akademisk fridom
Universiteta i Afghanistan fungerer ikkje lenger
Ideologisk kontroll, sensur og utreinskingar i administrasjonen. Akademikarar i Afghanistan skildrar ein kollaps.
Landet er i ferd med få eit system for høgare utdanning der politiske kriterium erstattar faglege kvalifikasjonar, skriv Times Higher Education (THE). Akademisk arbeid har ikkje vore mogleg utan sjølvsensur etter at Taliban tok over kontrollen i landet i 2021.
Times Higher Education har snakka med fleire akademikarar i Afghanistan som av omsyn til tryggleiken uttalar seg anonymt om situasjonen i landet.
— Ein vanleg dag handlar meir om uvisse og risikohandtering enn om akademisk arbeid, seier ein mannleg forskar i byrjinga av 50-åra.
Han skildrar livet på campus som «meir kontrollert og emosjonelt krevjande» der kollegaer unngår opne diskusjonar og studentar er forsiktige med kva dei seier.
Folk har ei konstant kjensle av at det akademiske arbeidet må passe med ideologiske forventingar heller enn akademiske standardar, ifølgje den intervjua akademikaren.
Taliban stramma til
Etter at den USA-støtta regjeringa fall, har systemet gradvis endra seg. Tilsettingar blir oftare gjort på ideologisk grunnlag snarare enn basert på undervisning, forsking og prestasjonar, fortel ein annan akademikar THE har snakka med.
I fjor stramma Taliban til kontrollen med universiteta. Tilgang til internett vart mellombels stengt, og med det vart den siste livlina kutta for mange.
Styringsstrukturane er blitt omforma gjennom det som blir skildra som «administrative utreinskingar». Det har ført til at erfarne leiarar har blitt fortrengt. Mange sentrale personar i akademia har reist frå landet.
Å gi uttrykk for synspunkt eller utføre forsking som ikkje blir sett å vere i samsvar med Taliban-ideologien, kan ifølgje ei av kjeldene føre til trakassering, arrestasjon og fengselsstraff.
Forbod mot kvinner
Kjeldene i Afghanistan fortel at det uformelle presset ofte er sterkast. Det er umogleg å vite nøyaktig kva som blir rekna som uakseptabelt.
— Så folk sensurerer seg sjølve før nokon andre gjer det, seier ein av dei som er intervjua.
Sensuren omfattar både undervisningsmateriell og forskingspublikasjonar. I biblioteka blir «upassande» bøker fjerna frå hyllene.
— Standard internasjonale lærebøker kan bli sensurert berre fordi dei inneheld figurar av menneske eller dyr, seier ei kjelde.
I tre år har campusane vore berre for menn, etter at Taliban stengte kvinner ute frå universiteta i 2022.
— Det har vore til skade for universiteta på fleire måtar. Talent og kompetanse har gått tapt. Det går utover det akademiske mangfaldet og kvaliteten i undervisninga. I tillegg er det demoraliserande og fører til at studentar og tilsette mistar håp, seier ein intervjua akademikar til THE.

Nylige artikler
Ho veit at det kjem ein ny, vondarta svulst. No har ho tatt doktorgrad
Religionspolitikk og teologi i akademia
Her er studentene maksimalt fornøyde
Smalere opptaksgrunnlag vil svekke både fagskolene og arbeidslivet
Svein Tuastad vil gjenreise ein «ukul» Habermas i akademia
Mest leste artikler
Søknaden ble vraket. Klage ga ny sjanse og tommel opp
Studenter på deltid i et fulltidsstudium
Oppfordrer til sensurnekt
Her er de mest fornøyde lærerstudentene
72 norsk-israelske samarbeid i Horisont Europa. — Det er sjokkerende