Debatt ● Jens Kristian Fosse, Else Cathrine L. Rustad og Vegard F. Moe
Vi treng ei storsatsing på profesjonsutdanningane
I valkampen høyrer vi stadig om behov for å utdanne fleire lærarar, ingeniørar og helse- og sosialfagarbeidarar. Behova kjem frå heile landet. Ei kraftfull og føreseieleg satsing på dei forskingsbaserte profesjonsutdanningane er naudsynt.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det er ikkje berre i Arendalsveka, rundt valbodar, i medieoppslag og tv-debattar behovet for og verdien av desse yrka vert peika på. Mangel på fagfolk og kompetanse kjem raskt på bordet i møte med samarbeidspartnarar, både blant offentlege og private verksemder.
Prognosar og framskrivingar fortel sitt. Draghi-rapporten og Abelia sitt omstillingsbarometer teiknar opp utfordringsbiletet: Noreg må auke tilgang på relevant kompetanse, fremme innovasjon og entreprenørskap — og ta i bruk ny teknologi.
Verdien av dei nemnde samfunnsberande profesjonsutdanningane er ikkje til å ta feil av. Innverknaden er formidabel.
I åra som kjem er profesjonsutdanningane framleis avgjerande for å sikre velferd, verdiskaping og innovasjonskraft i det norske samfunnet. Desse utdanningane, kjenneteikna av det praksisnære og arbeidslivsorienterte, skal ha høg vitskapleg kvalitet.
Tydelege spor om utdanningane sin høge verdi finn vi og i profesjonsmeldinga, utsynsmeldinga, perspektivmeldinga og i prioriteringane frå helsepersonellkommisjonen. Oppdragsbrev og etatsstyringa frå departementet gir òg retning.
Som kjent skil profesjonsutdanning seg frå fagskulelutdanning. Ikkje minst av di dette er forskingsbaserte utdanningar med tydeleg krav til fagmiljø som driv aktiv forsking. Denne type forsking er i stor grad anvendt, og kan raskt omsettast til viktige innovasjonar gjennom nye produkt, tenester eller praksisar.
Som oftast skjer dette i tett samspel med våre nære samarbeidspartnarar i offentleg og privat sektor. Men verkemidla for å styrke og utvikle dei forskingsbaserte profesjonsutdanningane let stadig vente på seg.
Det er trong for sterkare finansiering som sikrar utvikling av utdanningane og sterkare grunnlag for den anvende forskinga.
Høgskulen på Vestlandet med sin profesjons- og arbeidslivsretta profil har ei omfattande verksemd knytt til utdanning og forsking. Snart vert vi Universitetet på Vestlandet. I utforming og dimensjonering av studieportefølje vert kompetansebehova i samfunns- og arbeidslivet tekne omsyn til.
Vi legg store menneskelege og økonomiske ressursar i å utdanna unge menneske på beste vis i ei tid med svingingar i søkjartal, store demografiske endringar, strammare budsjett og uro i verda.
Gjennom vår fleircampus-struktur på Vestlandet sikrar vi arbeidskraft og kunnskapsutvikling innanfor eit stort geografisk område. Våre utdanningar og vår forsking grip tak i sentrale utfordringar innanfor oppvekst, helse og velferd, økonomi og teknologi.
Det er studentane vi utdannar i dag, som skal byggje morgondagens samfunn. Det er dei som skal drive fram den nye kunnskapen og dei nye løysingane.
Då trengst ei storsatsing på dei forskingsbaserte profesjonsutdanningane. Slik vil vi møte kompetansebehov og løyse samfunnsutfordringar.