Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
økonomi
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Uventa mykje kvikkleire i grunnen, har gjort at kostnadane for bygginga av Universitetet i Oslo (UiO) sitt nye Livsvitskapsbygg i Gaustadbekkdalen har gått i vêret.
Kostnadssprekken ligg på over ein milliard kroner, syner nye utrekningar, ifølgje universitetsdirektør Arne Benjaminsen.
No vil UiO fri til regjeringa for å få dekt sprekken, skriv Uniforum.
— Vi ber om at Livsvitskapsbygget blir realisert i samsvar med dei opphavlege planane, og vi vil be om ei ekstra løyving for å få det til, seier Benjaminsen til avisa.
Det skjer trass i at UiO har fått beskjed om å kutte og halde seg innanfor kostnadsramma som er sett av Stortinget på 6,145 milliardar kroner.
— Regjeringa har bestemt at Statsbygg, saman med UiO, skal vurdere kva slags endringar som kan gjerast slik at vi får eit livsvitskapsbygg til den prisen Stortinget har bestemt, sa forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i slutten av august.
Styret ved Universitetet i Oslo vart denne veka informerte om statusen i arbeidet.
Viserektor Per Morten Sandset leiar gruppa som i slutten av september skal rapportere tilbake til regjeringa korleis ein har tenkt å halde seg innanfor kostnadsramma.
Universitetsdirektør Benjaminsen seier til Uniforum at planen er at UiO med denne rapporten vil få fram sitt ønskje om ei ekstra løyving, og at når rapporten ligg klar på regjeringa sitt bord, så vil dei kunne ta stilling til den endelege løyvinga.
Rektor Svein Stølen har tidlegare sagt at han fryktar at ein tredjedel av arealet må reduserast, om ein skal klare å halde seg innanfor den gitte kostnadsramma på litt over 6 milliardar.
— Kutt i Livsvitskapsbygget vil få alvorlege konsekvensar for UiO og for Noreg si satsing på kunnskap og innovasjon, skreiv UiO på eigne nettsider då kostnadssprekken var eit faktum.
(Oppdatert 15.09 kl. 20.37 om at Statsbygg ikkje er med i ønskjet om å få løyvd ein ekstra milliard til prosjektet)
Nylige artikler
Advarer mot å ta milliarder fra forskning og gi til grunnskolen
Når vi bruker penger på sensur, mister studentene noe annet
Får ny periode som rektor for arkitektur og design
Domstol: Ikke nok bevis til å permittere professor for seksuell trakassering
Trump-administrasjonen saksøker Harvard på nytt
Mest leste artikler
Den kjente skoleforskeren John Hattie granskes for fusk
Professor åtvarar mot ukultur som kan korrumpere universitetet
Forsvarets høgskole skal tilby master i krigføring
Mener UiO driver bevisst hemmelighold for å redde eget omdømme
Så mange studenter ble utestengt for fusk i fjor