Debatt ● Ketil Zachariassen
Skal vi ha breiddeuniversitet også i framtida?
Etter å ha høyrt forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland snakke på UiT tysdag 26. august er eg sterkt i tvil.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland innleia føredraget sitt på UiT Noregs arktiske universitet denne veka med å snakke om verdien av fagleg breidde, tverrfagleg forsking og utdanning og om kvifor det er viktig å ha eit langsiktig perspektiv innan høgare utdanning.
Så gjekk ho inn på dei store utfordringane Norge og verda står i fram mot 2050. Det vere seg alt frå krig i Europa til demokrati som er truga innanfrå, til nyimperialisme, klimaendringar, energikrise og ein demografi i rask endring.
Vi forstår alle alvoret. Utfordringane vi står framom kan vi berre løyse om «våre politiske mål, prioriteringer og initiativer trekker i samme retning» for å sitere innleiinga til «Norge i Nord», regjeringa sin nyslåtte plan for Nordområdepolitikken.
Er resepten til Aasland å styrke forsking og høgare utdanning? Nei.
Statsråden sa lite i føredraget og i spørsmålsrunden etterpå som gjer håp om ei styrking av sektoren med det første. Ho vil ha fleire til å ta yrkesfag, ho vil ruste opp fagskolane i konkurranse med universiteta og ba rektor Dag Rune Olsen bestemme kva for fag ved UiT som skal leggast ned. Det er knapt til å tru at dette er bodskapet same dag som regjeringa legg fram sin plan for Nordområdepolitikken.
Sjølvsagt er det bra at «Polhavet 2025» fekk midlar, at det er midlar til styrking av fleksible og desentraliserte studiar og av sivilsamfunnet.
Men det nyttar ikkje å snakke om verdien av tverrfagleg utdanning, av fagleg breidde og behovet for å tenkje langsiktig om ein ikkje har eit økonomisk fundament til å halde på breidda.
Vi veit at det i framtida blir færre og ikkje fleire unge som skal ta utdanning i Norge. At dei økonomiske løyvingane til sektoren blir mindre dei komande åra er alle vel kjent med. Universitet og høgskolar landet rundt er i ferd med å tilpasse seg den nye kvardagen. Det er krevjande, men naudsynt.
Å bygge opp fagskolane til å kunne gje høgare utdanning vil få konsekvensar for talet på studentar ved universiteta. Om enda fleire utdanningsinstitusjonar skal dele på dei same studentane, og dei same resultatmidlane, blir det naudsynt færre studentar og mindre resultatmidlar på kvar.
Færre studentar vil vere særskilt kritisk for dei små faga, dei som i dag utgjer «breidda».
Arbeidsdeling mellom universiteta ville kunne bøte noko på dette, men har vist seg svært vanskeleg da dei største institusjonane har lite å tene på det. Det er så enkelt som at kvar institusjon er best tent med å sikre seg at flest mogleg studiepoeng blir avlagt ved eige institusjon.
Resultatet er at studievala til unge vaksne, det vil seie kva og kor dei vil studere, er i ferd med å avgjere korleis det nasjonale universitetslandskapet vil sjå ut i framtida.
Ein ting er sikkert: Ei slik utvikling vil ikkje løyse utfordringane Norge står i fram mot 2050.
Det eg hadde venta meg da eg gjekk for å høyre Sigrun Aasland snakke om framtida var ein offensiv minister som hadde kraft og mot til å ta opp dei grunnleggjande problema i sektoren.
For det første ein plan for samhandling og arbeidsdeling institusjonane i mellom og for det andre ein ny økonomimodell for studiepoengproduksjon som tar utgangspunkt i kompetansen det norske samfunnet har behov for.
Eg vil slutte med ein parafrase inspirert av «Norge i Nord»: Universitetspolitikk er nasjonal politikk. Her møtast utanriks-, tryggings- og innanrikspolitikk. I møte med dagens utfordringsbilete og geopolitiske situasjon, er det avgjerande at våre politiske mål, prioriteringar og initiativ trekk i same retning.