Debatt ● Åsmund Bjørnstad

Open tilgang — også til forskingsformidling?

Open tilgang til forsking har vorte drøfta lenge og er no meir av ein realitet. Kvifor gjeld ikkje dette for formidlinga også, spør kronikkforfattaren.

Kronikkforfattaren fryktar at norskspråklege formidlingsbidrag på kort sikt forblir utan open tilgang og på lengre forsvinn ut av klikkhald.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Open tilgang til publiserte forskingsartiklar er blitt grundig drøfta, ikkje minst i Khrono. Offentleg finansierte forskingsresultat skal vera offentleg tilgjengelege, også etter publisering i fagfellevurderte tidsskrift typisk eigd av store utanlandske forlag.

At det ikkje er tilsvarande open tilgang til forskingsformidling retta mot den norske ålmenta, er derimot lite påakta. Kronikkar eller lesarinnlegg i dagsaviser, fagpresse eller tidsskrift ligg oftast bak betalingsmurar, bortsett frå dei få som kanalen sjølv «legg ut». Dette gjeld sjølv mange år etter. 

Ekstra interesserte kan nok finne dei via Nasjonalbiblioteket, men knapt laste dei ned. Forfattaren kan ta sjølv vare på dei eller plassere dei på ein blogg eller ei internside på institusjonen, og der kan dei vel ligge så lenge dei får klikk. Den jamne hopen finn i beste fall berre tittelen og eit lite agn. (Eg jamfører berre med vitskaplege publikasjonar. Format som intervju, podkast m.fl. reiser andre relevante spørsmål som eg ikkje tar opp her.)

Formidling blir gjerne undervurdert eller sett på som ein «lettare» sjanger. Lat meg då minne om Ottar Brox sitt krav til si formidling: At han skriv slik at han trygt kan legge ved ein søknad om mellomstilling ved eit universitet. Då tar det minste stykket tid.

Den nye UH-lova er merksam på problemet og gjer framlegg (s. 280 -81) at formidling skal med i ein nytt forskingsarkiv, kalla Database for forskingsinformasjon. Der skal primære forskingspublikasjonar vera å finne. Det blir i Cristin-systemet arbeidd med at også formidlingsbidrag kan leggast inn der — men frivillig, av forfattaren.

Framlegg: Bidrag skrivne av forfattarar med ei UH-adresse skal bli offentleggjort samtidig i Databasen for forskingsinformasjon, i form av «førtrykk». I trykt form kan det av kommersielle omsyn gå ei viss tid — i dagsaviser m.v. etter 14 dagar, i tidsskrift tre månader. Dette bør bli gjort av kanalen sjølv.

Alternativet er at norskspråklege formidlingsbidrag på kort sikt blir utan open tilgang og på lengre forsvinn ut av klikkhald — som no.

Powered by Labrador CMS