Valg23

Raudt-politikar: Dette bør ikkje universiteta og høgskulane bestemme sjølv

Gudrun Kløve Juuhl meiner universitets- og høgskulestyra åleine ikkje bør ha makta over kor det skal vera mogleg å utdanna seg i Noreg. 

Gudrun Kløve Juuhl brenn for moglegheita til å drivva høgskule i distriktsnoreg.
Gudrun Kløve Juuhl brenn for moglegheita til å driva høgskule i Distrikts-Noreg.
Fakta

Valintervjuet

  • Før kommune- og fylkestingsvalet 11. september intervjuar vi folk med tilknyting til akademia om det politiske engasjementet deira og kvifor dei stiller til val.
  • I dag: Førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl ved Høgskulen i Volda.
  • Kløve Juuhl er førstekandidat for Raudt til kommunestyret i Volda.

— Kvifor valde du å engasjera deg partipolitisk?

— Eg har vore med i Raudt (og Raud Ungdom og RV) sidan eg var ungdom, og det har vel med at eg meiner det er urettferdig og gale at nokon skal vera rike og andre fattige. Då eg flytta til Volda, var det ikkje noko Raudt-lag her, så det var eg med å starta. Ved kommunestyrevalet i 2019 kom Raudt og eg inn i kommunestyret i Volda — sannsynlegvis delvis fordi me var det einaste partiet som torde å seia at me ikkje ville ha nytt kulturhus, men heller bruka pengane på bemanning i skule og barnehage og helse og omsorg.

— Kva for ein akademisk sak brenn du for?

— Eg brenn for moglegheita til å driva høgskule i Distrikts-Noreg og tilby utdanningar som regionen treng. Det at det går an å utdanna seg til lærar, barnehagelærar, sosionom og barnevernspedagog, mellom anna, i nærområdet, er avgjerande for rekruttering til slike arbeidsplassar i distriktet. Det ser me hjå oss i Møre og Romsdal, men kanskje endå tydelegare i Nord-Noreg. Difor har eg fylgt kampen til kollegaene våre i Nesna tett. Kvar det skal vera mogleg å utdanna seg i Noreg er ikkje berre eit akademisk spørsmål, det er eit politisk spørsmål som ikkje universitets- og høgskulestyra bør ha makta over åleine.

— Kva for utdanningspolitiske saker bør takast opp i lokalpolitikken?

— Det er kanskje ikkje så mange høgare utdanningspolitiske saker i kommunestyret i Volda, men mange utdanningspolitiske, som kor store klassane bør vera i grunnskulen, kor desentralisert skulestruktur ein skal ha, om ein skal bruka pengar på full bemanning heile dagen i barnehagen, altså også i plantida til pedagogane. Desse utdanningspolitiske spørsmåla er ting som vert diskutert i dei fleste kommunestyre, trur eg.

— Kva for eit parti har den beste politikken for utdanning og forsking? Kvifor?

— No var det ikkje politikken for utdanning og forsking som gjorde at eg vart med i Raudt, eller er der, men Raudt har ein god politikk for høgare utdanning: Partiet er oppteke av å ha utdanningar i Distrikts-Noreg, av å få betre studiefinansiering, og av at meir av løyvingane til UH-institusjonane skal vera ei fast basisløyving og mindre skal vera avhengig av studenttal. Det vil styrkja den akademiske fridomen. Og Raudt forsvarte retten til gratis utdanning for alle studentar, også dei utanfor EØS, sjølv om me tapte saka.

— Korleis har du nytte av den akademiske bakgrunnen din i politikken?

— Eg er van med å lesa lange tekstar, det trur eg er nyttig i kommunestyret. Og eg er van med å seia frå når eg er usamd — usemje vert jo ofte framheva som ei akademisk dygd, sjølv om eg nok har fått denne meir frå bakgrunnen min i Norsk Målungdom enn frå jobben i akademia.

— Er det ein sak du er usamd med partiet ditt om?

— Det er jo ein diskusjon, også i Raudt, om digitalisering av skulen og om det er fornuftig med nettbrett til alle elevar frå skulestart. Her er det nok mange ulike meiningar og ein litt ullent formulert politikk i arbeidsprogrammet. Eg meiner at Kommune-Noreg si digitalisering av grunnskulen har vore forhasta og lite gjennomtenkt, og at dette særleg har gått ut over nynorskelevane, som rett og slett har fått mykje mindre moglegheit til å lesa og bruka skriftspråket sitt. Her er det nok andre i partiet som vil vera meir opptekne av fordelar med digitalisering.

— Kva likar du best ved å vera politisk aktiv?

 — Eg veit ikkje om eg likar å vera politisk aktiv, men det kjennest meiningsfullt. Det er noko tilfredsstillande i å vita at sjølv om det er mykje drit i verda, som aukande forskjellar og klimakrise, så er eg med og prøver å gjera noko med det.

— Snakkar du som ein politikar eller akademikar når du møter veljarane?

— Det må du spørja veljarane om.

— Kva er forskjellen på akademikar- og politikarspråk?

— Når ein brukar språket i akademiske samanhengar, har ein ofte eit mål om å uttrykkja ting mest mogleg presist, og då vert det gjerne ein del vanskelege ord og lange setningar, som berre andre i fagfeltet forstår. Og i ein del samanhengar er det heilt ok, medan andre gonger bør ein snakka så alle forstår. Når ein snakkar som politikar, vender ein seg jo i prinsippet til heile folket samtidig, og då bør ein snakka sånn at alle har sjans til å forstå.

— Kva kan akademia læra av politikken?

— Kanskje å vera hyggelege mot kvarandre etter debatten? Eg har det fint på jobben min, men eg har jo høyrt om akademiske konfliktar som vert til fastlåste personkonfliktar ved ulike institusjonar. No synsar eg i vilden sky, men kanskje politikarar av og til har eit meir avslappa tilhøve til usemje enn akademikarar?

Powered by Labrador CMS