klima
Universitetsfolk reiser mindre til resten av verda
Langt færre reiser til land utanfor Europa, viser klimarekneskap. Men Universitetet i Bergen har gitt opp målet om å bli klimanøytralt.
Det er gått nokre år sidan «flyskam» og «klimabrøl» var overskrifter og klimakrisa låg øvst på universiteta sine sakslister.
Denne veka gjer klimasaka eit comeback når universitetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB) skal behandle klimarekneskap for 2024 og plan for klimaarbeidet fram mot 2030.
Klimarekneskapen viser mellom anna at dei tilsette reiste mindre med fly i 2024 enn i 2018, som var det første året UiB førte rekneskap med klimagassutslepp.
Følg UiB-styremøtet her frå kl. 10.00
14.000 flyreiser
Nedgangen i flyreiser gjeld alle kategoriar — men tydelegast er nedgangen for reiser til verda utanfor Europa.
I 2018 vart det registrert 2353 reiser til land utanfor Europa — og året etter 2458. I 2024 var talet redusert til 1350.
Totalt var det gjennomført 14.116 reiser (ein veg) i 2024. Det er ein nedgang på 24 prosent samanlikna med 2018, ifølgje saksframlegget til universitetsstyret. Det året vart det registrert 18.500 flyreiser.
Målt i utslepp av CO₂ og andre klimagassar (ekvivalentar) viser nedgangen eit høgare tal — 49 prosent. Forklaringa er at flyselskapa gjennom betre teknologi og betre utnytting av kapasitet har fått ned utsleppa.
Dei klimaforureinande flyreisene var ein heit potet i «flyskam-året» 2019, då universitetsrektorar med til dels tunge klimafotavtrykk nærast konkurrerte om å redusere reisinga.
Mindre CO₂
Oversikten over sjølve utsleppa frå UiB viser at det var ein nedgang på 19 prosent samanlikna med 2018. Nedgangen frå 2023 til 2024 var på 19 prosent, tilsvarande vel 2000 CO₂-ekvivalentar.
Det er dei indirekte utsleppa som utgjer den klart største posten i klimarekneskapen. Innkjøp av varer og tenester er den største andelen, dernest kjem reiser, flyreiser inkludert.
Om lag 30 prosent av utsleppa er knytt til reising. Då er både tilsette sine reiser, utvekslingsreiser til og frå UiB og reiser på forskingstokt til havs rekna med.
UiB innførte i 2019 ein reisepolicy, som skulle bevisstgjere dei tilsette og ta klima med i vurderinga av om flyreiser var nødvendige eller ikkje.
Skrota klimamålet
Universitetet i Bergen held fast på at dei tar «en ledende posisjon i det faglige arbeidet med bærekraft nasjonalt» — trass i at målet frå 2018 vart vurdert som urealistiske og skrota i fjor.
Målet var opphavleg 89 prosent reduksjon i eigne utslepp innan 2030 (resten var tenkt dekt inn med kjøp av klimakvotar). Det var «vanskelig å sette et alternativt mål», heitte det i saksutgreiinga då universitetsstyret diskuterte ambisjonar i 2024. Bakgrunnen for avgjersla var ein internrevisjon av klimaarbeidet.
I saka som ligg på bordet denne veka heiter det at ein no legg eit «realistisk tilnærming og en dreining mot strukturert og målrettet arbeid» til grunn for klimaambisjonane.
Målet om ein vesentleg reduksjon av i klimagassutslepp knytt til innkjøp av varer og tenester kjem UiB truleg heller ikkje til å klare innan fristane som først vart sette. Det blir også peikt på utfordringar med å finne ein rett måte å måle desse utsleppa på.
Universitetet legg no opp til andre konkrete mål fram mot 2030, mellom anna å reduserer innkjøp av nye møblar med 20 prosent og datamaskinar og mobiltelefonar med 10 prosent.

Nylige artikler
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Ikke legg ned Akademisk dugnad
NTL og de andre
Mann (58) sverger til ukulele
Forskningsrådet myker opp reglene for karantene
Mest leste artikler
Delstaten Florida boikotter fem norske universiteter
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Svarer «langsom professor»: — Ikke mulig å drive toppforskning med norsk arbeidsmoral
Hardt ut mot stempel som ekstrem. — Orwellsk nytale
Student fekk stryk etter bibelske svar om kjønn. Sensor suspendert