Debatt ● Per Thorvaldsen
Omvend undervising — nær, men fjern
No kjem den kopernikanske vendinga i pedagogikk, kalla DIFY-U (DIgital FYsisk Undervising) der digital og fysisk undervisning går opp ei høgare eining. DIFY-U vil verta patentert og gje mykje følgjeforsking på nivå 2 — og kanskje på nivå 3: Eit realt paradigmeskifte i den høgare utdanninga.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Fjernundervising er gildt, men studentane vil ikkje visa andlet. Eg ser berre nokre svarte rektangel fylt med namna til studentane. Eg kom, i rein glede, i skade for å leggja eit bilde av min svarte skjerm til venane mine på Facebook. Då fekk eg kjeft av sjefen. Eg måtte ikkje for nokon pris avdekkja kven som tok høgare utdanning i Noreg. Det skal vera ein løyndom, unnateken frå ålmenta.
Det var sjølvsagt fleire synder i «feeden» min. Dagen deretter kom det ei ny melding. Eg hadde teke bilete av glade studentar på laboratoriet og i den fysiske undervisinga. Enno ei dødssynd.
Korleis skulle dette ende? Møte med Human Relations, og deretter verta sparka for å spreia glede?
No ligg eg lågt i terrenget. Eg tek berre «selfies» av meg sjølv, sjølv om eg ikkje har samtykkekompetanse. Men det skal ho ha, den påpasselege sjefen min. Ho gav meg ein idé som endrar fullstendig korleis me skal samhandla i høgare utdanning.
Eg sit no bakerst i klasserommet, medan alle studentane stirar på tavla og les skrifta på veggen. Då slepp dei å sjå meg, og dei slepp å sjå kvarandre. No tek me det beste ut av digital og fysisk undervising i ein smekk. Ikkje belastar me internettet heller, då all kommunikasjon er lokal.
Eg doserer i kjend stil, utan å verta demotivert av forundra blikk, gjesp og vettlaus skrolling på mobilar. Herleg!
Eg lullar meg inn i trua på at dette er storveges undervising der alle fylgjer med og læringstrykket er stort. I tillegg unngår eg at studentane lurar meg med måpande andlet for å få ein enkel eksamen. Dette er noko anna enn den gamaldagse tavlelæringa, der læraren bokstaveleg tala stod i front og såg sanninga i kvitauget.
Eg sit no bakarst i klasserommet, medan alle studentane stirar på tavla og les skrifta på veggen. Då slepp dei å sjå meg, og dei slepp å sjå kvarandre.
Studentane sit og ser rett på tavla der den eine PowerPointen slår i hel den andre i eit rasande tempo. Dei er åleine saman med dei andre. Ingen kjenner nokon. Då konsentrerer dei seg fullstendig om emnet som det vert førelest om.
Om det er noko dei lurer på, så snur dei seg, og vert berre sett av meg. Dei slepp ubehaget med dei andre studentane.
Sjølvsagt kan det verta varierte undervisingsformer. For dei ekstremt ekstroverte er det fysiske «break-out rooms», der dei kan diskutera og løyse oppgåver i lag, og kalla meg inn dersom det skulle trengst. Dei andre køyrar vanleg stil, med svarte skjermar og prat i «chatten».
Den digitalt fysiske undervisinga gjev heilt nye verktøy for læring. Eg kan med godt samvit senda studentar opp på tavla. Der kan dei anonymt løysa oppgåver utan augekontakt med nokon. Det er i beste gamal førelesingsstil, med hovudet rett i tavla tilpassa den digitale verda, kor alle er seg sjølv nok.
Denne undervisingsforma er veleigna til å disiplinera studentane. Dei får ein grunn til å stå opp om morgonen og noko å gå til, utan at dei vert utset for belastninga som rein fysisk undervising gjev.
Me må hugsa på at våre studentar har vokse opp i ei digital tid der skjermen er deira beste ven, og der øyrelurar er det viktigaste verktøyet og vern for å stengja verda med all sin larm ute.
Å utsetja dei for sosialt samvær kan vera brutalt. Me må få til ein glidande overgang til vaksenlivet. Her spelar DIFY-U ein stor rolle.
Mi rolle er å fasilitera undervisinga. Det gjer eg best frå bakre benk. Der kan eg sjå om storleiken på PowerPointene er stor nok, om det er skrivefeil eller anna.
Mi rolle er å fasilitera undervisinga. Det gjer eg best frå bakre benk. Der kan eg sjå om storleiken på PowerPointene er stor nok, om det er skrivefeil eller anna. Frå her eg sit, kan eg lage den herlegaste «voiceover» til mine eminente førelesingsnotat.
Apropos «voiceover»: Sjølvsagt står det eit videokamera og rullar, og dessutan utstyr for forvrenging av studentstemmer for å lage emnet heildigitalt. Dette er kjekt å ha når det er slutt på pengar i høgare utdanning. Dersom denne metoden vert nytta av heile Høgskulen på Vestlandet, har me snart Det Heildigitale Universitet på Vestlandet som kan driftast frå ein server i Sogndal.
Utgifter som tidlegare har gått til universitetstilsette og til husleige, vil i sin heilskap kunne overførast til arkivføremål — slik at sanninga om kva som eigentleg hende kan dokumenterast i all eve.
Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager