Debatt ● asbjørn grønstad
Utvikling eller avvikling av forsking?
Bjørkums framlegg vil heller ikkje føre til den paradigmeskiftande gjennombruddsforskinga han ser for seg, men er derimot ei oppskrift på endå meir av det me trengt minst.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I neste månad blir FRAM-rapporten, om rammevilkår for forskingskvalitet, lagt fram for Universitetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB). Ein tar seg i å lure på korleis denne hadde sett ut om perspektiva til Per Arne Bjørkum hadde komme med.
I ein kronikk i Khrono 25. april tar Bjørkum til orde for ei «kontrollert ‘avvikling’» av forskingstida ved universiteta. Utgangspunktet er at UH-sektoren lyt stramme inn utgiftene sine, noko ein kan oppnå ved å forske mindre.
Premissen er klar nok. Det er «grunn til å tro,» skriv Bjørkum, «at de fleste vitenskapelig ansatte ikke er i stand til å oppfylle forskningsforpliktelsene.» Årsaka til dette er ikkje nødvendigvis at forskarane sluntrar unna, men at sjølve aktiviteten dei driv med er meir ekstremsport enn masseidrett. Å ta faget sitt framover og sette nye «’rekorder’» er ifølge Bjørkum sin begeistra idrettsmetaforikk noko kun «de aller flinkeste» og de «med helt spesielle evner» vil vere i stand til.
I sitt grundige tilsvar i Khrono 29. april går Hege Hermansen, Silje Bringsrud Fekjær og Marte Mangset i rette med Bjørkum om mellom anna forskingstid og produktivitet. Dei mange veikskapane i argumentasjonen – knytta til påstandar som at nesten ingen har publisert noko i 2020, til den upresise definisjon av «forskningsforpliktelser», og til misoppfatninga at viktig forsking ikkje kan gjennomførast utan eksterne midlar – vert systematisk gjendrivne av Hermansen et. al.
Eg skal ikkje gå vidare inn i dette. Men kva slags vitskapssyn kjem eigentleg til syne i Bjørkum sin tekst? Det kan ein gjerne reflektere litt over.
Bli varslet om debatt og nyheter
Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktigste debatt og de viktigste nyhetssakene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Idéhistorisk høyrer den essensialismen Bjørkum målbærer heime i Romantikkens førestilling om geniet, ein person, ofte kunstnar eller forfattar, som er animert av ein slags transcendental inspirasjon heller enn av handverksmessige ambisjonar. Men lenger unna realitetane i forskingsverda er det knapt mogleg å komme. Vitskapleg verksemd er kjenneteikna av framfor alt to ting: det kollektive og det pluralistiske.
Det er mange som bidrar, og det er mykje å forske på. Alt som vert publisert byggjer på ei stor mengde kjelder; om noko ikkje gjer det, kallar me det gjerne fiksjon (som elles og gjerne kan innehalde referansar, men der er det jo ikkje noko krav). Ein kvar monografi vil innehalde hundrevis av vitskaplege kjelder; dei er sjølvsagt ikkje tilstrekkelege for å bringe fram ny kunnskap, men dei er nødvendige vilkår.
Så er det også slik at den einskilde forskaren alltid vil vere avgrensa av sitt eige perspektiv, så for å erverve seg meir påliteleg kunnskap om ein disiplin eller felt, lyt ein eksponere seg for fleire stemmer, jo fleire jo betre. Vitskapen er polyfon av natur, og vert denne trua kan vegen vere kort til propaganda.
Eg vil understreke at eg her primært uttalar meg om samfunnsfag og humaniora, sjølv om eg vil anta at skildringa mi av forsking som noko kollektivt og mangfaldig også har relevans for andre fagfelt. Men generelt bør ein vere varsam med å anta at premissane ein legg til grunn for eit fagområde automatisk gjeld for eit anna. I tillegg til dei mange andre lyta i Bjørkum si framstilling kjem også det at han baserer ho på naturvitskapane, som om det ikkje fantes andre fag på universiteta.
Bjørkums galopperande reduksjonisme gjer han blind for dei mange funksjonane forsking og kunnskapsformidling fyller i samfunns-og menneskevitskapane
Asbjørn Grønstad
Samfunnsfag og humaniora er nokså store og ueinsarta fakultet på dei klassiske breiddeuniversiteta, med eit høgt antal studentar, så det er nokså arrogant å pretendere til å seie noko allment om forskingskvalitet og produktivitet utan å ta omsyn til det spesifikke ved desse fagtradisjonane.
Bjørkums galopperande reduksjonisme gjer han blind for dei mange funksjonane forsking og kunnskapsformidling fyller i samfunns-og menneskevitskapane. Mange av disiplinane (særleg i humaniora) er moderfag til essensielle kunnskapsfelt i skulevesenet og er nødvendige for å fylle institusjonane sitt opplæringsansvar.
Dei leverer også viktig kompetanse inn mot forvaltning, policyutforming, utredningsarbeid, innovasjon, og ikkje minst kulturindustrielle yrke. Samfunn, historie, religion, juss, teknologi, kultur og språk – dette er jo høgst komplekse fenomen, og det er vanskeleg å sjå for seg at dei andre delane av samfunnet skulle kunne fungere utan kunnskapen som vert produsert på desse felta. Filosofien og dei estetiske faga forvaltar innsikter og kunnskap om mennesket som angår alle og er av stor praktisk betydning for den enkelte sin livskompetanse.
Eit anna vesentleg bidrag er den kritiske tenkinga som definerer fag som vitskapsteori, etikk, og kulturteori, som kan nyttast til å kontekstualisere, historisere og korrigere andre fagfelt når dei er på feil kurs.
Det er så mange problematiske synspunkt i Bjørkum si utgreiing at det nok ikkje let seg gjere å få plass til alle i berre eitt innlegg. Men nedvurderinga av universiteta sitt utdanningsansvar som kjem til uttrykk fortener ein merknad. I dei klassiske breiddeuniversiteta er forsking tett samanvevd med undervisning og rettleiing. Å vere professor eller førsteamanuensis inneber ikkje tilsetjing i to gjensidig uavhengige deltidsstillingar, men betyr derimot at ein har eit yrke der undervisning og forsking er uløyseleg knytte saman.
Aktiv deltaking i forskingsaktivitetar kvalitetssikrar undervisninga, og undervisninga kan gi viktige impulsar til framdrifta i forskingsprosjekta. Som forskar har ein ikkje berre eit ansvar for å produsere ny kunnskap, men ein pliktar også å forvalte den kunnskapen som allereie er nedkapsla i ein disiplin eller på eit felt. Også dette er ein del av universiteta sitt samfunnsoppdrag. For at eit gitt kunnskapstilfang skal skjøttast på best mogleg vis mellom generasjonane er det sjølvsagt naudsynt at frontforskarar også er aktive undervisarar og rettleiarar, som er i stand til å identifisere, utdanne og ta vare på dei talenta som etter kvart skal erstatte dei.
I sin kronikk skisserer Hermansen, Fekjær & Mangset ulike modellar for fordeling av forskingstid. Til dømes kan forskarane i større grad måtte gjere reie for korleis dei nyttar forskingstida si, noko som inneber sterkare styring frå leiarplan. Alternativt kan ein la resultatfordeling eller rolledifferansiering få meir å seie. Temaet står og sentralt i FRAM-rapporten, som fortenestefullt fokuserer på styrking av faktorar som samanhengande tid til forsking, fagfellesskap, forskingsstøtte, rekruttering og karriereutvikling, interdisiplinaritet, og forskingsbasert utdanning.
Særleg punktet om samanhengande forskingstid er interessant; her kan ein oppnå både meir og betre forsking ved å tenke organisering av emne og undervisning på ein ny måte. FRAM-rapporten sine tiltak er fornuftige, og står i skarp kontrast til Bjørkum sitt skjødeslause forslag om demontering av forskinga og avskilting av forskarar som har passert 50.
Det vert kontinuerleg publisert artiklar, monografiar og antologiar på begge nivå av tellekantystemet av forskarar som ikkje har ekstern finansiering.
Asbjørn Grønstad
Det er neppe mange som vil ta innspelet frå Bjørkum alvorleg. Men som symptom på relaterte ideologiar er det likevel verdt å adressere. Hermansen, Fekjær & Mangset treff presist med sin analyse her: «vektleggingen av eksterne forskningsmidler [har] til en viss grad bidratt til forståelsen som Bjørkum målbærer, at man ikke kan drive verdifull’ [sic] forskning uten eksterne midler.»
Dette er rett og slett ikkje ein riktig premiss. Det vert kontinuerleg publisert artiklar, monografiar og antologiar på begge nivå av tellekantystemet av forskarar som ikkje har ekstern finansiering. Mange av desse forskarane er oppflaska i et system med beinhard konkurranse om dei faste stillingane. Når det gjerne er 60-70 søkjarar, dei fleste høgt kvalifiserte (og mellom dei fleire professorkompetente) til ei fast førstestilling, vert kvalitetssikringa høg.
Dei som til slutt vinn fram er typisk sjølvgåande, svært målretta forskarar, og dei vil halde fram og publisere på høgt internasjonalt nivå uansett om dei får tilslag på eksterne prosjekter eller ikkje. I løpet av dei neste 20 åra vil og samansetjinga av den vitskaplege staben ved universiteta våre vere slik at så godt som alle i fast stilling har gått gjennom den same tøffe konkurransen for å oppnå ei førstestilling.
Ei einsidig satsing på ekstern prosjektfinansiering er ikkje ein berekraftig forskingspolitikk, av den enkle grunn at det er forsvinnande få forskarar som får tildeling. Om ein hadde lagt ned all forskingsaktivitet som skjer innafor stillingsbrøken, ville me fått eit magert og puslete forskingslandskap, med eit fåtal tematisk spissa prosjekt for kvart fakultet som på ingen måte ville kunne dekke breidda av kunnskapsbehov innan dei eksisterande fagdisiplinane.
Bjørkums framlegg vil heller ikkje føre til den paradigmeskiftande gjennombruddsforskinga han ser for seg, men er derimot ei oppskrift på endå meir av det me trengt minst – administrasjonsforsking som løyser opp skiljet mellom normalvitskap, utredningsarbeide, teknokratisk instrumentalisme, og næringspolitikk. Og så gjenstår jo dette: kven skal definere relevans og kvalitet? I dette spørsmålet finst det ikkje nokon interesselaus posisjon.
Eg tok eit søk i Cristin og, vel, reknar du deg mellom genia, Bjørkum?
Nyeste artikler
«Prosessane er lukka, og ein får ei katastrofekjensle»
Mange positive utviklingstrekk i den norske universitets- og høyskolesektoren
Venstre frykter at Norge havner på B-laget i forskning
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk