Roser «Lovund-modellen

Professor: — Reformene har ført til ei lærarutdanning laga for storbyane

Det er bra at kravet om spesialisering i lærarutdanninga blir utfordra, meiner professor i pedagogikk, Peder Haug.

Politikarane har skapt ei lærarutdanning som ikkje er tilpassa store delar av det norske terrenget, meiner professor i pedagogikk, Peder Haug. Han meiner inititativet på Helgeland er ei kjærkomen utfordring til det rådande regimet.
Politikarane har skapt ei lærarutdanning som ikkje er tilpassa store delar av det norske terrenget, meiner professor i pedagogikk, Peder Haug. Han meiner inititativet på Helgeland er ei kjærkomen utfordring til det rådande regimet.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eit veldig interessant initiativ, seier Peder Haug om arbeidet som er i gang i Nordland for å skape «verdas beste distriktsskule».

Haug er professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, og ein nestor i norsk utdanningsforsking.

Det er laksemilliardæren Aino Olaisen på den vesle øya Lovund på Helgelandskysten som har tatt initiativet til å skape ein modell for lærarutdanning retta mot dei små skulane i Utkant-Noreg.

Det er symptomatisk at det er private som står bak dette initiativet, meiner Peder Haug.

— Utdanningspolitikken dei siste åra har vore prega av reformer og tiltak som verkar sentraliserande. Det hadde vore naturleg med kompenserande tiltak for dei som lever under andre vilkår enn i byane – og at dette initiativet kom frå Kunnskapsdepartementet, seier Haug.

Han meiner uansett det er positivt og nødvendig at lærarutdanninga slik den er utforma i dag blir utfordra.

— Fagleg breidde vel så viktig

Ei styringsgruppe med tette band til lærarutdanninga på Nesna, som Nord universitet har bestemt skal leggast ned, er i full gang med å utvikle prosjektet. Målet er å utfordre det rådande regimet der fleire reformer har forma ei stadig meir spesialisert lærarutdanning.

Spesialiseringa forsterkar sentraliseringa, meiner styringsgruppa på Helgeland, blant anna fordi dei små skulane i utkantane primært har behov for allmennretta lærarar som kan undervise i mange fag, både på barne- og ungdomstrinnet.

Laksemilliardær Aino Olaisen (bildet) på øya Lovund i Nordland vil lage verdas beste distriktsskule.
Laksemilliardær Aino Olaisen (bildet) på øya Lovund i Nordland vil lage verdas beste distriktsskule.

— Spesialisering og mastergradar er vel og bra for skular med 800 elevar, men når du skal undervise 4, ja, då trengst det ein annan kompetanse, seier Aino Olaisen i ein større reportasje i Khrono frå øysamfunnet.

Peder Haug er einig.

— Det er slett ikkje sikkert at den auka spesialiseringa får den effekten som politikarane har meint. Forskinga tyder på at det å ha fagleg breidde er vel så viktig for lærarar som det å ha omfattande fagleg djupne. Fagleg kunnskap er grunnleggande og nødvendig. Men då lærarutdanninga vart utvida til fem år, hadde ein valet mellom å halde oppe fleire fag i utdanninga, eller avgrense til ei fordjuping i færre. Ein valde det siste, og med det skapte ein ei lærarutdanning som ikkje er tilpassa store delar av det norske terrenget, seier Haug.

— Sett på spissen har reformene ført til ei lærarutdanning som er laga for storbyane, seier han.

— Vil føre til auka sentralisering

I 2015 vedtok Stortinget at grunnskulelærarutdanninga skulle utvidast frå fire år til eit femårig masterprogram. Samstundes vart det såkalla kompetansekravet vedtatt innført for fullt frå 2025. For å undervise i faga norsk, samisk, norsk teiknspråk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må lærarane frå dette året ha minst 30 studiepoeng i faga for å kunne få jobb.

— Skulane må ha ein viss storleik for å kunne tilsetje slike lærarar. Det er ingen stor spådom at kompetansekravet, dersom det skal oppfyllast, vil føre til auka sentralisering, seier Haug.

Dette synet får støtte frå førsteamanuensis i yrkesfagspedagogikk ved NTNU, Eli Smeplass.

— Ein blir ikkje nødvendigvis ein god lærar fordi ein har ein master, seier ho.

Smeplass, som leier forskingsprosjektet «Lærerutdanning i endring», peikar som Haug på effekten av dei mange utdanningsreformene dei siste tiåra.

Reformer kvart sjette år

Både i 1999, 2010 og seinast i 2017 har lærarutdanninga gått gjennom statleg styrte reformer. Tendensen mot meir fagleg fordjuping og spesialisering har mellom anna bakgrunn i middelmåtig score på internasjonale testar i regi av OECD, som politikarane ønskte å gjere det betre på.

— Ein blei veldig opptatt av mellom anna finsk lærarutdanning som har hatt masterutdanning sidan 1978, og kor elevane gjorde det bra i PISA-undersøkingar. Med dette utgangspunktet har politikarane i Noreg ønskt å bestille lærarkompetanse til skulen. Men denne kompetansen lar seg vanskeleg styre. Når ein skrur til gjennom formelle krav og forventningar, kan like gjerne dei som er motiverte av å arbeide med ungar og deira læring, meir enn av fagspesifikk kunnskap, risikere å ikkje komme inn på lærarutdanningane. Men læraryrket er komplisert. Å lykkast som lærar handlar truleg like mykje om å vere god til å kommunisere og leie læringsprosessane.

Smeplass synest også målsetjingane for «Lovund-modellen», med ei meir allmenn og distriktsretta lærarutdanning, er tankevekkande.

— Det høyrest interessant ut i mine øyra, seier ho.

Dei små gjorde det best

Tidlegare rektor ved Høgskulen i Nesna, Arna Meisfjord, har ført styringsdokumentet for «verdas beste distriktsskule» i pennen. I Khrono-reportasjen seier ho at det ikkje finst forsking som kan dokumentere at store skular er fagleg sterkare enn små. Samstundes peikar ho på at nettopp dette blir brukt som argument for å legge ned små skular.

Ho får medhald frå pedagogikk-professoren i Volda.

— Det er feil å seie at stort er bra og lite dårleg – eller omvendt.

Han peikar på Sogn og Fjordane som døme, ein region dominert av små skular og utkantkommunar. Dei har i mange år markert seg blant dei beste i landet.

— Truleg handlar dette ikkje berre om skulane. Det handlar også om relasjonen til kommunane og til lærarutdanningane lokalt, seier Haug.

Powered by Labrador CMS