Debatt ● Gunnar Yttri

Nokon kjem til å kome

Dei nye universiteta kjem til å verte motorar for regional og nasjonal kunnskaps- og samfunnsutvikling. For nokon er dette noko trugande som ikkje kan stoggast. Me kan seia det med Jon Fosse: Nokon kjem til å kome.

Universitetet på Vestlandet kjem til å koma, skriv forfattaren. — Det er ikkje eit trugsmål. Det er ein lovnad og ein gledesbodskap for Vestlandet og Noreg.
Publisert

Omfattande og langvarig arbeid med å styrka utdanning, forsking og nyskaping gjer at norske høgskular oppnår universitetsstatus. Dei nye universiteta vert motorar for regional og nasjonalkunnskaps- og samfunnsutvikling. Men reaksjonar i sektoren og i politiske krinsar tyder på uro. 

Noko uønskt er i ferd med å skje, noko trugande som ikkje kan stoggast er på veg. Me kan seia det med Jon Fosse: Nokon kjem til å kome.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Skepsisen og uroa kjem i hovudsak frå to hald; dei eldste universiteta og frå politikarar. 

Frå eldre universitetshald kan det vera uro for kvaliteten i den vitskaplege verksemda ved dei nye universiteta. Dette er det all mogleg grunn til å vera merksame på. 

Forskinga må følgja anerkjente vitskaplege metodar, liggja i nasjonal og internasjonal forskingsfront, og knyta seg opp til høge etiske standardar. Tilsvarande må koplinga mellom utdanning og forsking sikra forskingsbasert utdanning av god kvalitet. 

Men etter kvart som høgskulane kjem opp med sterke forskingsprosjekt og lukkast med å etablera og utvikla gode forskarskular, synest uroa for kvalitet vera para med ein uro for konkurransen dei nye universiteta utgjer. 

Nokon kan jamvel ønskja å skru tida tilbake til tidleg på 2000-talet og tek til orde for arbeidsdeling. Dette er det liten grunn til å akta på. 

Om dei nye universiteta kan konkurrera på relevans (nytte for menneske og samfunn) og vitskapleg kvalitet, er det eit stort gode for Noreg, vitskapen og den inter­nasjonale kunnskaps­allmenningen. 

Frå politisk hald synest skepsisen til dei nye universiteta å ha særleg to kjelder. 

Det eine er ei uro for at dei nye universiteta vert for lik dei eldste, noko ein då må forstå at vesle Noreg slett ikkje har godt av. Det andre er at dei nye universiteta går igjennom ei usunn akademisk drift som fjernar dei frå det opphavlege høgskuleoppdraget.

Med eit edrueleg blikk på dei nye universiteta som har kome etter 2010-talet og dei som er emning i 2025, so er det lett å sjå at ingen av dei prøver å spegla dei eldste universiteta. Eit vesentleg kjenneteikn er at ein i kjernen vidarefører og utviklar tradisjonsrike høgskuleutdanningar. 

Det å utdanna sterke kandidatar til arbeidslivet innanfor oppvekst, helse, økonomi og teknologi er dei nye universiteta sitt adelsmerke. Det gir dei ein særskilt høg samfunnsnytte.

Men det er samstundes ei vidareføring som kombinerer utdanning med meir forsking og tett kontakt med regionalt arbeidsliv. Kontakten med regionalt næringsliv er omfattande og eit heilt sett av avtalar med offentlege verksemder (kommunar og helseføretak fremst mellom desse) sikrar at studentane får viktige deler av utdanninga i praksis. 

Det er ein slagkraftig kombo, ein kombo som sikrar kandidatar og kunnskapsutvikling, regional nyskaping og nasjonale og internasjonale samband. 

Når skepsisen til dei nye universiteta kjem frå politikarar, er det grunn til å minna om grunnleggjande behov for lange linjer og eit minimum av konsistens i forskings- og høgare utdanningspolitikk. 

Dei sentrale kunnskapspolitiske måla i stortingsmelding 18 (2014—2015) «Konsentrasjon for kvalitet — Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren», var å «samle ressursene på færre, men sterkere institusjoner (...) styrke kvaliteten på utdanningen og forskningen. Tilgangen til høyere utdanning skal være god over hele landet, og institusjonenes regionale rolle skal videreutvikles.»

Strukturreforma, som hadde brei oppslutnad i Stortinget, gav grunnlag for at Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart skipa med universitetsambisjonen som premiss. Den nasjonale satsinga på femårig grunnskulelærarutdanning frå 2017 gjorde det særleg viktig å sameina krefter. I kongeleg resolusjon av 17. juni 2016 slo regjeringa fast: «Høgskulen på Vestlandet vil ha ein klar ambisjon om å bli universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil». 

Same dag skreiv Kunnskapsdepartementet ved statsråd Torbjørn Røe Isaksen i brev til dei tre fusjonerande høgskulane (Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, og Høgskulen i Sogn og Fjordane): «Høgskulen på Vestlandet vil ha eit klart mål om å bli universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Eg støttar dette målet.» 

I tida etter er det utført eit målmedvite og omfattande arbeid av medarbeidarar i heile høgskulen. I juni i fjor mottok NOKUT vår søknad om universitetsakkreditering.

HVL fyller krava som er sette for å verta universitet i Noreg. Me er ein nasjonal kunnskapsaktør.

Universitetsstatusen gir større fridom og betre arbeidsvilkår nasjonalt og internasjonalt. Det ligg nær å tru at me vert meir attraktive for studentar, tilsette og samarbeidspartnarar. 

Alt i dag er HVL mellom dei større høgare utdannings­institusjonane i Noreg. 16 500 studentar og nær 2 000 tilsette er fordelt på dei fem studiestadane Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.

Med geografisk spreidde campus og med lokalisering både i Vestland og Rogaland fylke, er innverknaden av utdanning, forsking og regional nyskaping særleg stor. I dette området, der viktige deler av norsk verdiskaping og innovasjon finn stad, er det også at Universitetet på Vestlandet, har sin viktigaste heiagjeng. Det er ein heiagjeng som alt i 2025 dreg vekslar på at me kombinerer solid regional forankring med internasjonalt kunnskapssamarbeid.

Høgskulen på Vestlandet har framleis ein veg å gå. I utdanning, forsking og samhandling med omgjevnadane søkjer me stadig forbetringar. Viljen og høvet til å gjera tinga betre vil også vera eit kjenneteikn i det nye universitetet.

Universitetet på Vestlandet kjem til å koma. Det er ikkje eit trugsmål. Det er ein lovnad og ein gledesbodskap for Vestlandet og Noreg. Eller for å seia det med Olav H. Hauge: Det er tid å hausta inn.

Powered by Labrador CMS