utdanning

Universitetet i Bergen vil berge logoped­studiet

Universitetsstyret vil «lage en bærekraftig modell som sikrer videre drift av masterprogrammet i logopedi».

Rektor Margareth Hagen og leiinga ved UiB skal finne ein måte å sikre vidare drift for logopedstudiet.
Publisert Sist oppdatert

Spørsmålet om den framtidige lagnaden til logopedstudiet ved Universitetet i Bergen stod på dagsordenen då universitetsstyret hadde møte torsdag, denne gongen i Brussel. 

Eit samrøystes vedtak legg no opp til at logopedstudiet skal halde fram.

— No er eg utruleg glad og letta. Signalet er at universitetet ønskjer å hjelpe oss med å finne ein veg og bidra økonomisk til å finne gode løysingar, seier førsteamanuensis ved logopedstudiet Sunniva Sørhus Eidsvåg.

Styret har ifølgje vedtaket gitt universitetsleiinga fullmakt til å finne løysingar for økonomien i tide til at programmet kan setjast i gang igjen frå og med hausten 2026.

Fagmiljø og studentar har dei siste dagane uttrykt sterk bekymring for avgjersla som styret ved Det psykologiske fakultet tok sist veke om å stanse opptaket av studentar og setje masterprogrammet i logopedi «på pause».

Fakultetsleiinga har også fått kritikk for manglande dialog med dei tilsette og studentane etter det som blei kalla eit hastevedtak.

— Forventar dialog

I vedtaket frå universitetsstyret torsdag heiter det at målet er ei «midlertidig økonomisk løsning for haust 2026 og vår 2027». Vedtaket seier ikkje noko om korleis drifta skal sikrast etter den tid. Men universitetsstyret «forutsetter» at fakultetet sørger for å vedta «en bærekraftig økonomiske modell» som kan sikre vidare opptak i 2027.

Det er ein svært vanskeleg økonomisk situasjon ved fakultetet som var bakgrunnen for at fakultetsstyret med sju mot fire stemmer vedtok å stanse logopediprogrammet. Ein av dei tilsette har gått over i ei stilling som instituttleiar, ein annan har blitt pensjonist. Ifølgje fakultetet finst det ikkje pengar til nye tilsettingar eller vikarar.

Kvinne i svart står ved murbygning på brosteinsgate med uklar bybakgrunn
Leiar i Noregs logopedforbund Katrine Kvisgaard er glad for at UiB har lytt at til fagmiljøet.

Noregs logopedforbund og resten av fagmiljøet har dei siste dagane mobilisert mot det dei frykta ville bli ei rasering av utdanninga i Bergen.

— Vedtaket viser at universitetsstyret har lytta til studentane, fagmiljøet, brukarorganisasjonar og forbund, og at dei forstår alvoret i situasjonen. No forventar vi at arbeidet med å finne ein berekraftig modell skjer i tett og reell dialog med fagmiljøet, seier leiar Katrine Kvisgaard.

«Klok beslutning»

I ein skriftleg kommentar skriv dekan ved fakultetet, Stine Lehmann:

«Universitetsstyret har fattet en klok og god beslutning i denne saken. Jeg er lettet over at fakultetet nå får mulighet til å ta opp studenter til høsten på dette viktige studiet. Dette vil bidra til å sikre videre drift innenfor forsvarlige rammer for våre ansatte og studenter til høsten. Universitetsstyret forutsetter at en økonomisk bærekraftig modell for masterprogrammet må legges frem til fakultetsstyret til høsten. Dette tar vi til etterretning.»

 

Powered by Labrador CMS