt val og oppnemning til styra ved universitet og høgskular legg til rette for eit best mogleg samarbeid mellom styre og rektor. I møte med enorme utfordringar innanlands og utanlands treng norske universitet og høgskular eit leiarskap prega av legitimitet, tillit og gjensidig forståing.

Difor bør regjeringa be Kunnskapsdepartementet om ei justering, slik at ny rektor i regelen blir rekruttert av eit nytt styre. Dette gir det beste utgangspunktet for ein god balanse mellom støtte og utfordring frå styret si side. Resultatet er eit betre grunnlag for vellykka leiarskap, til beste for styret, for rektor, for resten av organisasjonen – og ikkje minst for samfunnet rundt universiteta.

Powered by Labrador CMS