Debatt ● Olaug Husabø

Usakleg og ulik behandling av stipendiat og student som fuskar

Departementet føreslår å behalda, ja endåtil å utvida, ein regel som opnar for at stipendiatar får meir lemfeldig behandling enn andre studentar om dei fuskar.

For dersom handlinga er så alvorleg at det fører til eitt år utestenging frå studia for andre studentar, så må det vera alvorleg nok til at ein stipendiat kan bli utestengt like lenge, det er ingen grunn til å behandla sakene ulikt, skriv Olaug Husabø. Her frå doktorpromosjon ved Universitetet i Bergen.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eit par presiseringar: 1. Dette innlegget handlar om fusk i opplæringsdelen av ph.d.-studiet, altså den delen av graden som består av emne, kurs og andre faglege aktivitetar som dei ulike lærestadene godkjenner i opplæringsdelen, og som er på til saman 30 studiepoeng på dei fleste institusjonane, kanskje på alle. 2. Når eg skriv «ph.d.» meiner eg både ph.d. i forsking og ph.d. i kunstnarleg verksemd.

For i § 4-8 er det bestemt at reglane om utestenging på grunn av fusk ikkje skal gjelda for …stipendiater ansatt ved institusjonen doktorgraden avlegges ved.

Olaug Husabø

Ein student som fuskar kan bli utestengd for eitt eller to semester, jf. universitets- og høgskulelova (uhl.) § 4-8 tredje ledd. Som det har gått fram av fleire oppslag i media det siste året, t.d. i Khrono 5.6.2023; det er mange som har vorte utestengde. Men ein ting er sikkert: ingen av dei er stipendiatar som har fuska på eigen lærestad. For i § 4-8 er det bestemt at reglane om utestenging på grunn av fusk ikkje skal gjelda for …stipendiater ansatt ved institusjonen doktorgraden avlegges ved.

Dette er usakleg forskjellsbehandling.

Det er usakleg forskjellsbehandling og det er ein urimeleg og usakleg regel.

I prop. 126 L (2022-2013) om ny uhl. er det føreslått at regelen skal bli ståande og utvidast: Doktorgradskandidater som er ansatt ved et universitet eller en høyskole, er unntatt fra reglene om bortvisning eller utestengning i kapittel 12, … (lovforslag § 13-1 andre ledd, prop. side 383). Stipendiatar får med andre ord fripass frå reglane om utestenging på grunn av fusk på emne utanom avhandlinga.

Men det kan jo tenkjast at andre sanksjonar kan vera aktuelle å bruka i slike tilfelle, for eksempel tvungen avslutning av ph.d.-utdanninga (uhl. § 4-13 første og andre ledd). Det er føreslått at reglane om tvungen avslutning skal vidareførast (lovforslag § 13-2, side 383), og det kunne jo vera ein aktuell reaksjon når ein stipendiat har fuska. 

Men faktum er at det ikkje er lagt opp til at fusk på emne i opplæringsdelen i seg sjølv kan vera grunn til tvungen avslutning. Tvert imot er det fastslått at ../f/orhold knyttet til reglene om adferd i lovforslagets kapittel 12 kan også være relevante her (prop. side 267). Dette må lesast slik at dersom det er aktuelt å vurdera vedtak om tvungen avslutning av ph.d.-utdanninga for nokon, kan det å ha fuska på eit emne i opplæringsdelen vera eit moment av fleire som ein kan ta med i vurderinga. Det kan ikkje vera einaste grunnlag for tvungen avslutning.

I lovposisjonen er denne forklaringa gitt på kvifor stipendiatar ikkje skal kunna utestengast: Bakgrunnen for dette er at utestenging i realiteten ville innebære en suspensjon fra stillingen for den som er ansatt i stipendiatstilling ved institusjonen, …. Då er det freistande å seia: «Ja, og kva så?» 

For dersom handlinga er så alvorleg at det fører til eitt år utestenging frå studia for andre studentar, så må det vera alvorleg nok til at ein stipendiat kan bli utestengt like lenge, det er ingen grunn til å behandla sakene ulikt. Og dessutan: fusk på eksamen er ikkje ei sak for personaladministrasjonen, det er ei studiesak. Så er det eventuelt opp til personaladministrasjonen å handtera saka dersom ein stipendiat er utestengd. Trass alt er det eit vilkår for å ha ei stipendiatstilling at ein har studierett på ei ph.d.-utdanning.

Kort sagt: Fuskesaker må handsamast likt enten det gjeld studentar som finansierer sitt eige studium eller ph.d.-studentar som får lønn under utdanning.

Powered by Labrador CMS