Debatt ● Terje Skjerdal

Selektiv akademisk aktivisme

Kvifor ropar ikkje fleire om akademisk boikott av Rwanda? Fordi pressgruppene for boikott er selektive og ikkje lukkast i å tenkja prinsipielt om universitets­samarbeid og akademisk fridom.

Eg vil våga påstanden: Kampanjen for boikott er prega av aktivisme med avgrensa interesse for akademiske grunnhaldningar, skriv kronikkforfattaren.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Me er fleire som burde ha grunn til å sitja stille i båten i desse tider. Med prosjektsamarbeid i land som Rwanda og Etiopia er eg ein av dei. Båe dei nemnde landa slit på demokratiindeksane. Dei vert skulda for ulike typar menneskerettsbrot. Og — dei har sentralstyrte universitet med klare band til staten. Med andre ord skulle det vera god grunn til å vurdera boikott etter debatten den siste tida. 

Likevel er eg sant å seia ikkje uroleg. Det er lenge sidan nokon har ropt om akademisk boikott av denne typen land. I NORPART-utlysinga til HK-dir med søknadsfrist 3. juni står det 39 land frå det globale sør på lista over moglege samarbeidspartnarar, mange med skuldingar om brot på folkeretten og med ein skår i feil ende av skalaen på ymse indeksar. Direktoratet utelukkar ikkje landa frå samarbeid av den grunn — og godt er det.

Gjennom debatten i ulike universitets- og fakultetsstyre den siste tida har ein fått skimt av kva motiv som ligg bak kravet om akademisk boikott av Israel. Eg vil våga påstanden: Kampanjen for boikott er prega av aktivisme med avgrensa interesse for akademiske grunnhaldningar.

Argumenta for boikott deler seg i hovudsak i to: anten at situasjonen på Gaza er så prekær at ein må ta i bruk alle middel for å stoppa den israelske militærmakta, eller at det står så dårleg til med demokrati og akademisk fridom i Israel at universitets- og forskingssamarbeid med landet er umogleg.

Begge argumenta er tvilsame.

Den humanitære situasjonen på Gaza er ein katastrofe, det er det ingen tvil om. Men få har kunna gje overtydande grunnar for at ein akademisk boikott på nokon som helst måte vil avhjelpa situasjonen på Gaza. Meir prinsipielt kan ein spørja seg i kva grad humanitær innsats er ei hovudoppgåve for UH-sektoren. UH-lova nemner det ikkje. 

Meir prinsipielt kan ein spørja seg i kva grad humanitær innsats er ei hovudoppgåve for UH-sektoren. UH-lova nemner det ikkje. 

Terje Skjerdal

Til det andre argumentet, at Israel utmerkjer seg med spesielt skakkøyrde system for akademisk fridom, er det å seia at det ikkje stemmer. Landet skårar 0,85 i Academic Freedom Index (skala 0 til 1), skyhøgt over alle andre land i regionen, og på nivå med vest-europeiske land. Til samanlikning har Noreg har ein skår på 0,87. 

Israelske universitet er prega av ein liberal akademisk kultur med stort rom for kritikk. At det kjem påstandar om diskriminering ved enkelte institusjonar eller at institutt i sektoren har bidrege til utvikling av våpen og teknologi, er som forventa og seier lite om den akademiske fridomen eller demokratiske verdiar generelt.

Likevel vert det halde fram at Israel er ein versting i klassen. På spørsmål frå Khrono om det ikkje står verre til i Kina, uttalar ein av tilsetterepresentantane i fakultetsstyret ved juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen at det er uklart om kinesiske universitet kan knytast til folkerettsbrot på same måten som israelske universitet. Dette kjem frå ein tilsett (rett nok stipendiat) som spesialiserer seg i internasjonal rett.

Ein kan få inntrykk av at det eigentlege problemet er Israel snarare enn mangel på demokrati og akademisk fridom.

Men om det var slik at Israel var ein akademisk versting, ville det likevel vore problematisk å straffa landet med akademisk boikott. Land og statar med utfordringar i forsking og høgre utdanning treng meir samarbeid, ikkje mindre. Det er eit paradoks om statar som treng akademisk støtte mest, er dei ein skal samarbeida minst med. Difor kan det vera grunn til å sjå på den akademiske delen av Russland-boikotten på nytt.

Det er kritisk for kunnskapsinnhentinga frå udemokratiske regime om ein skal basera seg på overflatisk forsking eller «forskar-til-forskar»-samarbeid åleine. Mange boikottforkjemparar har understreka at det er det institusjonelle samarbeidet dei vil til livs, ikkje forskar-til-forskar-samarbeidet — som om dette er ein måte å redda den akademiske fridomen på. Men individuell akademisk fridom vert puslete om ein ikkje kan søkja om økonomisk støtte, som nødvendigvis krev institusjonell backing.

Det er ein tankekross at sjølv universitetsrepresentantar som eigentleg er mot boikott av prinsipielle grunnar, røystar for å frysa institusjonsavtalar. Då har ein i røynda gjort det vanskeleg for universitetstilsette å utøva det akademiske oppdraget.

Powered by Labrador CMS