Minneord
Olaf Almenningen
(1947—2025)
Professor Olaf Almenningen døydde brått den 11. juni, 78 år gammal.
Olaf Almenningen var redaktør i prosjektet Norsk Ordbok frå 1987 og professor i nordisk språkvitskap ved UiO frå 2008, begge delar fram til pensjoneringa i 2016. Han var cand.philol. med nordisk hovudfag ved UiO (1982) etter føregåande studium ved UiB, der han hadde eksamenar i engelsk og nordisk mellomfag og historie og samfunnskunnskap grunnfag. Yrkeskarrieren hans var todelt: Før han kom til UiO, var han sekretær og dagleg leiar i Noregs Mållag frå 1976 til 1987. Han kom frå Voss og stilte seg heile livet sitt i første line i arbeidet og striden for nynorsk språk og norsk målreising, som aktivist, språkpolitikar, leksikograf og forskar i nynorsk språk, norsk språkhistorie og den nynorske målrørslesoga, og som lærar og lærebokforfattar i nynorsk språk.
Det var som leksikograf Almenningen gjorde sin største vitskaplege innsats. Papirutgåva av Norsk Ordbok vart fullført i tolv band i 2016, og Almenningen var med i redaksjonen frå og med band 4, da bokstaven g var under arbeid, og ut heile verket; det siste ordet han redigerte var yring ‘duskregn, yr’. Av dei ca. femti personane som har arbeidd med å redigere artiklar for ordboka, var Almenningen den tredje mest produktive, med ca. 1300 ordboksspalter på namnet sitt — kvart band er på om lag 1600 spalter. Den største artikkelen han redigerte, handla om verbet gå, som fyller 45 spalter, altså 22,5 ordbokssider. Dette ordet har 11 hovudtydingar og inngår i nesten 100 faste uttrykk, som er strukturert på ein førebiletleg måte, så oversiktleg som mogleg med eit så omfattande materiale.
Når ein arbeider i eit ordboksverk basert på alfabetbolkar, må ein sette seg inn i alle slags emne og fagområde, men ein kan òg velje seg bolkar som knyter seg til særlege felt som ein er spesielt kompetent på, og Almenningen fekk boltre seg på sine særområde i bolkane på mål- og ski-, til dømes. Han var ikkje minst viktig i arbeidet med å få materiale frå dialektane best mogleg representert i verket, i samsvar med undertittelen «Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet». Som vossing var det ikkje minst frå Hordaland han kunne bidra med materiale.
Som dialektolog var det primært to aspekt som opptok Almenningen. Det eine var ordtilfang i dialektane og leksikografisk behandling av det både i Norsk Ordbok-arkivet og sjølve ordboka, og i lokale ordsamlingar. Det andre var tilhøvet til nynorsken, og dei normeringsproblema målførevariasjonen kunne føre med seg.
Almenningen var òg språkhistorikar, først og fremst fokusert på den ytre språkhistoria, historia om språksamfunnet. Han var med på læreboka Språk og samfunn gjennom tusen år, som kom ut i 1981 og deretter vart trykt i stadig oppdaterte utgåver inntil den sjette kom i 2002. Her dekte han det meste av 1900-talet, frå 1905 til 1965. I tillegg har han gitt ut ei rekke verk om målrørsla si historie. Mest tungtvegande var hovudoppgåva hans om oppstartsfasen til Noregs Mållag: Målstrev og målvokster 1905—1913. Den vart trykt i 1984 og gir ei brei drøfting av dei språkpolitiske arbeids- og stridsområda Noreg stod overfor dei første åra som sjølvstendig stat. Oppfølginga var da utgitt tre år før, jubileumsboka Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906—1981 — der han trekte linene fram til 1945 og samtidig var redaktør for ei rekke andre bidrag av andre forfattarar.
Organisasjonshistorie vart eit viktig spesialområde for Almenningen også seinare. Han var redaktør og medforfattar på lagshistoriene Og byen er vår bror. Bondeungdomslaget i Oslo 1899—1989 og Hundre års idrettsliv. Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo 1913-2013, og medforfattar på Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900—2000 (2002). Dette var krevjande arbeid òg fordi han var ein aktiv og engasjert deltakar i desse organisasjonane, men han dekte ikkje over motsetningar i rørsla og gav ei balansert framstilling av dei — utan dermed å la indre strid dominere framstillinga.
I tillegg til alt dette gav Almenningen ut to innføringsbøker i nynorsk, ei av dei saman med Aud Søyland, og han laga ein mykje brukt minigrammatikk i form av ein faldar med tittelen Nøkkel til nynorsk, som vart gitt ut av bladet Dag og Tid i 1999. Han sette om ca. førti lærebøker i ymse fag til nynorsk (parallellutgåver), og han hadde ein stor populærvitskapleg produksjon i form av språkspalter og utgreiingar om norske ord i andre format. Han gav òg ut ei samling Norske ordtak (1999). I tillegg hadde han undervisninga i praktisk nynorsk på instituttet i mange år.
For oss i den kollegiale fellesskapen i Norsk Ordbok er det litt kunstig å bruke etternamnet hans. Olaf var både fagfelage og venn, imøtekomande og godlynt. Det var lett å be om hjelp og synspunkt hos han. Ikkje minst for dei yngre kollegaene, som Norsk Ordbok hadde gledeleg mange av ein periode, var dette med på å skape ei fagleg og sosial samkjensle i redaksjonen. Æra for dette er det mange som har del i, men Olaf hadde sin gode part i det.
Lars S. Vikør, emeritus og tidlegare kollega