forskar fotograferte kroppsdelar

Tilspissa konflikt rundt oppseiing av forskar ved UiB

Oppseiinga av ein forskar etter fotografering av studentars kroppsdelar, er for andre gong stadfesta i ekstraordinært fakultetsstyremøte ved UiB. Forskarens advokat meiner at både rektor og dekan er inhabile i saka.

Fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet har handsama oppseiingssaka i to ekstraordinære fakultetsstyremøte. Dette biletet er frå eit ope møte, her styreleiar Jannicke Hilland og dekan Helge Dahle.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I juni blei ein mannleg, vitskapeleg tilsett ved Universitetet i Bergen (UiB) sagt opp. Det var fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet som fatta vedtak i saka.

19.august i år gjorde styret eit nytt vedtak etter klage frå advokat Mariann Helen Olsen i Forskarforbundet. Styret stadfesta det tidlegare vedtaket. Saka går no vidare til endeleg handsaming i universitetsstyret seinare denne månaden.

Fotografering av kroppsdelar

Grunngivinga for at mannen skal miste jobben, er ifølge fakultetet, at han hadde vist det som vart kalla «uakseptabel oppførsel».

«(...)gjentatte nærfotografering av hans veilederstudenters kroppsdeler, foretatt i undervisningssituasjoner uten studentenes kjennskap til hverken fotografienes motiv eller fotograferingen, må anses å være klart i strid med de forventninger til integritet og korrekt opptreden som UiB kan stille til sine ansatte», heiter det i eit notat frå universitetet sitt eksterne advokatfirma Thommessen.

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, sa til Khrono i juni i år at oppseiingssaka «kan karakteriseres som innenfor metoo».

Forskarforbundet sin advokat protesterar på dette.

Ikkje seksualiserte bilete, meiner advokat

«Ordet «metoo» eller seksuell trakassering, fremgår ikke noen sted. Det bestrides at dette er en del av saken. Dessuten er «metoo» ikke et definert begrep, og under enhver omstendighet ikke er rettslig begrep. Seksuell trakassering er definert som «seksuell uønsket oppmerksomhet» og det er heller ikke tilfellet i denne saken», heiter det i brevet frå Forskarforbundet sin advokat sendt til UiB i juli i år.

«Under enhver omstendighet er bildene det er vist til ikke seksualiserte, og det har vært kjent for de impliserte at bildene ble tatt», skriv den oppsagde forskarens advokat vidare.

Forskarforbundet meiner at den oppsagde heller ikkje har fått sjanse til å imøtegå arbeidsgivar sine påstandar (såkalla kontradiksjon, red.mrk) om at saka handlar om seksuell trakassering.

«Springsteen-motiv»

Fleier av bileta det er snakk om skal ha omlag same motiv som dette Springsteen-coveret frå 1984

Bileta som det er snakk om er ikkje offentleg tilgjengelege.

Men etter det Khrono har grunn til å tru, ser fleire av dei ut omtrent som platecoveret til Bruce Springsteen «Born in the U.S.A.». Med olabukse, men med mobiltelefon i baklomma. I tillegg er det teke nærbilete av mage, rygg, ansikt og bryst. Alle med klær på. På nokre brystbilete har studenten på seg singlet.

Forskaren har sjølv forklart at han driv med ein spesiell teknikk i hobbyfotografering, der han sett saman fleire delar til ein heilskap.

Studentombodet varsla om bileta

Det var studentombodet ved Universitetet i Bergen, Sindre Dueland, som i fjor haust varsla om bileta, for å hjelpe studentane. Ifølge saksdokumenta skal eks-kjærasten til forskaren ha funne bileta på ein pc då ho hadde tilgang til leiligheita hans for å mate katta hans medan han var på ferie.

Forskerforbundet var, og er framleis, svært usamde i oppseiinga, og varsla allereie i juni at dei ville klaga. No har saka blitt behandla på nytt, 19.august, i eit fakultetsstyremøte som heller ikkje denne gongen var lagt ut og offentleggjort slik styremøte brukar å vere.

Hemmeleg møte - for andre gong

— Eg kan stadfesta at det er same sak, seier dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet, Helge Dahle, når Khrono spør om det er saka frå juni som har vore oppe på nytt i eit ekstraordinært fakultetsstyremøte i august.

— Kva vedtok de?

— Me heldt fast ved vedtaket frå førre møte, og saka går vidare, seier Dahle.

Han ønskjer ikkje å seia om vedtaket var samrøystes.

Beramminga og styrpapir, samt sakslite til det ekstraordinære fakultetsstyremøtet var ikkje kjent, slik dei ordninære møta er. Fakultetsstyret skal ifølgje møteplanen ha sitt første møte 9.september.

— Kvifor eksisterer ikkje dette møtet nokon stad?

— Det eksisterer i den ordinære innkallinga, seier Dahle.

— Men det ligg ikkje på nettet.

— Ved ein inkurie vart det ikkje sett opp på nettet, og det kan skuldast ferieavvikling. Men me skal sjå på rutinane våre, seier han.

Heller ikkje møtet der saka vart behandla første gong i juni i år, stod på den ordinære møteplanen. Dette møtet kom opp etter at Khrono tok kontakt.

— Det er lett å mistenkja dykk for å gjera dette med vilje?

— Det kan eg avkrefta. Me har ingen intensjon om å ikkje følgja reglane, seier Dahle.

I sakspapira, som Khrono fekk innsyn i tysdag ettermiddag, viser fakultetet til ei vurdering som advokatfirmaet Thommessen har gjort. UiB har nytta det private firmaet i denne saka, og det var dei som meinte at forskaren kunne seiast opp.

I sakspapira heiter det at dekanen er samd i Thommessen AS sine vurderingar om at klagen frå Forskerforbundet ikkje innehelt ny informasjon om verken oppseiingsgrunnlaget sine faktiske eller rettslege sider, og står fast på at vilkåra for oppseiing er oppfylde. No går saka vidare til universitetsstyret.

Meiner rektor og dekan er inhabile

Det var Forskerforbundet sentralt som klaga på vegner av den oppsagde forskaren.

Dekan Helge Dahle meiner at han ikkje kan vere inhabil i oppseiingssaka.

I klagen, som låg ved sakspapira, peikar Forskerforbundet, ved advokat Mariann Helen Olsen, særleg på to ting: For det første meiner ho at både rektor og dekan er inhabile og ikkje kan behandla saka, og meiner at saka må gå til Kunnskapsdepartementet for endeleg avgjerdsle. Grunnen til det er at dei begge har uttalt seg i media om saka før ho er avslutta.

Klagesaka skal opp i universitetsstyret, der rektor er styreleiar.

Rektor Dag Rune Olsen har tidlegare sagt til Khrono at han ikkje har kommentert sjølve saka, men kome med faktuelle opplysningar. Men han har sagt at saka høyrer heime i metoo-spekteret. Det synest Forskerforbundet er problematisk.

— Eg er tilsett dekan, og ikkje medlem av fakultetsstyret. Det ville vore merkeleg om eg hadde ei anna meining om saka enn den eg la fram for styret, seier dekan Dahle, og legg til at han har uttalt seg til media etter at saka hadde vore oppe i fakultetsstyret, og etter at Forskerforbundet var varsla om vedtaket.

Bernstrøm legg fram saka

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm er den som legg fram saker for universitetsstyret. Han seier at habilitet er noko rektor sjølv må vurdera i dialog med styret.

— Men administrasjonen vil kunne koma med råd, seier Bernstrøm.

Han har så langt ikkje fått saka formelt oversendt frå fakultetet. Ei eventuell habilitetsvurdering vil bli avgjort i universitetsstyremøtet som etter planen skal haldast 24.september.

Mannen skal først ha fått ei åtvaring for å ha hatt ein for tett relasjon til to kvinnelege studentar.

— Relasjonane var intime, ikkje seksuelle, men for tette sett i lys av at du var rettleiar for studentane. Relasjonane har sett studentane i ein utfordrande og ukomfortabel situasjon, og å oppføra seg slik er ikkje akseptabelt for ein tilsett ved UiB, heiter det i åtvaringa.

Det skjedde ikkje noko nytt i saka mellom åtvaringa og handsaminga i fakultetsstyremøtet, men UiB fekk tilsendt dei omtala bileta, via studentombodet. Det var ny informasjon som gjorde at saka kom opp i fakultetsstyret, har dekan Dahle tidlegare sagt til Khrono.

Det skal vera to kvinner som varsla om den vitskapeleg tilsette. Ei av dei skal ha hatt eit forhold til mannen.

Varsla klage

UiB sine eigne juristar meiner at det ikkje er grunnlag for å seia opp mannen. Dette kjem fram i eit notat Khrono har fått innsyn i. Juristane meiner heller ikkje at det er snakk om seksuell trakassering, og skriv i det same notatet at dersom ein hadde visst om bileta då saka kom opp i 2018, kunne det vore grunnlag for å gi mannen ordensstraff, men ikkje for å seia han opp.

Forskerforbundet har heilt sidan saka kom opp vore svært kritiske. Steinar Vagstad, som er leiar i Forskerforbundet ved UiB, har tidlegare sagt at fagforeininga kjem til å klaga oppseiinga inn for universitetsstyret og vidare inn i rettssystemet dersom det vert naudsynt.

— Det er ei viktig prinsippsak, sa Vagstad i juni.

Då det blei kjent at dei nye opplysningane i sakan handla om nærbilete av studentar, sa Vagstad at det er snakk om heilt uskuldige bilete.

Studentombod Dueland sa til Khrono i sommar at han oppfatta bileta og saka som seksuell trakassering.

Ikkje informert om møtet

Verken Forskerforbundet eller den oppsagde forskaren var informert om at fakultetsstyret skulle ha sitt møte i august.

— Forskerforbundet har bede om at saka blir tatt vidare til universitetsstyret, så det fakultetsstyret no skulle gjera var å ta stilling til om det hadde kome til ny informasjon. Vidare informasjon og kontradiksjon vil ein få høve til å gi i samband med universitetsstyresaka, seier Dahle.

— Så dei har ikkje visst om møtet no?

— Nei, det er ikkje praksis for at ein trekkjer dei inn i mellombehandlinga.

Forskerforbundet ber i klagen om at dei vert haldne orienterte om vidare prosess, og om at dei får høve til å møta i universitetsstyret.

Universitetsstyret skal etter planen ta den endelege avgjersla om oppseiing 24.september.

Forskarforbundet trugar om å ta saka vidare i rettssystemet dersom universitetsstyret stadfestar oppseiinga av forskaren.

Powered by Labrador CMS