utdanning

Forskerforbundet ut mot logopedstopp: — Dekker over realiteten

Forskerforbundet er kritisk til måten logopedistudiet ved Universitetet i Bergen er blitt stengt ned på. — Ei alvorleg sak, seier leiar Kjell Erik Lommerud.

Kjell Erik Lommerud seier han forstår at det er ein vanskeleg økonomisk situasjon ved fakultetet, men at logopedi burde fått unntak frå tilsettingsstopp.

Styret ved Det psykologiske fakultet vedtok i eit ekstraordinært møte sist veke at masterstudiet i logopedi skal setjast «på pause» i 2026, og opptaket av nye studentar er stansa. 

Det skjedde i form av eit hastevedtak, utan reell dialog med fagmiljøet og at formelle krav til medverknad var oppfylte, ifølgje Noregs logopedforbund (NLF).

Dekan ved det Psykologiske fakultet, Stine Lehmann, forsvarar vedtaket og meiner det er gjort «i dialog med fagmiljø» og at «medvirkning er ivaretatt av etablerte fora».

No melder Forskerforbundet seg på i debatten.

— Formuleringar om at dette er bestemt i samråd med fagmiljøet dekker over realiteten, nemleg at dei er imot dette, seier hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen (UiB), Kjell Erik Lommerud.

— Mangelfull medverknad

Forskerforbundet har ein representant i Informasjons- og drøftingsutvalet (IDU) på fakultetet, ein av dei formelle kanalane for dialog mellom leiing og tilsette.

Ifølgje Lommerud kan formuleringa «i samråd med institutt og fagmiljø» lett misforståast som at fagmiljøet støttar vedtaket.

— Vår representant stemte for å sette studiet på pause. Men det vart gjort i forvissing om at det faktisk var semje med fagmiljøet og instituttet om å gjennomføre dette. Det var det openbert ikkje.

— Dette er mangelfull medverknad, understrekar han.

Lommerud viser til instituttrådet som ein annan kanal for medverknad, som er naturleg å bruke. 

— Strategisk viktige saker skal leggast fram for dette forumet. Her er dette ikkje gjort. Institutt for klinisk og biologisk psykologi er resultatet av ei nyleg samanslåing, og ein har rett og slett ikkje klart å konstituere eit instituttråd. Men dette burde ha vore gjort med ein gong, slik at rett organ kunne uttalt seg på instituttet sine vegner, seier han. 

Forskerforbundet meiner logopedfaget har hamna i ein skvis som følgje av den vanskelege økonomiske situasjonen ved Det psykologiske fakultet.

Lommerud meiner også at saka er så viktig at ho burde blitt tatt opp i det sentrale forhandlingsutvalet ved UiB. 

— Der ville vi sagt ifrå om at medverknaden ikkje har vore tilfredsstillande.

Dekan Stine Lehmann har så langt ikkje ønskt å stille til intervju med Khrono, men har skriftleg forsvart vedtaket i ein e-post:

«Fakultetsledelsen har jobbet med denne saken gjennom høsten i dialog med fagmiljø, instituttledelse og universitetsledelsen. Vedtaksprosessen har følgt formell saksgang hvor medvirkning er ivaretatt av etablerte fora».

Fryktar rasering

Lommerud seier han deler inntrykket til fagmiljøet om at vedtaket, som vart gjort med sju mot fire stemmer i fakultetsstyret, er blitt banka gjennom i høg fart.

— Dersom ein vil endre på dette, burde det etter vår meining vere naturleg å sikte mot neste runde i universitetsstyret om dimensjonering av programma. Det skjer til hausten, seier Lommerud.

Universitetsstyret vedtok så seint som i november 2025 å oppretthalde og lyse ut dei 22 studieplassane i logopedi.

Fagmiljøet og studentane ved studiet fryktar at vedtaket betyr slutten for logopedi ved UiB.

— Dette er i praksis ei rasering, uttalte leiar i Noregs logopedforbund, Katrine Kvisgaard, til Khrono.

Logopedistudiet har mange søkarar, gjennomføringsgraden er høg og behovet for logopedar er stort. Samtidig har fakultetet pressa økonomi og er underlagt stillingsstopp frå universitetsleiinga.

Ifølgje dekan Stine Lehmann kan studiet bli starta opp igjen, dersom det blir økonomi til det. 

— Ein seier at dette berre er snakk om ein pause for logopedistudiet, og at det kan gjenopprettast om økonomien blir betre. Men alt tyder på at den økonomiske situasjonen ved fakultetet vil vare i lang tid framover, er Lommeruds kommentar.

— Burde fått unntak

Fagforeiningsleiaren meiner logopedi har komme i ein skvis, etter at ein av dei tilsette på faget er blitt instituttleiar. I tillegg er ei halv fagleg stilling blitt ledig etter pensjonering. 

— Det psykologiske fakultetet står i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon, så vi forstår at noko må gjerast. Men å stenge eit velfungerande program basert på at tilsette tilfeldigvis sluttar, kan fort bli feil. Knapt noko masterstudium ved UiB er lønsamt slik finansieringssystemet er lagt opp. Mange er langt mindre lønsame enn logopedi. Gitt den spesielle situasjonen, der ein tilsett er blitt instituttleiar, burde det blitt gjort unntak frå tilsettingsstoppen og tilført midlar til vikar. 

Powered by Labrador CMS