Sommar i Khrono

Ser rekruttering til lærar­utdanningane som ei av dei største utfordringane 

Framtida er meir skiftande og usikker enn før. Det gjer at statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel ser (minst) tre store utfordringar som må møtast i tida som kjem.

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel på ferie i Kaukasus
Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel på ferie i Kaukasus

Gjennom sommaren vil du bli kjend med folk i og rundt universiteta og høgskulane våre. I dag møter du Oddmund Løkensgard Hoel. Han er statssekretær for forskings- og høgre utdanningsminister Ola Borten Moe.

— Korleis vil du oppsummera arbeidsåret 2022-23?

Fakta

Oddmund Løkensgard Hoel

  • Statssekretær for forskings- og høgre utdanningsminister Ola Borten Moe
  • Har permisjon frå stillinga som professor ved institutt for samfunnsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.

— Særs hendingsrikt og prega av at arbeidet både i politisk leiing, departementet og regjeringsapparatet er i skikkeleg godt i gjenge. Ukrainakrigen er det som har gjort størst inntrykk med verknader også for UH-sektoren. Elles har me lagt fram vårt fyrste statsbudsjett i ein krevjande økonomisk situasjon, lagt fram langtidsplanen, utsynsmeldinga, meldinga om samisk språk og litteratur saman Tonje Brenna og fått god støtte for alt vesentleg i Stortinget. Me har endra finansieringssystemet og kome med framlegg til ny universitets- og høgskulelov, som verkeleg er ei storhending, me har rydda opp i Forskingsrådet, laga handlingsplan for norsk fagspråk, styrka studiefinansieringa saman SV, fått fart på studentbustadbygginga, starta arbeidet med ei stor kompetansereform og kome godt i gang fleire store meldingsarbeid. 

— Kva vert den største utfordringa i året som kjem?

— Det er fleire sterke kandidatar på feltet vårt, og tre av dei er rekrutteringa til lærarutdanningane, kunstig intelligens og tryggleik kring sensitive fagområde. Samnemnaren er å møte situasjonar og ei framtid som meir skiftande og usikker enn før.

— Kva er ditt forhold til sjølvplagiering

— Nært og kjært. Eg resirkulerer jamt element frå ting eg har skrive før. Men når eg gjer det, passar eg på å referere til mine eigne arbeid, og då er det ikkje sjølvplagiering likevel.

— Framlegg til ferielektyre?

— Khrono sjølvsagt, eg reknar med at de held det gåande gjennom sommaren, me skal hjelpe til etter beste evne. Og sidan du spør ein statssekretær-historikar som er dobbelt yrkesskadd, kan eg varmt tilrå Sentraladministrasjonens historie av Yngve Flo og Tore Grønlie, og eg tok med meg Jan Messel si OsloMet-historie frå kontoret. Men eg får vel prøve å kople av med ein roman eller to også, og langt oppe på lista står Zeshan Shakar om det indre livet i KD.

— Kven fortener ei rose, og kven fortener ein kaktus? 

— Roser går til Kristin Halvorsen og Mari Sundli Tveit som har gjort ein fabelaktig jobb med å få Forskingsrådet på rett kurs.

— Kaktusar i store mengder framme og bak går til nettroll som sjikanerer lokalpolitikarar frå alle parti, kvardagsheltane som utgjer grunnfjellet i folkestyret vårt.

— Kva (er det beste) håpar du skal koma ut av den ekstreme oppussinga Ola Borten Moe har varsla for universiteta og høgskulane?

— Ein sektor som i endå større grad er rusta for å møte kompetansebehovet og samfunnsutfordringane me står andsynes. Det må skje i ein situasjon der handlingsrommet i økonomien i aukande grad blir ete opp av demografien. Ut av dette skal det kome ein sektor med større tillit og ansvar, betre arbeidsdeling, meir kontakt med samfunn og arbeidsliv, føreseieleg finansiering og rikeleg rom for nysgjerrigheitsdriven forsking.

Powered by Labrador CMS