Debatt

Tyskarvits-saka fyller eitt år!

Ei betre sakshandtering hadde spart begge for masse plager, og alle impliserte UiB-leiarar seier at saka burde ha vore handtert annleis, skriv Steinar Vagstad i Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen.

Deler ein opp saka, vil ein kanskje sjå at saka ikkje er kompleks og vanskeleg, men heller ei kjede av relativt enkle saker der det går an å peike på kor hen det gjekk gale, skriv Steinar Vagstad.
Deler ein opp saka, vil ein kanskje sjå at saka ikkje er kompleks og vanskeleg, men heller ei kjede av relativt enkle saker der det går an å peike på kor hen det gjekk gale, skriv Steinar Vagstad.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Forrige onsdag, den 19.8, var det eittårsdagen for episoden som meir enn noko anna har sett UiB på kartet siste månadene. Alle ser ut til å vere einige om at saka er blitt blåst fullstendig ut av proporsjonar, og markeringa av eittårsdagen kan vere eit fint høve til å stoppe opp og tenkje over kva som gjekk gale.

Ulike kommentatorar har karakterisert dette som ei stor, kompleks og vanskeleg sak, og mange irriterer seg over at diskusjonen går på andre ting enn det dei meiner saka eigentleg dreier seg om. Etter mitt syn er det fruktbart å prøve å dele opp saka – dette gjer det mogleg å diskutere læringsmiljø (som for eksempel rektor Dag Rune Olsen hevdar saka dreier seg om) og ytringsfridom (som mange UiB-eksterne kommentatorar legg stor vekt på) og andre ting utan å sause dei ulike diskusjonane unødig saman. Då vil ein kanskje sjå at saka ikkje er kompleks og vanskeleg, men heller ei kjede av relativt enkle saker der det går an å peike på kor hen det gjekk gale.

Her er mitt forsøk på å skilje dei ulike delane av saka frå kvarandre. (Her tar eg berre med «tyskarvitsen». Denne saka står på eigne bein, og «Steppeulvepisoden» og dei andre studentklagene som dukka opp etter Khronos oppslag i juni bør kunne handterast på same måte.)

1. Studentvarsel om hending på forelesning: Ein tysk student har ei dårleg oppleving på førelesing og melder frå om dette, først munnleg til saksbehandlar i fakultetsadministrasjonen, deretter skriftleg gjennom SiFra-systemet.

2. Intern saksgang: Institutt og fakultet legg seg flate for studentklagen utan å ta stilling til om det studenten har klaga over er kritikkverdig/beklageleg eller ikkje, og beklager til studenten. Professor Larsen protesterer mot at fakultetet beklagar på hans vegner, og vil ha dei til å presisere at han ikkje beklaga det han hadde sagt, berre at studenten hadde hatt det leitt og vondt. Etter nokre rundar med instituttleiar Harris får Larsen notatet der Harris gjer greie for si forståing av lovstatus, og der ho konkluderer med munnkorg og trussel om personalmappa.

3. Intern varsling om kritikkverdige forhold: Eg syntest dette var såpass drøy kost at eg varsla universitetsleiinga (rektor og universitetsdirektør) om saka og ba dei ordne opp.

4. Ekstern varsling om kritikkverdige forhold: Ryktet om episoden og arbeidsgjevars handtering hadde nådd Khrono, og i juni hadde Larsen fått nok av at ingenting skjedde og snakka med Khrono. Dette har status som ekstern varsling.

5. Erstatningsoppgjer til studenten: Studenten klagar gjennom advokat på at UiB ikkje har beskytta han/henne slik at heile verda har fått greie på historia. Dette utløyser ein avtale om økonomisk kompensasjon.

Ei grov inndeling av debatten er at studenten og støttespelarane helst vil diskutere punkt 1 som handlar om læringsmiljø og punkt 5 som handlar om personvern knytt til studentvarsling, medan professor Larsen og hans støttespelarar (eg er blant desse) meiner at det er punkt 2-4 som har størst offentleg interesse.

Det betyr ikkje at vi ikkje er opptatt av læringsmiljø eller av korleis studentvarslingar bør handterast. For å ta det siste først: Viss den kritikkverdige saksbehandlinga av varslingssaka hadde blitt ordna opp i internt hadde vi ikkje måtta varsla eksternt, og då hadde ikkje saka nådd media heller. Det kan ikkje vere slik at offentleg søkjelys på saka er så truande mot studentens personvern at det kan avskjere Larsens rett til å varsle om kritikkverdige forhold. Det er ingen ting som tyder på at studentens identitet er leken, og episoden som blei fortalt om skjedde i det offentlege rom.

Læring og læringsmiljø er sjølvsagt viktig for oss som underviser, og vi diskuterer det ofte og gjerne. Men det blir useriøst å skulle vurdere læring og læringsmiljø i lys av einskildepisodar som denne. Læring er funksjon av ein bråte med variable. Larsen får, etter det eg har snappa opp, gode studentevalueringar, og det er i alle fall ein indikasjon på at læringsmiljøet rundt han er bra.

Ei grov inndeling av debatten er at studenten og støttespelarane helst vil diskutere punkt 1 som handlar om læringsmiljø og punkt 5 som handlar om personvern knytt til studentvarsling, medan professor Larsen og hans støttespelarar (eg er blant desse) meiner at det er punkt 2-4 som har størst offentleg interesse.

Steinar Vagstad, Forskreforbundet ved UiB

Ei forelesning dreier seg om kommunikasjon mellom menneske, det er element av improvisasjon, og i knippet av pedagogiske verkemiddel for å engasjere studentane ligg både fleip, overdriving, karikering og milde provokasjonar. Ein må rekne med at studentar av og til reagerer negativt på slik dramatisering. Forelesaren kan ha gått over streken, studenten kan ha misforstått, og studenten kan ha veldig låg terskel for å føle seg krenkt. Uansett, når varsel er sendt er dette noko som saksbehandlinga burde kunne avdekke, og eventuelle tiltak må differensierast i forhold til kva ein har avdekt. Misforståingar bør oppklarast. Ein forelesarar som har gått over streken bør få tilbakemelding om det og beskjed om å skjerpe seg. Viss ein meiner at det ikkje var noko å sutre over bør studenten få beskjed om det.

Dette skjedde ikkje. Arbeidsgjevar har – eitt år etterpå – enno ikkje tatt stilling til om episoden som blei klaga på dreier seg om ei misforståing, eit stort eller lite overtramp, ein altfor lettkrenkt student, ein kombinasjon av desse eller kva. Det har ikkje hindra dei i å gje studenten råd om å klassifisere hendinga som mobbing, trakassering eller diskriminering. Deretter legg dei seg flate og beklagar episoden, med referanse til at dei har nulltoleranse for mobbing og trakassering, noko som er nærliggjande å tolke som at dei har gitt studenten medhald i at han eller ho har blitt mobba og trakassert. Interessant nok meiner både studenten og Larsen at beklaginga frå fakultetet må tolkast slik, medan fakultetsleiinga hevdar at ei like nærliggjande tolkning er at dei berre beklager studentens oppleving. Eg må gje fakultetsleiinga rett i at beklaginga er litt ullen, og har bede dei om å klargjere korleis den skal tolkast. Det har dei hittil nekta å gjere.

Larsen får etter kvart sjå denne beklaginga og vil ha presisert at han ikkje beklagar det han sa på forelesning, sjølv om han synest det er leitt at studenten har feiloppfatta han. Han ber også om at dette blir kommunisert til studenten. Dette skjer ikkje – i staden får Larsen det no berømte notatet frå instituttleiar Harris der ho gjer greie for si lovforståing. Essensen i denne er at når ein student varslar at han eller ho føler seg krenkt, så har vedkommande lova på si side, universitet og forelesar har plikt til å beklage på det sterkaste og å sette inn tiltak for å hindre at slike krenkingar skjer igjen, uavhengig av kva det er studenten hevdar er årsaka til at han eller ho er krenkt. Dette er etter mitt syn kardinalfeilen i saksbehandlinga. Utan å ta stilling til denne konkrete saka må ein kunne slå fast at dette er heimesnekra jus. Det kan ikkje vere slik at studenten alltid har rett, sjølv når studentens klage byggjer på misforståingar eller heilt urimelege tolkningar.

Lovtolkinga munna denne gongen, logisk nok, ut i forbod mot å gjere koblingar mellom tyskarane som var her under krigen og tyske turistar i dag. Mykje av diskusjonen har dreia seg om denne munnkorga og korleis den står seg målt opp mot ytringsfridom og akademisk fridom. Det er nok unødvendig komplisert. For å sitere Henrik Ibsen/Peer Gynt: «Hvor udgangspunktet er galest, blir tidt resultatet orginalest.» Ein treng ikkje å lese andre lover for å forstå det uforsvarlege i å sette inn tiltak basert på ein klage utan først å ta stilling til om klagen er rett, feil eller misforstått.

I dag, eitt år etterpå, er tilstanden slik:

  • Arbeidsgjevar har enno ikkje tatt stilling til sjølve varselet.

  • Notatet til Harris der lovforståinga blir gjort greie for har framleis status som gjeldande beskjed frå arbeidsgjevar til Svein Larsen, med eitt unntak: setninga der munnkorga blei gitt skal endrast. Seks veker etter at vi fekk beskjed om dette ventar vi framleis på ny versjon, men har i det minste fått opplyst at munnkorga er tatt bort.

Når det gjeld det å ta stilling til varslet, så påstår studenten framleis at episoden viser at Larsen «mener at det er for mange tyskere ved fakultetet» (Bergensavisen 15/8) og at Larsen meiner at «tyske ansatte på universitetet har skjulte, vonde hensikter» (brev fra advokat Eriksen datert 13/7/2020). Larsen meiner på si side at han ikkje har noko mot tyskarar og at begge episodane var sagt i beste meining og slett ikkje for å mobbe eller trakassere tyskarar generelt eller denne studenten spesielt. Kanskje arbeidsgjevar kan undersøke om det finst andre haldepunkt for å hevde at Svein Larsen er tyskfiendtleg? Viss dei kjem til same konklusjon som alle som kjenner Svein Larsen ville det ikkje vere så dumt å prøve å korrigere studentens vrangforestilling på dette punktet, sidan mykje av kritikken mot Larsen ser ut til å kvile på denne.

Det er ingen tvil om at både studenten og professor Svein Larsen har hatt og framleis har det leitt. Ei betre sakshandtering hadde spart begge for masse plager, og alle impliserte UiB-leiarar seier at saka burde ha vore handtert annleis.

Det er kanskje på tide å gjere noko då?

Powered by Labrador CMS