Høgskulebesøk
Statsminister Solberg på valkampbesøk i Volda
Erna Solberg er den første sittande statsministeren på 43 år som har besøkt Høgskulen i Volda.
Valkampen er for alvor i gang og søndag avslutta statsminister Erna Solberg ei rundreise i Møre og Romsdal med eit besøk til Høgskulen i Volda.
Solberg er med det den tredje sittande statsministeren som har besøkt høgskulen, ifølgje rektor Johann Roppen. Og det er 43 år sidan førre statsministerbesøk — i september 1978 var Odvar Nordli på besøk.
I Volda fekk statsministeren blant anna sjå det snart innflyttingsklare mediebygget, Sivert Aarflot-huset.
Innflyttingsklart til semesterstart
— Her skal mellom anna 500 mediestudentar få boltre seg i flotte lokale med ypparleg utstyr og moglegvis den finaste utsikta eit nyheitsstudio kan ha, fortalte dekan Kate Kartveit, ifølge ei sak på høgskulen sine heimesider.
— Vi har ikkje lov å kalle det Norges finaste mediehus, så då har vi kalla det verdas finaste mediehus, supplerte rektor Roppen.
Bygget opnar dørene for studentane til semesterstart.
Direktør Karen Lomeland Jacobsen nytta også høvet til å takke for dei 10 millionar kronene regjeringa nett løyvde til ombygging av Hans Strøm-huset, som mediefaga no flyttar ut av.
I tillegg til husomvising på campus, fekk statsministeren også møte fleire studentar og representantar frå kultur- og næringsliv i Volda.
Nyeste artikler
Hallelujastemning for dette studiet: — Viktig
Ber norske studentar «ta til gatene» for boikott av Israel
Fremskaffelsen av ny kunnskap er ikke tilstrekkelig for å klassifisere en aktivitet som forskning
Ingvild Kjerkol klager på fuskevedtak. Avgjørelse kommer tidligst i september
Studenter telter i protest: — Kaldt og masse mygg
Mener Kjerkol bør ta saken sin videre til Felles klagenemnd
Mest lest
Gruppa skal jobbe for mangfold og likestilling. 14 av 16 er kvinner
Avlyser fire mastere på grunn av økonomisk svikt
Høgskulestyret sa opp direktøren i lukka møte
Stipendiat ble tvunget til å avslutte sin doktorgrad. Tapte rettssaken
Færre vil bli lærer, flere søker sykepleie
Plagiat er tyveri og grensen er enkel