Dødsfall
Professor Victor Norman er død
Fredag døydde NHH-professor Victor Norman (f. 1946) etter lang tids sjukdom.
Professor og tidlegare rektor ved NHH Victor Norman er død. Norman har vore sjuk i lengre tid, og vart 78 år gamal.
Norman var utdanna samfunnsøkonom med mastergrad frå Yale og doktorgrad frå Massachusetts Institute of Technology (MIT).
Norman har undervist ved NHH sidan 1971, og vart professor same staden i 1975.
Han var også statsråd i Bondevik II-regjeringa, der han var arbeids- og administrasjonsminister.
Djupt sakna
I ei melding på nettsidene til NHH seier rektor Øystein Thøgersen at Victor Norman vil verta djupt sakna.
– Heilt sidan midten av 1970-talet har generasjonar av siviløkonomar kunna gledd seg over dei skarpe analysane og den eminente formidlingsevna hans, sa NHH-rektoren då han fekk bodskapen om dødsfallet.
Torsdag oppretta NHH ein formidlingspris til ære for Victor Norman for å heidra innsatsen hans som økonom og formidlar.
I 2020 leidde Victor Norman Demografiutvalet. Utvalet gjorde mellom anna framlegg om å påleggja universitet og høgskular å ha eit desentralisert utdanningstilbod.
– Et levende seminar fylt av kjærlighet
Victor Norman var gift med NHH-professor og byrådsleiar i Bergen, Christine Meyer (H). Laurdag skriv ho på den opne facebookprofilen sin:
«Min kjæreste, fantastiske mann og aller beste venn sovnet stille inn i går kveld fredag 20. september.»
Den engasjerte professoren har vore alvorleg kreftsjuk over tid.
«Å leve med deg var som å bo midt i et levende seminar fylt av kjærlighet.»

Nylige artikler
Aasland ble ikke «grillet» om studiestøtte. — Kanskje vi har løst det?
300 svenske akademikere mistet jobben i fjor
Forskningsrådet utsetter søknadsfrister etter IT-forsinkelse
Akademisk frihet krever akademisk ansvar
Rekordmange nyutdannede sliter med å få jobb. — Må bare stå i det
Mest leste artikler
Stipendiatens tidligere veileder krevde at avhandlingen skulle underkjennes
Store forskjeller mellom de mest og minst fornøyde studentene i sykepleie
Disse henter mest og minst fra Forskningsrådet
Konferansen avslørte KI-bruk med ny metode. Avviste 500 artikler
Forskningsetikk: Dette synes forskere er mest uakseptabelt å gjøre