KS-rapport

Skulane meiner at utdanninga til lærar ikkje dekkjer behova deira

Kommunar sender relativt nyutdanna rett til vidareutdanning for å dekka behova i norske grunnskular, syner KS-rapport.

Dåverande lærarstudentar jobba på sommarskule i Oslo. No viser ein fersk rapport at fordi ferske lærarar har færre godkjende undervisningsfag enn før, må mange ta vidareutdanning nesten med ein gong når dei kjem ut i yrkeslivet.

— Me må snu trenden med låge søkjartal til lærarutdanningane. Me treng alle dei gode søkjarane me kan få og me må gjera læraryrket endå meir attraktivt for endå fleire.

Det sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i samband med at rammeplanane for lærarutdanningane no vert endra. Dei nye endringane skal mellom anna gjera det lettare å få innpassa utdanninga ein har frå før.

Søkjartala til lærarutdanning nådde eit botnnivå i år, og gjekk ned 21,9 prosent samanlikna med i fjor. Også om ein samanliknar 2022 med 2021 finn ein ein markant nedgang.

Ein rapport frå KS, publisert i mai i år, peikar på fleire utfordringar med lærarutdanning og rekruttering til læraryrket landet rundt. Eit av punkta som vert løfta fram frå kommunar og fylkeskommunar er at lærarane som kjem ut i skulen har færre fag enn før der dei har undervisningskompetanse.

Sender nyutdanna rett i vidareutdanning

«Mange studenter velger lærerutdanning for 5.-10. trinn og færre velger utdanning for 1.-7. trinn. Skolene mener dette er en viktig årsak til at det er vanskeligere å rekruttere lærere inn på 1.- 4. trinn. Skolene uttrykker i tillegg at nyutdannete lærere har smalere fagkombinasjoner i dag enn tidligere, og for mindre skoler er det blitt vanskelig å få timeplanen til å gå opp med de lærerne man har. Enkelte av yrkesfagene er utfordrende å rekruttere til. Særlig gjelder dette noen programfag innen de tekniske yrkesfagene», heiter det i rapporten.

Det heiter òg at intervjua som er gjort i samband med rapporten har avdekka at kommunar i nokre tilfelle har sendt relativt nyutdanna lærarar til etter- og vidareutdanning for å ha fleire bein å stå på med tanke på godkjent undervisningskompetanse.

Tilsette i grunnskulen har tidlegare peika på det same.

— Når lærarane har to undervisningsfag, gjer det at ein har veldig mange lærarar innom klassen i løpet av ei veke, og ingen kjenner elevane godt nok, sa Roger Toftevåg, avdelingsleiar ved Olsvik skole i Bergen, til Khrono i vår.

— Dette heng saman med den omlegginga ein hadde for nokre år sidan. Det er for få som vel grunnskulelærarutdanning 1.-7., seier Jon Marius Vaag Iversen.

Han er prosjektleiar bak rapporten og seniorforskar ved NTNU Samfunnsforsking.

Iversen seier at det generelt er vanskelegast å rekruttera lærar til småskulen, 1.-4. trinn. I tillegg er det vanskeleg å rekruttera lærarar til ein del yrkesfag på vidaregåande nivå.

— Det går ikkje mange lærarar rundt med elektrokompetanse. Då må ein ha først ha ein elektrikar og så laga ein lærar av vedkomande, seier Iversen.

Iversen seier at totalt sett er det ikkje veldig vanskeleg å rekruttera lærarar til ledige lærarstillingar i heile Noreg. Men det er store skilnader. 

— Det er vanskeleg å rekruttera i Nord-Noreg, og særleg i Nordland, seier han.

Nærleik fungerer

I Nordland har Nord universitet LæreriNord-prosjektet. 50 av dei 180 som skreiv seg på liste etter at universitetet var på møte i kommunar i Nordland og nord i Trøndelag har, som Khrono har skrive, søkt om plass på ei av universitetet sine lærarutdanningar. På Nesna, som har eit nett- og samlingsbasert tilbod, kjem ein tredel av søkjarane frå LæreriNord-prosjektet.

Nærleik til ein utdanningsinstitusjon er noko av det som er positivt for rekrutteringa, viser rapporten. Iversen seier at det kan vera forklaringar på det.

— Det ser ut til at nærleik fungerer for rekrutteringa, men samstundes er det andre argument for at ein skal ha utdanning nær forskingsfronten. Men det er slik at dersom ein har ein skule nær ein utdanningsinstitusjon, bur ein nok sentralt. Folk flyttar generelt til sentrale strok, det er dei minste skulane som særleg slit med rekruttering, seier Iversen.

Han seier at for dei som byrjar på eit studium i vaksen alder er nærleik viktig. Men han peikar på at òg mange unge vel ein utdanningsinstitusjon som ikkje ligg så langt heimefrå. 

— Eg bur i Trøndelag. Her er det Trondheim dei unge stort sett vel som studiestad, seier han.

— Dei kommunane som seier dei slit med rekruttering er typisk dei som har to-tre timars reiseveg til næraste utdanningsinstitusjon.

Han seier at òg i ein bykommune er det dei sentrale skulane som får flest søkjarar.

Ein annan ting kommunane trekkjer fram når dei peikar på nærleik til ein utdanningsinstitusjon, er tilgang til praksisstudentar og tilgang til vikarar.

«Vi er ekstra nøye med å ta vare på studenter som er innom her i praksis eller som vikarer. Vi er imøtekommende, hjelper dem og fremhever det positive ved å jobbe i denne kommunen. Dette for at de skal ha lyst til å søke fast jobb her etter endt studie», er eitt av svara som er gjengitt i rapporten.

Hoel: Mellomveg

Oddmund Løkensgard Hoel (Sp), statssekretær i Kunnskapsdepartementet, skriv i ein e-post til Khrono at lærarutdanningane må vera tufta på ein mellomveg mellom fagleg fordjuping og fagleg breidde, og peikar på at evalueringa av den gamle allmennlærarutdanninga viste at studentane trong meir fordjuping i faga sine for å verta betre lærarar.

— Er mengda undervisningsfag noko regjeringa vil gjera noko med?

– Departementet har hatt dialog med KS og enkelte små kommunar om dette, og dette er innspel me tek med oss i det vidare arbeidet med lærarutdanningane. Men det er for tidleg å seia om det vert endringar.

Ei endring som kjem til å koma, er rammeplanane. Som Khrono har skrive, skal endring av desse gjera det lettare å godkjenna tidlegare utdanning som ein del av lærarutdanninga. Som Khrono òg har skrive, har Nord universitet søkt om fritak frå opptakskrav til lærarutdanninga for søkjarar som allereie har eit relevant årsstudium. Hoel seier at departementet må vurdera søknaden før han kan svara på universitetet kjem til å få ja eller nei.

Eigne rekrutteringstiltak

20. juli kjem opptakstala frå Samordna opptak. Men det er ikkje før utpå hausten tala på kor mange som faktisk møtte til studiestart kjem. Iversen ved NTNU peikar på at det totalt sett er mangel på arbeidskraft i Noreg.

— Eg er tilhengjar av spissa rekrutteringsarbeid, og mindre tilhengjar av generelle kampanjar for å verta lærar. Mangelen på lærarar er ikkje større enn for mange andre yrkesgrupper, seier han.

– Me er glade for at «LæreriNord» ser ut til å ha effekt. Departementet har gitt Høgskulen på Vestlandet i oppdrag å koordinera nasjonale rekrutteringstiltak. Lærarutdanningane er dei einaste det finst nasjonale rekrutteringstiltak for. I tillegg arbeider institusjonane med rekruttering ut frå lokale forhold slik det er vanleg for alle utdanningar. Me ønskjer ikkje å legga detaljerte føringar om korleis institusjonane skal arbeida, men me er opptekne av at røynsler frå institusjonane vert delte i det nasjonale rekrutteringsprosjektet, seier Oddmund Hoel.

Størst problem i nord

Han seier at ein treng desentrale tilbod fordi rekrutteringsproblema er størst i distrikta, og særleg i Nord-Noreg.

— Det er ein samanheng mellom kvar folk vil studera og kvar dei vert buande, og me treng studietilbod som er tilgjengelege for folk i alle livssituasjonar i heile landet, seier Hoel, og viser til at den nye, desentrale lærarutdanninga på Finnsnes har fått gode søkjartal. Hoel meiner dette er eit godt døme på eit tilbod som utløyser eit rekrutteringspotensial ein elles truleg ikkje hadde fått tak i.

Powered by Labrador CMS