HVL

Tilsette ved Høgskulen på Vestlandet krev meir demokrati

Høgskulen med ambisjonar om å bli universitet har verken fakultetsstyre eller kollegialt organ på instituttnivå. No har tilsette skipa eit forum for høgskuledemokrati.

Kristoffer Jul-Larsen og Heidi Støa, begge førsteamanuensar ved Høgskulen på Vestlandet, ønskjer seg meir representasjon på institutt- og fakultetsnivå.

— Det er jo ikkje noko grad av demokrati her. Det er berre på styrenivå at tilsette har røysterett, seier Kristoffer Jul-Larsen ved Høgskulen på Vestlandet.

— Jo, me har eit demokrati ved høgskulen, meiner rektor Gunnar Yttri.

Instituttet Kristoffer Jul-Larsen og Heidi Støa er tilsette tel omlag 190 personar. Fakultetet deira har mellom 500 og 600 tilsette. Men ikkje på noko av desse nivåa finst det eit organ der tilsette kan vera med på å fatta vedtak, anna enn gjennom fagorganisasjonane.

— Me manglar gode nok strukturar for medverknad og medbestemming, som set faglegheit i sentrum, skriv dei to i eit lesarinnlegg i Khrono.

Jul-Larsen og Støa er initiativtakarane til Forum for høgskuledemokrati ved Høgskulen på Vestlandet. Då det første møtet vart arrangert seint i august var det meir enn hundre tilsette som møtte fram — nokre fysisk, andre digitalt. Eit godt frammøte, men ikkje veldig overraskande, meiner dei to.

Dei to førsteamanuensane nemner fleire saker frå Høgskulen på Vestlandet dei siste åra: Cellekontor og bokhyller, samanslåing av fakultet, nedlegging av bokhandel på campus i Bergen og nedskalering av engelskfaget i Sogndal.

— Det er i lita grad mogleg å eiga saker sjølv. Det er store einingar, både på fakultets- og instituttnivå, men lite autonomi, seier Jul-Larsen.

Tre utan fakultetsstyre

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av få. Av universiteta er det berre Nord universitet som ikkje har fakultetsstyre. Dei to høgskulane med uttalte universitetsambisjonar, HVL og Høgskolen i Innlandet, har det heller ikkje. Dei ni andre universiteta har.

Universitetet i Søraust-Noreg hadde heller ikkje slike organ då det vart organisert som Høgskolen i Søraust-Noreg, og også OsloMet mangla dette då Høgskolen i Oslo og Akershus vart universitet i 2018.

— OsloMet er eit av landets minst demokratiske universitet, heitte det i ein rapport frå 2018, som Khrono har skrive om.

Våren 2019 fekk OsloMet fakultetsstyre.

I universitets- og høgskulelova heiter det at styret er det øvste organet ved institusjonen. Det er styret som har ansvar for både høg kvalitet og for at institusjonane vert drivne etter lover, reglar og forskrifter som gjeld. 

Men styret kan delegera ansvar. Det er det som vert gjort når det vert oppretta fakultetsstyre, og som ved til dømes Universitetet i Oslo og NTNU: Instituttstyre. Styre har vedtaksmoglegheit.

Er teikna inn organ

På fakultetsnivå har ein fakultetsråd, som er rådgivande. På instituttnivå har ein ingenting. Der er det, i tilpassingsavtalen frå 2020, teikna inn eit kollegialt organ. Støa håpar det snart kjem på plass.

— Når ein får eit kollegialt organ endrar samtalen seg. Då vert det ikkje berre snakk om administrative avgjerdsler, seier ho.

I vår gjekk debatten ved ein annan utdanningsinstitusjon i Bergen. Ved Universitetet i Bergen skulle Det humanistiske fakultetet vedta ein fagleg bemanningsplan. Saka vart handsama i fakultetsstyret, i fleire møte. Det var òg både redaksjonelle saker og debattinnlegg om saka i Khrono.

— Teatervitskapsaka er ei sak som ville skapt strid og splid ved HVL, og me ville ikkje hatt et kollegium som kunne fatta vedtak seier Støa.

Jul-Larsen følgjer opp:

— Ved UiB kunne ulike fagmiljø debattera, men hos oss vert det berre fagmiljø mot leiing. Ein får ikkje ein brei debatt.

Reagerer på korte fristar

I kronikken skriv dei to forskarane om interne høyringar med korte fristar. Støa seier ho trur dette er noko leiinga ved høgskulen er medvitne om. Likevel vart det rabalder då rektor føreslo å slå saman to fakultet. Dette var ei sak som kom til høgskulestyret i vinter.

Styremedlem Tina Åsgård sa då at tilsette hadde kontakta henne fordi dei var uroa over ei setning som stod i protokollen frå novembermøtet. Ho svara dei at det ikkje var grunn til uro.

— Så viser det seg altså at toppleiinga ganske kort tid etter dette møtet byrja å diskutera eit slikt løp med samanslåing av desse to fakulteta. Ingen vart informerte om dette før i januar, sa Åsgård til Khrono i februar.

Då saka om engelsk i Sogndal var oppe, var det òg eit styremedlem som var kritisk. Tone Skjerdal etterlyste informasjon om kva debattar ein hadde hatt ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett før saka hamna hos styret.

— Det er papira styret har fått me må halda oss til, sa ho.

Vil ha fagleg leiing på bana

Høgskulen på Vestlandet har fem campus. Støa seier at ein har gode samarbeid i dei ulike fagmiljøa sjølv om tilsette sit ulike stader. Men ho seier òg at det kan vera saker som er viktige for ein av dei andre campusane ein går glipp av i Bergen, nettopp fordi ein ikkje har demokratiske organ der ein sit saman.

— Det me ønskjer oss er meir representasjon på institutt- og fakultetsnivå, seier ho.

Høgskulen på Vestlandet har eit uttalt mål om å verta universitet, og skal etter planen senda søknad om dette innan sommaren 2024.

— Men kva ligg i omgrepet «universitet», spør Jul-Larsen.

— Kva rolle skal fagleg tilsette ha? Kva er ambisjonane?

I dei siste sakene, som den om kontorinnreiing og bokhandel, er det den administrative leiinga som har svara på vegner av høgskulen.

— Me har spurt oss om kor den faglege leiinga er i nokre av desse sakene, seier Jul-Larsen.

Dei to førsteamanuensane stiller spørsmål ved kva denne «linja» det vert vist til faktisk er.

— Ein del av sakene der det er fatta adminsitrative vedtak får òg faglege konsekvensar, seier Støa.

— For at me skal kunne få kollegiale organ, må leiinga sjå at det er rasjonelt.  No har me hatt ein periode med rekrutteringsproblem på mellomleiarnivå, og det har vore ein del konflikter, sier Støa.

Vil ha fleire møte

Planen er å ha eitt møte til i Forum for høgskuledemokrati før jul. 

— No er me fleire om dette arbeidet, seier Jul-Larsen. 

På det første møtet hadde professor Halvard Vike frå Universitetet i Søraust-Noreg (USN) ei innleiing. Han har vore ein av forkjemparane for at USN skal få fakultetsstyre. I vinter, seks år etter at USN vart ein samla organisasjon, skjedde det. Også HVL vart ein organisasjon frå 1. januar 2017.

— Det har vorte gjennomført ei evaluering av møtestruktur og forma på desse på fakultetsnivå. Svara viser at det er sterk etterspurnad etter kollegiale organ, seier Jul-Larsen.

Viser til spekter av råd og utval

— Ja, me har eit demokrati ved høgskulen, seier rektor Gunnar Yttri.

— Khrono legg inn eit premiss om at ein må ha fakultetsstyre for å vera demokratiske. Men me har fakultetsråd, me har eit spekter av utval, både på institusjons- og fakultetsnivå innanfor sentrale arbeidsområde som utdanning og forsking. Tilsette har faste og viktige posisjonar i desse. Dei organa for medverknad me skal ha etter lova har me sjølvsagt på plass.

Han seier at alle saker som kjem til styret, har vore til handsaming i tilhøyrande råd og utval før dei når så langt. 

— Men me kan heilt sikkert verta betre i både handsaming og ikkje minst å informera i høgskulen om desse viktige organ.

Yttri seier at dei tillitsvalde og organisasjonane er grunnleggjande viktige i alle større saker. Han seier òg at det er ein systematikk i både forhandlingar med og dialog med nettopp tillitsvalde.

Om samanslåinga i vår seier Yttri at det var dei to aktuelle fakulteta som leverte det aktuelle grunnlagsmaterialet og avgjerande premissar for vedtak. 

— Dette skjedde i regi av særskilt nedsett utval der leiing og representantar for dei tilsette og også verneombod tok del. Me sikra representasjon frå begge fakulteta. Me hadde også studentane med. Eg meiner det også var fleire personalmøte rundt dette. Men i kva grad dette også var innom fakultetsråda, må du ta med dekanane.

Rektor Gunnar Yttri meiner det er fullt mogleg å ha eit høgskuledemokrati utan å ha fakultetsstyre. — Me har fakultetsråd, andre råd og utval, og me har forhandlingar og dialog med tillitsvalde, seier han.

Lyttar

— Kvifor har de ikkje fakultetsstyre?

— Det er ulike skikkar ved utdanningsinstitusjonane. Det vart bestemt ved oppstarten at HVL skulle ha fakultetsråd. Men dei bør me opplagt utvikla vidare.

— Kva med eit kollegialt organ på instituttnivå, som ligg i tilpassingsavtalen dykkar?

— I haust arbeider me med tilpassingsavtalen saman med dei tillitsvalde. Det gir oss høve til å diskutera både dette og anna rundt medverknad.

Yttri seier at han lyttar til dei røystene som meiner det er for lite demokrati ved høgskulen.

— Sjølvsagt gjer eg det. Dei menneskelege ressursane, dei tilsette og studentane, er dei viktigaste for at me skal lukkast. Det er viktig, både for tilsette og studentar, at ein ser at det nyttar å engasjera seg i høgskulen. Det meiner eg kan skje med dei organa me har, men det kan sikkert òg gjerast betre enn i dag. Dersom det er slik at me ikkje klarar å få røystene fram må me skjerpa oss og gjera det me kan for forbetring.

— Kva legg du i omgrepet «universitet»?

— Me skal gjera alt me gjer i dag av utdanning, forsking og samhandling, men med høgare kvalitet. Me skal ha fire doktorgradsprogram, to av dei med god gjennomstrøyming på kort sikt, på lang sikt skal me ha fleire. Me skal vera konkurransedyktige innan alle våre fagområde nasjonalt og internasjonalt, og me skal ha tilsette som både er aktive i fagutvikling og i det offentlege ordskiftet.

Powered by Labrador CMS