Debatt Roar Ulvestad

Utan fag­foreningene hadde vi ingenting

Å skilje mellom lønnsarbeider og fri forskar, slik Ole Johnny Olsen gjer, er ein falsk dikotomi.

— Den dagen vi sluttar å kjempe for våre rettar gjennom fagorganisasjonar – som profesjonsutøvarar – er dagen vi har tapt kampen om betre arbeidsvilkår, skriv Roar Ulvestad i dette innlegget. Biletet er frå ei 1.mai-markering på Youngstorget i Oslo

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eg er ikkje imponert over argumenta til professor Ole Johnny Olsen, når han bruker det eg vil kalle ein falsk dikotomi for å skildre arbeidsvilkåra i universitets- og høgskulesystemet. Om han uttrykker ei allmenn haldning i akademia, forklarer det kanskje kvifor arbeidsforholda og lønsvilkåra i akademia har blitt som dei er.

Han framstiller «lønnsarbeider» som eit tvilsomt omgrep som ikkje er verdig til å bruke på kunnskapsarbeidaren i akademia. Han stiller lønnsarbeideren opp mot den frie forskar, som ikkje forskar for pengar, men for å vere i front i samfunnet si kunnskapsutvikling. Han seier i teksten at

«Jeg sa en gang for mange år siden at den dagen vi på universiteter og høgskoler må reise kampen for våre rettigheter gjennom fagorganisasjoner — som lønnsarbeidere — er dagen vi har tapt kampen.»

Ein fagorganisasjon er meir enn ein samanslutning av «lønnsarbeidere», som konverterar deler av sin tilmålte tid på jorda til pengar. Ein kan ikkje seie «fagorganisasjon» utan å seie fag, og dei fleste fagorganisasjonar i dag har tre bein å stå på, eller tre kampar å kjempe: betre løn, gunstigare arbeidsforhold og sterkare vilkår for faget, faga eller profesjonen ein representerer.

Det finst knapt ein organisasjon som arbeider isolert med å tvinge lengda på loffen opp og lengda på dagen ned. Eg vil heller seie at den dagen vi sluttar å kjempe for våre rettar gjennom fagorganisasjonar – som profesjonsutøvarar – er dagen vi har tapt kampen.

Å lengte tilbake til ein gullalder då ein fekk sine pengar, betalte sine rekningar og hadde fagleg autonomi til å fokusere på eigne kjerneoppgåver gjer vi vel alle i kunnskapssektoren, men nostalgi aleine er ikkje eit eigna reiskap til å olboge seg rom for den frie tanke og den utviklande praksis.

Det er ein farleg veg å gå om hovudspenninga i denne problematikken Olsen vil utfordre skal stå mellom «lønnsarbeidet» og det ein elles tradisjonelt har kalt «kalls-tanken». Om ein tenker motsatt, at styrka løns- og arbeidsvilkår vil støtte vilkåra for å arbeide med kjerneoppgåvene sine, eller «kallet sitt» er det mykje meir fruktbart.

Det meinar eg fordi at eg trur om ein held på denne dikotomien, fører ein inn eit skilje mellom idealistane og dei som ikkje er det, mellom dei gode og dei dårlege, mellom dei som aldri ser på klokka og dei som går heim klokka fire, mellom dei som ikkje er i tidsklemma og dei som er i den. Når lønsarbeidarar under 30 ser på klokka at den nærmer seg fire, er det ikkje for å komme seg vekk frå jobb, men ofte for å rekke barnehagen.

Fører vi inn dette skismaet i arbeidsstokken mellom «the good and the bad» (og held «the ugly» utanfor), skader det kollektivet, og arbeidsvilkåra vil utan tvil bli ståande på «stedet hvil» når arbeidsgjevar kan basere drifta si på meirarbeidet til dei som er i ein livsfase- eller situasjon der ein kan og vil arbeide døgnet rundt .

Eg har sjølv vore lærar «i alle år», i dei fleste skuleslag, og er midt i feltet når det gjelder arbeidstid (og mykje anna). Dei som arbeider seg «spent i hel» er dei som anten er so unge at dei enno ikkje har fått tidsklemma sine klamme grep rundt luftrøret, eller dei tilårskomne med ungane ute av reiret, som har all verda med tid til å stelle og stulle med både fag og folk. Kanskje mest for å stette sine eigne behov for å vere omsorgsperson, og sleppe stillheita i heimen. Ikkje veit eg.

Det kan uansett ikkje vere desse som skal definere arbeidstidsforståinga for kollektivet som heilskap, arbeidsgjevar medrekna. Om du er forskar, undervisar i universitet- og høgskule eller lærar i eitt eller anna skuleslag, skal det vere ein jobb som er mogleg å gjennomføre utan å vere singel, barnlaus og utan private interessefelt utanfor yrkesutøvinga.

Ein kan ikkje seie «fagorganisasjon» utan å seie fag, og dei fleste fagorganisasjonar i dag har tre kampar å kjempe: betre løn, gunstigare arbeidsforhold og sterkare vilkår for faget, faga eller profesjonen ein representerer.

Roar Ulvestad, lektor i norsk

Akademikarar får jo ofte barn seinare enn andre, og det er ikkje fordi dei er tungnemme på feltet reproduksjon, men gjerne fordi dei har hendene og hovudet fulle med karriere i dei åra der venene frå vidaregåande for lengst har starta å abonnere på «Vi i villa».

Eg voner at vi aldri gjev slepp på kalls-tanken, å arbeide utelukkande for pengar må vere ufatteleg kjedeleg. Om arbeidsgjevar baserer drifta på at kallstanken held folk gåande utan at dei stiller eit einaste krav til arbeidsforhold eller løn, er det likevel ei bjørneteneste for både arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Olsen seier at «(…) primært har man analytisk hatt en annen rolle som kunnskapsprodusent, underviser og samfunnsmessig engasjert borger.» Eg kan ikkje sjå anna enn at ein er ein like god kunnskapsprodusent, underviser og samfunnsengasjert borger» av å ha regulerte arbeidstilhøve og ei løn til å leve av.

Mange amanuenser tenar dårlegare enn ein lektor i skulen, og lærarutdannarar tener faktisk dårlegare enn dei dei utdannar. Dette er rimeleg men ikkje rett, for å seie det sånn. Ein vert ikkje mindre profesjonell av å stille krav til løns- og arbeidssituasjon.

Eg har ikkje kunnskap til å felle ein dom over organisasjonsmedvitet i universitets- og høgskulesektoren, men nekter å akseptere det Olsen legg fram som ei motsetting mellom å stille krav som lønsarbeidar og det å praktisere og utvikle samfunnsmandatet sitt som akademikar. Eg har òg for mykje respekt for omgrepet «lønsarbeidar» til å gjere det til eit skjellsord. Det blir det britane kallar «toffee nosed».

Samfunnet er bygd på kunnskap, men det er òg bygd på at folk har bytta tida si i pengar, og arbeidd frå lønsutbetaling til lønsutbetaling utan at tida mellom har vore verken særleg spanande eller utviklande. Det er plenty av naudsynte, men kjedelege jobbar som er fundament for at vi kunnskapsarbeidarar kan sysle med våre særinteresser.

Eg trur heller ikkje at ein blir ikkje ein betre akademikar av å vere blakk og overarbeidd, og dei som arbeider i front i samfunnet si kunnskapsutvikling fortener ei prissetting som matchar den verdien dei tilfører samfunnet. Og då snakkar eg om samfunnsoppdrag og indre mandat

Stig Holmås har eit flott dikt som berre har blitt styrka i aktualitet i dei åra eg har vore lærar og tillitsvald, uavhengig av kva skuleslag eg har vore i. Det uttrykker poenga mine langt betre enn eg sjølv klarer. Ei fagforeining si grunnleggande målsetjing er å gjere seg sjølv overflødig, men det ser diverre ikkje ut som vi blir arbeidsledige med det fyrste.

Jeg etterlater mine barn dette diktet
For at de skal lære å elske vindene, havet,
Den søte lukten av stor kjærlighet,
-og fagforeningene.
Uten dem hadde vi ingenting.
Den sultne ser ikke det vakre.
Den trette orker ikke elske.

Jeg etterlater mine barn dette diktet
For at de skal lære å elske vindene, havet,
Den søte lukten av stor kjærlighet,
-og fagforeningene.
Uten dem hadde vi ingenting.

Roar Ulvestad er tillitsvald, fylkesstyremedlem og fungerande kontaktperson for universitet og høgskule, Utdanningsforbundet Vestland.

Les også:

Følg flere debatter i akademia på Khronos meningsside

Powered by Labrador CMS