Debatt ● asbjørn grønstad

Teatervitskap og det nasjonale perspektivet

Sjølv om fakultetet ikkje er skuld i den pressa økonomiske stoda, fritar ikkje det leiinga og styret frå å løfte blikket opp mot det nasjonale planet i denne saka, skriv medievitskapsprofessor Asbjørn Grønstad.

Skal ein ikkje ha teatervitskap, i heimlandet til Henrik Ibsen og Jon Fosse, skriv innleggsforfattaren. Biletet er frå då Jon Fosse fekk prov på æresdoktorat ved Uib frå dåverande rektor Dag Rune Olsen.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Her i Khrono har det etter kvart vore mange engasjerte innlegg om det nedleggingstrua teatervitskap ved UiB. Somme har halde fram fakultetet sin bemanningsplan som eit nærmast sakralt dokument, medan andre igjen har påpeika eksistensen av verdiar som dette kunnskapsgrunnlaget ikkje tilstrekkeleg fangar opp. Atter andre har fortenestefullt forklart korleis basisoverføringa til universiteta utløyser eit særskilt institusjonelt ansvar for forvaltninga av fagleg breidde.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Ingen kan vere i tvil om at dette er ei kompleks problemstilling, med mange og til dels motstridande omsyn. Sett utanfrå finst det likevel eit overordna perspektiv her: det som står på spel er jo i realiteten avvikling av teatervitskap som fag ikkje berre ved UiB men i Noreg. Av den grunn inneber forslaget prinsipielle og praktiske spørsmål som er større enn fakultetet sine interne interesser. Sjølv om fakultetet ikkje er skuld i den pressa økonomiske stoda, fritar ikkje det leiinga og styret frå å løfte blikket opp mot det nasjonale planet i denne saka. At det nasjonale perspektivet ikkje skal ha blitt introdusert som eit moment tidleg i saksutgreiinga er ikkje eit særleg solid argument, med mindre ein er av den oppfatning at det som står i sakspapirer har ein absolutt autoritet som alltid overtrumfar den allmenne fornufta. At det handlar om ein de facto nedlegging av teatervitskap på nasjonalt plan er i alle fall på bordet no, og ein kan vel ikkje på alvor meine at fakultetsstyret ikkje skal kunne ta stilling til den problematikken berre fordi det eventuelt ikkje står noko om det i bemanningsplanen?

Eg trur dei fleste ser det djupt urimelege i å skulle prioritere stillingar i godt forspente disiplinar framfor sjølve eksistensen til andre fag. Det er ein vesentleg skilnad på å redusere omfang, på den eine sida, og å terminere, på den andre.

Det er elles med ei viss undring at ein les Yngve Flo si forståing av omgrepet «fagleg breidde.» Faktisk kan det høyrest ut som han meinar at breidda innad i ein gitt disiplin er av samme karakter som breidda i ei vifte av disiplinar. Han skriv at «dei større faga er i seg sjølve rammer kring ei rekkje faglege spesialiseringar; tematiske felt, særskilde perspektiv, spesialisert metodisk kompetanse.» Ingen er vel usamd i det, men denne skildringa gjeld jo alle disiplinar og alle fag, uavhengig av kor store eller små dei er. Å sidestille breidda innanfor eit fag med breidda som ein konstellasjon av ulike fag utgjer vert, i beste fall, misvisande. Det er som om mitt eige fakultet, SV-fakultetet, skulle føreslå å legge ned til dømes geografi med den grunngjevinga at omsynet til breidde uansett vert ivaretatt gjennom det store faglege mangfaldet innom sosialantroplogi eller medievitskap.

Om eg ikkje hugsar feil så var det min kollega Anders Johansen som sa – om universitet – at «bredden er vår spiss.» Det er noko å ta til seg, ikkje minst for dei som skal avgjere om teatervitskap i praksis skal oppløysast som akademisk fag i heimlandet til Ibsen og Fosse.

Powered by Labrador CMS