Debatt ● Liv Ingrid Aske Håberg

Samarbeid eller boikott av israelsk akademia

Gjennom kontakt og dialog kan vi få innsikt og visdom. Denne boikotten ikkje min boikott, og som akademikar ønsker eg at oppropet om boikott av israelsk akademia blir lagt langt bort.

Eit opprop for akademisk boikott av Israel har dei siste vekene vorte underteikna av eit hundretals norske akademikarar og administrativt tilsette. Onsdag vart rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo møtt av ein demonstrasjon for Palestina då han skulle på kontoret.
Eit opprop for akademisk boikott av Israel har dei siste vekene vorte underteikna av eit hundretals norske akademikarar og administrativt tilsette. Onsdag vart rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo møtt av ein demonstrasjon for Palestina då han skulle på kontoret.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Khrono publiserte 27. november eit opprop frå 315 tilsette i norsk akademia om boikott av Israel. Eg arbeider med undervisning og forsking i akademia og er sterkt ueinig i oppropet. Og ikkje berre det, eg meiner også at argumentasjonen er ufullstendig og tek i liten grad omsyn til å sjå ting i samanheng og ut frå fleire perspektiv.

I oppropet blir det oppmoda til at ein frå norsk side gjennomfører ein omfattande boikott av alt institusjonelt samarbeid med israelske universitet og høgskular, formelle forskingssamarbeid og utvekslingsavtalar. Det same gjeld konferansar og andre akademiske arrangement. Alle innkjøpsrutinar ved norske universitet og høgskular bør gjennomgåast, for å unngå alle innkjøpsavtalar med leverandørar som har forbindelsar med det israelske militæret. Det er strenge restriksjonar som bør settast i verk, ifølge oppropet. Eg saknar argumentasjon på korleis boikott kan oppnå det som er formålet med oppropet, nemleg «å støtte opp om frihet og rettferdighet for studenter og akademikere i Palestina og Israel». Kva som kan vere samanhengen mellom boikott, fridom og rettferd for israelsk akademia, er uklart.

I oppropet blir israelske akademikarar oppmoda til å «vise motstand mot Israels brutale krigshandlinger og okkupasjon av palestinere». Det står ingenting i oppropet om kva palestinsk akademia kan bidra med for å betre sin situasjon; problemet er israelsk okkupasjon og apartheid. Korleis islamisme, kvinneundertrykking og manglande ytringsfridom under dei palestinske styresetta på Gaza og Vestbredden kan påverke palestinsk akademia, er ikkje nemnde. Derimot er ein tydeleg del av oppropet via kva israelsk akademia bør ta tak i, både den enkelte akademikarar og institusjonar for høgare utdanning. Dei bør slutte å bidra til utvikling av våpen og teknologi, og fordømme «de systematiske overgrepene mot den palestinske høyere utdanningssektoren» som ifølge oppropet ingen israelske universitet til no offentleg har gått ut mot.

Oppropet framstiller israelsk akademia som ein instans som treng hjelp frå ein norsk boikott for å forstå kva som er deira beste og kva som er moralsk rett å gjere. I oppropet finn ein ikkje einaste gong eit hint om at verda kan sjå annleis ut frå Tel Aviv enn frå Trondheim, og kanskje særleg etter Hamas sitt angrep på sivilbefolkninga 7. oktober.

I kontrast til boikott av akademisk fellesskap og israelske varer bør norsk akademia, ifølge oppropet, gi palestinske akademikarar same støtte som ukrainske akademikarar fekk gjennom «Ukrainian scholars at risk». I tillegg bør kvar akademikar bidra til at institusjonen som ein jobbar ved uttrykker «et tydelig krav om en umiddelbar våpenhvile i hele Palestina». Oppmoding om våpenkvile blir satt fram utan å vise til kontekstar som gisselsituasjon, det storpolitiske spelet i Midt-Østen og truslar om å utslette Israel som nasjon. Som Irans øvste leiar Khomeini sa nokre dagar etter angrepet 7. oktober: «Vi kysser hendene til de som planla angrepet mot Israel» (Aftenposten 10.10.23).

Likevel finn eg det ikkje rett at personar i akademia, som deltakarar i eit vitskapeleg og kulturelt fellesskap innan høgare utdanning, bruker sine posisjonar til å oppmode til boikott.

Liv Ingrid Aske Håberg

Det har skjedd grufulle ting i etterkant av Hamas sin terroraksjon, og det har vore fælt å sjå den omfattande bombinga av Gaza som har ført til mange drepte. Likevel finn eg det ikkje rett at personar i akademia, som deltakarar i eit vitskapeleg og kulturelt fellesskap innan høgare utdanning, bruker sine posisjonar til å oppmode til boikott. Eg vil heller oppmode til meir kontakt, meir dialog og meir samarbeid både med israelsk og palestinsk akademia. På den måten kan vi få innsikt og visdom. For å konkludere så er denne boikotten ikkje min boikott, og som akademikar ønsker eg at oppropet om boikott av israelsk akademia blir lagt langt bort.

Powered by Labrador CMS