Debatt ● Alexander Myklebust, Alexander Dodge, Asbjørn Karlsen og Ståle Angen Rye

Svadakritikk av innovasjon og berekraft

Ein kan score poeng ved å kritisere namneendringar i studieprogram og enkeltemne. Men om denne kritikken ikkje byggjer på ei undersøking av om orda faktisk vert nytta på ein meiningsfull måte eller ikkje, er han tom.

Svadakritikk: Kronikkforfattarane meiner kritikken Karl-Fredrik Tangen fremmar i Khrono ikkje er basert på mykje anna enn ei vag kjensle.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I ein artikkel i Khrono åtvarar Karl-Fredrik Tangen mot å pakke inne utdanningsprogram og enkeltemne i svadaspråk og moteord som ‘innovasjon’ og ‘berekraft’. Det er fint med kritisk diskusjon om korleis ein profilerer universitetsstudium. Men vi saknar at framsette påstandar vert presiserte og grunngjevne. Masterprogrammet «Innovasjon og bærekraftig samfunnsutvikling» ved NTNU, som forfattarane av dette debattinnlegget underviser på, er eitt av studieprogramma som vert trekt fram i saka.

Vi kan ikkje snakke for andre enn oss sjølve, men sidan artikkelen gjev inntrykk av at masterprogrammet vårt er eit svadastudium ønskjer vi å kommentere inntrykket her.

Masterprogrammet «Innovasjon og bærekraftig samfunnsutvikling» er tufta på innovasjonsforsking, med vekt på geografiske perspektiv. Dette forskingsfeltet har over mange år dreia seg mot temaet rettferdig og berekraftig omstilling. Vi byggjer undervisinga på ny og klassisk innovasjonsteori, og empirisk forsking som drøftar innovasjon og omstilling i ulike land og regionar.

Programmet heitte før «Innovasjon, entreprenørskap og samfunn». Endringa av namnet til «Innovasjon og bærekraftig samfunnsutvikling» kom fordi innhaldet i programmet over tid hadde dreia seg mot berekrafts- og omstillingsspørsmål. Fagfelt er ikkje statiske, dei endrar seg i takt med samfunnsutviklinga. Dette betyr at utfordringa ofte er motsett av det som vert lagt til grunn i Khrono-artikkelen; endringar i studienamn og profil heng ofte etter den faglege utviklinga. Det tok oss nokre år med høyringsrundar og styremøte før vi kunne endre tittelen og studieporteføljen slik at han betre reflekterte det vi underviste i.

Vi er einige i at ein ikkje må vaske bort disiplinen — og på vårt institutt (Institutt for geografi, NTNU) har vi både bachelorprogram og masterprogram med tittelen «Geografi». Samtidig er geografi som fag breitt. Økonomisk geografi og innovasjon er éin bit av dette faget, og vi meiner at det ikkje er noko gale i at studentar skal kunne fordjupe seg i dette på masternivå.

No for tida kjem svadaen ofte i form av «kritikk» mot innovasjons- og berekraftsprat. Ein kan mellom anna score poeng ved å kritisere namneendringar i studieprogram og enkeltemne.

Myklebust, Dodge, Karlsen og Rye

Det er nok rett at det er mykje svada omkring innovasjon og berekraft. No for tida kjem svadaen ofte i form av «kritikk» mot innovasjons- og berekraftsprat. Ein kan mellom anna score poeng ved å kritisere namneendringar i studieprogram og enkeltemne. Men om denne kritikken ikkje byggjer på ei undersøking av om orda faktisk vert nytta på ein meiningsfull måte eller ikkje, er han tom. Så vidt vi kan lese ut frå artikkelen vert ikkje dei generelle påstandane om manglande samsvar mellom ord og innhald underbygd av noko anna enn ei kjensle av at slik er det.

Vi kan til dømes sjå på følgjande utsegn frå Tangen: «Det hadde vært helt fint hvis 19-åringer hadde blitt lokket inn i studier med samtidas forvirrede prat og de kom ut av studiene med et distansert og analytisk forståelse av språket. Men det er ikke det som skjer.» Denne påstanden vert underbygd med eit tenkt døme om 3D-printing i ingeniørfag. Påstanden manglar ein bestemt adressat, og må derfor tolkast som å råke alle programma som var nemnde i Khrono-artikkelen, også masterprogrammet «Innovasjon og berekraftig samfunnsutvikling». For å få eit godt ordskifte bør deltakarane tufte argumenta sine på konkret omtale av studieprogramma og emna.

I motsetning til Tangen meiner vi ikkje at det er «helt fint» å lokke studentar med forvirrande prat. I masterprogrammet vårt har vi som mål å gje studentane ei god analytisk og kritisk forståing av språket omkring ord som ‘innovasjon’ og ‘berekraft’. I programmet vårt lærer studentane om anerkjend innovasjonsteori; om korleis innovasjonspolitikk og innovasjonsforsking historisk har utvikla seg frå å krinse om ei forskings- og teknologiorientert innovasjonsforståing, til dagens omstillingsorientere innovasjonsforståing. Undervisninga er forskingsbasert og byggjer mellom anna på undervisarane si eiga forsking på innovasjon og berekraft.

I tillegg får studentane kjennskap til korleis innovasjons- og berekraftspolitikk ser ut i samfunnet, gjennom internships og besøk i bedrifter og organisasjonar som på ulike måtar arbeider med innovasjon og/eller berekraftig utvikling. Med eit slikt utdanningsopplegg meiner vi at studentane får høve til å skape seg eit reflektert forhold til kva desse orda tyder i ulike samanhengar, og vert i stand til å kjenne att svada, av den eine eller andre sorten.

Powered by Labrador CMS