Debatt ● Olaug Husabø

Skandaløs lov må endrast — same regel må gjelda for alle studentar som fuskar

Institusjonane har ikkje lov til å stenga ute eigne stipendiatar for fusk. Sidan lova skal vera lik for alle, må regelen endrast. Anten må sanksjonen utestenging ved fusk opphevast for alle eller det må gjelda for alle.

I den nye UH-loven føreslår departementet ikkje berre at unntaket for stipendiatar skal vidareførast, det skal utvidast til å omfatta alle stipendiatar. Dette er ubegripeleg. skriv kronikkforfattaren.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Universiteta og høgskulane har ikkje lov til å stenga ute eigne stipendiatar som fuskar på eksamen eller prøve. Dette er bestemt i § 4—8 tredje ledd i lov om universiteter og høyskoler (uhl.) Alle andre studentar kan bli utestengde, og i 2023 skjedde det med 564 studentar i følgje Khrono

Dette er usakleg forskjellsbehandling og i strid med Grunnlova § 98: «Alle er like for lova. Ikkje noko menneske må utsetjast for usakleg eller mishøveleg forskjellsbehandling».

Problemstillinga er beskriven i oppslag i Khrono 4.7.2023. Der går det fram at særregelen kom i 2009, med denne grunngivinga: «I de tilfellene ph.d.-kandidaten er ansatt ved institusjonen vil en eventuell utestenging etter § 4—8 tredje ledd skape uklarheter i forhold til hvilken betydning dette skal ha for ansettelsesforholdet til institusjonene» (ot.prp. nr. 71 (2008-2009), side 24). 

Ei underleg grunngiving — det er som å seia at sjølv om det er ulovleg å stela, er det ikkje ulovleg å stela frå arbeidsgivar, for det blir så innvikla å finna ut kva det vil bety for tilsetjingsforholdet.

Det er som å seia at sjølv om det er ulovleg å stela, er det ikkje ulovleg å stela frå arbeidsgivar, for det blir så innvikla å finna ut kva det vil bety for tilsetjingsforholdet.

Olaug Husabø

No er det ei ny universitets- og høgskulelov på trappene (prop. 126 L). Der føreslår departementet ikkje berre at unntaket for stipendiatar skal vidareførast, det skal utvidast til å omfatta alle stipendiatar. 

Dette er ubegripeleg. Korleis kan det at ein får lønn for å ta ei utdanning vera ein god grunn til å gjera unntak? 

Ein burde tvert imot bli strengare straffa. Eller som Andrew Jenkins skreiv i ein kommentar til Khrono-innlegget: «Det kan egentlig argumenteres for strengere reaksjoner — jo nærmere en student kommer mot en forskningskarriere, jo større burde redelighetskrav være».

Bakgrunnen for særregelen kan ha med stipendiatar si rolle ved institusjonane å gjera. Når ein student på master- og bachelornivå vert stengd ute, går det stort sett «berre» ut over han/henne. Mange stipendiatar har eit ph.d.-prosjekt som er nært knytt til andre prosjekt i forskingsgruppa. Ei utestenging kan difor komma til å gå ut over andre. Mange stipendiatar er dessutan tilsett for fire år og skal til dømes undervisa og sensurera. Dersom ein stipendiat vert utestengd, kan det føra til at han/ho ikkje kan utføra desse oppgåvene. Dette er sjølvsagt uheldig for institusjonen, men dersom lovgivar meiner at ein ikkje kan vedta utestenging på grunn av det, må det komma ein sanksjon som svarar til eitt år utestenging og som berre rammar stipendiaten.

Bakgrunnen for særregelen kan også vera at sidan stipendiatar er forskarar, skal dei behandlast som forskarar også når dei fuskar på eksamen eller prøve. Problemet her er at det ikkje er reglar om sanksjonar ved brot på forskingsetiske retningslinjer. Forskingsetikklova regulerer behandlinga av saker der det er spørsmål om nokon har brote retningslinjene, men seier ikkje noko om sanksjonar. Dei nasjonale forskingsetiske retningslinjene seier heller ikkje noko om sanksjonar utanom at ein publikasjon må korrigerast, merkast eller trekkjast tilbake dersom den viser seg å avvika frå god vitskapleg praksis.

Per i dag er det ingen tenleg regel om sanksjon for stipendiatar som fuskar på eksamen eller prøve der han/ho arbeider. I lova er det rett nok opna for at ein kan vedta tvungen avslutning av utdanninga dersom ein doktorgradsstudent har vore vitskapleg uheiderleg, men det ser ut som institusjonane i praksis nøler med å bruka denne sanksjonen mot fusk på eksamen eller prøve i opplæringsdelen. Grunnen kan vera at tvungen avslutning er meir alvorleg enn utestenging. Er du utestengd, kan du halda fram med utdanninga etter utestengingsperioden. Ved tvungen avslutning mistar du studieplassen og dermed også stipendet. Det går elles nokså tydeleg fram av prop. 126 L om ny lov at fusk i opplæringsdelen ikkje kan vera eit sjølvstendig grunnlag for tvungen avslutning av utdanninga, det kan berre vera del av eit større sakskompleks.

Institusjonane treng tydelegare reglar om handtering av fusk. Dei må gjelda likt for alle studentar. 

Her er tre forslag til løysing:

Alternativ 1: Ta bort setninga «Slik adgang til utestenging gjelder ikke for stipendiater ansatt ved institusjonen doktorgraden avlegges ved» (§ 4—8 tredje ledd og tilsvarande regel i lovforslaget).

Alternativ 2: Etabler ein reaksjon som rammar stipendiatar like hardt som utestenging rammar andre studentar. Løysinga kan vera enten at stipendiatar som har fuska på eksamen eller prøve må venta med å levera avhandlinga til det har gått eitt år frå finansieringa gjekk ut eller at sensur på doktoravhandlinga ikkje vert gjennomført før eitt år etter levering. Med ein slik regel vil ikkje reaksjonen gå ut over andre i forskingsgruppa.

Alternativ 3: Opphev regelen om utestenging på grunn av fusk for alle studentar. I staden kan det innførast andre måtar å handtera fusk på, t.d. gjennom obligatorisk kurs med tema som belyser kva som er fusk, kurs i kjeldebruk m.v.

Powered by Labrador CMS