Nokre av kandidatane som vil sitte i interimstyret på Høgskulen på Vestlandet. Foto: På Høyden
Nokre av kandidatane som vil sitte i interimstyret på Høgskulen på Vestlandet. Foto: På Høyden

Desse vil sitte i styret på nye høgskulen i vest

Det blir rift om plassane i interimstyret til den nye stor-høgskulen på Vestlandet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Oppdatert med kandidatar frå Høgskulen Stord/Haugesund)

Den nye høgskulen på Vestlandet får ein travel haust fram mot samanslåingsdatoen 1. januar 2017. Og aller først må styret til den nye høgskulen veljast, skriv På Høyden.

Det skal fungere som interimstyre fram til nyttår, for deretter å ta over som vanleg styre fram til august 2019. Valet blir dermed heilt avgjerande for den nye stor-høgskulen, som er sett saman av Høgskulen Stord/Haugesund (HSH), Høgskolen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

Valstart onsdag

Onsdag 24. august er valet i gang ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, mens det på Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund er valstart 25. august.

Fem styrerepresentantar og to observatørar skal representere dei tilsette ved dei tre institusjonane i styret, i tillegg til tre studentrepresentantar og fire eksterne styremedlemmer.

Første medlem klart

Allereie før semesteret er i full gang må interimstyret til Høgskulen på Vestlandet veljast. Men den første medlemmen er allereie vald, melde På Høyden i juli.

Ingrid Moe Albrigtsen (bilete over) er valt inn som studentrepresentant frå studentane i Sogn og Fjordane.

For sjølv om studentane i trivselsfylket var kraftig imot samanslåinga med kollegaene i Bergen og Stord/Haugesund, var dei framsynte nok til å velje deira representant allereie før fusjonen var avgjord.

Albrigtsen er òg vald som studentrepresentant i HiSF-styret det siste halve året det eksisterer.

Kandidatlistane

Nominasjonsfristen for styrekandidatar gjekk ut torsdag i førre veke. Ved HiB og HiSF har 14 kandidatar stilt til val frå undervisnings- og forskarpersonalet, mens ni personar frå dei to institusjonane vil representere dei teknisk-administrativt tilsette.

Høgskolen Stord/Haugesund har ikkje listene over kandidatar klare enno.

Styret skal ha tilsaman 13 medlemmer. Av dei blir 5 eksterne, inkludert styreleiar. Ved dette valet er HiB, HiSF og HSH eigne valkrinsar. HiB får fire representantar: 2 faglege, 1 teknisk-administrativ og 1 student. HiSF og HSH får kvar 1 vitskapleg og 1 student, samt 1 teknisk-administrativ representant med observatørstatus i styret. 

Interimstyret skal sitje fram til 31. juli 2019. 

Namnedebatten

Samtidig som dei tre høgskulene sa ja til fusjon blei namnet til den nye institusjonen diskutert. Både Høgskulen i Vest og Vestlandshøgskulen var aktuelle navn då styra diskuterte saka.

I Bergen blei Vestlandshøgskulen kritisert for å vere for uformelt. Her samla styret seg om Høgskulen på Vestlandet, noko også Sogn og Fjordane ga si tilslutning til.

Styremedlem og tidlegare rektor, Jan Olav Fretland (bilete over), kunne tøyle entusiasmen.

— Kan eg få lov til å seie at Høgskulen på Vestlandet er tungt og kronglete og at eg ikkje likar det i det heile teke?  Dessutan kan det lett forkortast til HIV, sa styremedlem Jan Olav Fretland då styret diskuterte saka i juni.

Ikkje vorte-forkorting

Forkortinga HPV var også nærliggande, og med den ville den nye høgskulen ha delt navn med humant papillomavirus, betre kjent som HPV-viruset. Dette er eit virus som forårsakar vorter på fingrar og tær, celleendringar i livmorhalsen samt kreftformer i munn, svelg og hals.

No har innstillingsrådet avgjort at korrekt forkorting er HVL, skriv På Høyden.

«Innstillingsrådet avgjorde på sitt møte 11. august at forkortinga til Høgskulen på Vestlandet blir HVL. Domenenamnet til den nye institusjonen blir hvl.no», melder Fusjonsinfo.no.

Fusjonsprosjektet går no over til å bli kalla for fusjonsprogrammet.

Stillinga som rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er lyst ut, med søknadsfrist 18. september 2016.

Les her: Vestlandet vil ha kvinnelige søkere

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS