Høgskulen på Vestlandet

190 har skrive under for bokhandel

Det er ikkje så dumt at bokhandelen ligg som eit hjarta i høgskulebygget på Kronstad, seier førsteamanuensis Kristoffer Jul-Larsen.

Linn Ødegård, Hilde Håland Jensen og Cecilie Kallekleiv jobbar i Akademika på Kronstad. Her gjer dei klar butikken for semesterstart. Dei tre får støtte frå mange tilsette ved Høgskulen på Vestlandet: Bokhandel på campus vil ein ha.

Fredag 25. august vart eit opprop sendt til leiinga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). 190 personar, mange av dei fagleg tilsette, har skrive under på at dei ønskjer å ha ein bokhandel på campus Kronstad, HVL sin største campus.

Som Khrono har skrive, har Akademika, som driftar bokhandelen i dag, fått beskjed om at høgskulen ønskjer å bruka arealet til andre ting. Dette studieåret kan difor verta det siste med bokhandel sentralt plassert på campus.

— Verdien av ein bokhandel er så sjølvsagt for meg at eg måtte leita litt for å finna argument for kvifor ein treng ein bokhandel. Det er så sjølvsagt at det kjennest rart å måtte forsvara det, sa stipendiat Eigil Hole Lønning til Khrono.

Ville undersøka

Det er ikkje berre Lønning som er kritisk til å legga ned bokhandelen.

Professor Nina Goga fortel at då ho las ei sak om bokhandelen på høgskulen si internside bestemte ho seg for å prøva å finna ut kva dei tilsette meinte om saka.

— Eit opprop er ein mogleg måte å sondera engasjementet på, seier ho.

Oppropet var ope ei arbeidsveke, og fekk altså 190 signaturar.

— Bokhandelen er viktig for meg som forskar og førelesar og for studentane mine! Tilsette ved Akademika har solid kunnskap og er til god hjelp og støtte både for tilsette og studentar. Ein høgskule eller universitet utan bokhandel sender eit signal om at faglitteratur er mindre viktig, skriv professor Cecilie Hamnes Carlsen.

— Fagleg tilsette og studentar som fordjupar seg i ulike fagdisiplinar er avhengig av nærleik og tilgang til breitt utval av litteratur. Bokhandel er eit sjølvsagt tilbod ved ein utdanningsinstitusjon med HVL sin storleik, skriv stipendiat Sigird Haukanes.

— Ein utdanningsinstitusjon med respekt for seg sjølv treng bøker. Både i bokhyller på kontor og i bokhandel, skriv stipendiat Karoline Selliseth.

I juni skreiv Khrono at tilsette kom på jobb ein måndag og oppdaga at stolar og andre eigendelar var fjerna frå kontora deira. Beskjeden frå høgskulen var at det var problematisk dersom alle vitskapeleg tilsette skal ha store mengder litteratur tilgjengeleg og lagra på arbeidsplassen.

— Treng litteratur

— Studentane sitt arbeid med studia er avhengig av litteratur. 

Det seier førsteamanuensis Kristoffer Jul-Larsen til Khrono.

Han har signert oppropet, og skriv der at «en bokhandel er en sentral del av læringsmiljøet på en institusjon for forskning og høgare utdanning».

Jul-Larsen seier at gjennom å ha ein fysisk bokhandel med fysiske bøker kan ein styrka studentane si forståing av at pensumbøker er noko som angår dei.

— Studentane forventar at innhaldet i eit studium går gjennom øyra. Men dei må òg arbeida med stoffet sjølve, og korleis kan ein kommunisera kva rolle desse bøkene har? Nokre har snakka om at bokhandelen på Kronstad disponerer sjølve indrefileten av eit areal. Men kanskje er det ikkje så dumt at bokhandelen ligg som eit hjarta i høgskulebygget? Det er ei symboltung plassering, seier Larsen.

Inviterer til ope møte

Helge Skugstad, direktør for areal og økonomiforvaltning ved HVL, har tidlegare sagt til Khrono at det ikkje er fatta noko vedtak i saka om bokhandel på campus.

— Me vil informera eigne tilsette og studentar når me er komne eit steg nærare og i god tid før endringar skjer, sa han.

Men rykta hadde begynt å gå då Khrono skreiv om saka. Stipendiat Eigil Hole Lønning, som skreiv eit innlegg om saka, sa at han fekk vita om planane heilt tilfeldig.

No er Jul-Larsen ein av initiativtakarane til Forum for høgskuledemokrati.

— Heng det saman med saka om bokhandel?

— Alt heng på eit vis saman med alt. Me er fleire som har gått saman og har invitert til eit ope møte for tilsette, der me vil diskutera mellom anna medverknad. Det er ein del frustrasjon i organisasjonen, og me ønskjer å sjå på om det er nokre strukturelle årsaker til dette, seier Jul-Larsen.

Til møtet er professor Hallvard Vike frå Universitetet i Søraust-Noreg invitert. Han er ein av dei som har vore kritiske til universitetsdemokratiet ved det framleis ganske ferske universitetet. Frå i år har USN fått på plass fakultetsstyre. Desse kan fatta vedtak.

— Eg er oppteken av at fagmiljøa treng ein tydelegare plass i systemet for medverknad og medbestemming, seier Jul-Larsen.

Pop up-utsal eller hentedisk

Khrono spurde HVL om det står så dårleg til med høgskuledemokratiet at eit slikt eige fora er naudsynt. Direktør for areal og økonomiforvaltning Helge Skugstad svarar fylgjande:

— At det vert teke initiativ for forum for høgskuledemokrati er me orienterte om og noko me må koma tilbake til etter kvart. På HVL har me dei same organa og strukturane for medverknad og medbestemming som resten av UH-sektoren, skriv Skugstad.

Han skriv òg at leiinga fekk tilsendt oppropet før helga, og ser at det er eit engasjement for bokhandelen på Kronstad.

— Det tek me med oss i det vidare arbeidet for å finna gode løysingar.

Skugstad skriv òg at HVL har hatt fleire møte med Akademika, som i dag driftar bokhandelen, og har informert dei om at høgskulen frå hausten 2024 vil ta i bruk lokalet som bokhandelen disponerer i dag. Alternative løysingar for plassering har vorte drøfta, utan at det har ført fram — Akademika ønskjer ei sentral plassering på campus.

I ein kommentar på HVL sitt intranett, som Khrono har fått tilgang til, heiter det at høgskulen vil finna alternative løysingar slik at studentar og tilsette vil få kjøpt pensumbøker og rekvisita på campus òg frå hausten 2024.

— Ei ordning kan vera pop up-utsal ved studiestart. Me vil òg sjå på moglegheita til å etablera areal knytt til kantina der ein kan kjøpa rekvisita og eventuelt henta litteratur som er bestilt på nettet. I tillegg har høgskulen eit stort og godt bibliotek, Det er sentralt plassert og inneheld bøker for alle relevante fagområde, skriv Skugstad.

Til Khrono skriv han at høgskulen vil involvera både fakultet, administrasjon og studentar i tida som kjem. 

— Saman skal me finna ut av korleis dette arealet kan verta utforma og brukt på ein best mogleg måte for å bidra til ei spanande utvikling av campus Kronstad.

Powered by Labrador CMS