ERC
Aldri før har så mange forskarar i Noreg fått dette prestisjestipendet
Det europeiske forskingsrådet ERC har fordelt sine mest ettertrakta stipend for i år. 230 millionar går til åtte forskarar i Noreg.
Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og NTNU er gjengangarar på listene over dei som kaprar forskingsmidlar frå EU til Noreg. Dei har sine forskarar på lista også denne gongen.
Universitetet i Stavanger (UiS) kan derimot feire si første ERC tildeling nokon gong. Det kan også forskings- og innovasjonsselskapet Simula.
Konkurransen er knallhard om den gjævaste finansieringspotten frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) og forskingsprogrammet Horisont Europa, dei såkalla advanced grants.
Tildelingsrunden i år markerer ein rekord:
Noreg har gjort det skarpt i fleire tildelingsrundar før. Aldri før har så mange stipend gått til forskarar på norske institusjonar i kategorien ERC Advanced Grant. Noreg har i år kapra 8 av dei 255 stipenda. Dei siste ti åra har fangsten vore langt magrare, ingen eller opptil fire tildelingar.
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel jublar.
— Dette er strålande nyheiter. Eg vil gratulere dei åtte forskarane som no får midlar frå det europeiske forskningsrådet. Norske forskarar har aldri før gjort det betre i konkurransen om Advanced Grant-midlene frå ERC. Dette er eliteserien i forskingssamanheng, så dette kan vi verkeleg vere stolte av, seier han.
Får sitt tredje
Fire av mottakarane kan no rekne seg som ein del av ein ekstra eksklusiv elite av europeiske forskarar, ettersom dei også har fått ERC-stipend tidlegare:
- Professor i kosmologi ved UiO, Hans Kristian Kamfjord Eriksen, kan notere seg for sitt tredje ERC-stipend.
- Økonomiprofessor Andreas Moxnes, også han frå UiO, har tidlegare fått oppstartsstipend (starting grant).
- Forskingsleiar ved Folkehelseinstituttet (og deltidsprofessor ved Columbia University, Vegard Skirbekk, har tidlegare fått oppstartsstipend (starting grant).
- I Bergen feirar Jill Walker Rettberg, professor og leiar for Senter for digitale forteljingar også sitt andre ERC-stipend. Ho avslutta nyleg perioden for eit ERC Consolidator Grant frå 2017.
Om lag 230 millionar kroner til bruk over 5 år, knappe 20 millionar euro, hamnar i norske forskarlommer som følgje av tildelinga. Kvar av dei får om lag 2,5 millionar euro, nær 30 millionar kroner.
Samla er potten på 650 millionar euro, som svarer til vel 7,5 milliardar kroner med dagens kurs. 3,1 prosent av dette går til norske forskingsprosjekt.
ERC Advanced Grant er reservert for etablerte forskarar som tildelingskomiteane meiner leverer prosjektsøknader i europeisk toppklasse.
Lagarbeid
— ERC-stipenda er kort sagt den mest attraktive forskingsfinansieringa som finst, og den gjer at du kan gjennomføre store prosjekt, seier Hans Kristian Kamfjord Eriksen, mottakar av sitt tredje ERC-stipend.
Han står saman med kollega og professor Ingunn Wehus (som også har ERC-stipend) i spissen for ei forskargruppe som varierer mellom 10 og 20 personar. Eriksen seier ERC gjer det mogleg å tiltrekke seg svært gode folk, og ikkje minst, kunne halde på dei over tid.
— Det gjer at arbeidet kan bli mykje meir langsiktig enn det som hadde vore mogleg utan denne finansieringa. ERC har i det heile tatt vore heilt nødvendig for å bygge opp den verdsleiande posisjonen vi har i dag, seier Eriksen.
Forskinga hans er langsiktig, den også: observasjonar av det veldig tidlege universet.
Ifølgje prorektor for forsking ved UiS, Merete Vadla Madland, er deira første ERC-stipend ein milepæl som er viktig for sjølvtilliten til heile universitetet.
— Det er ei stor bragd. Først og fremst er det ei fjør i hatten for forskaren, men også for instituttet og fakultetet — og det stadfestar vår posisjon som eit forskingstungt universitet, seier ho.
Det er professor i språkvitskap, Merja Riitta Stenroos som hentar det første ERC-stipendet heim til Stavanger.
Prorektoren seier det er eit lagarbeid dei no haustar fruktene av. I fleire år har dei hatt tiltak og tilbod, som skriveseminar og støtteprogram for å arbeide med ERC-prosjekt og søknader.
— Slik sett blei vi ikkje overraska. Vi har jobba målretta i mange år. No har vi fått vårt første, og vi skal jobbe vidare for fleire.
Tipset: — Lær sjangeren
Jill Walker Rettberg hadde berre så vidt avslutta sitt føregåande ERC-prosjekt, før ho gjekk i gang med å søke på neste — og trefte planken. Ho og kollegaene skal utforske dei djupe forteljarstrukturane i KI-genererte forteljingar.
Du skal tenke stort, med risiko
Jill Walker Rettberg, professor med ERC-stipend
— Då KI plutseleg blei så stort med ChatGPT mot slutten av 2022, dukka store forskingsspørsmål opp, som kravde raske svar. Det er enormt viktig å få fram dei humanistiske aspekta. Det er primært informatikarar og statistikarar som driv fram den teknologiske utviklinga, men dei har eigentleg lite kompetanse på forteljingar og menneskeleg kommunikasjon.
— Kva er det beste tipset til dei som drøymer om å nå opp i ERC?
— Prøv å søke, skriv for å lære sjangeren. Grunnen til at eg klarte å handle så raskt, var treninga eg hadde frå tidlegare. Sjølv om ein ikkje får inn prosjektet, er det ei veldig nyttig, ganske frigjerande øving, som krev at du tenker stort.
Tyskland på topp
Tradisjonelt har Noreg gjort det best innanfor humaniora og samfunnsvitskap. I år er tre av tildelingane i kategorien naturvitskap og teknologi.
I tildelingsstatistikken er det tradisjonelt fleire menn enn kvinner. I år er halvparten av dei åtte som får advanced grant-stipendet kvinner.
Tyskland toppar lista med 50 tildelingar. Dernest følgjer Frankrike med 37 jog Nederland med 23. 1 829 prosjektsøknader blei vurdert. Ifølgje ERC vil pengane generere nær 2500 jobbar dei neste åra.
* Retting 15.4.2024 kl. 09.57
I artikkelen stod det først at tre av forskarane som i år har mottatt ERC-stipend også tidlegare har fått det. Dette er ikkje rett. Fire av dei har tidlegare fått. Forskingsleiar ved Folkehelseinstituttet (og deltidsprofessor ved Columbia University), Vegard Skirbekk, kom beklagelegvis ikkje med i den første oversikta.
Nyeste artikler
«Prosessane er lukka, og ein får ei katastrofekjensle»
Mange positive utviklingstrekk i den norske universitets- og høyskolesektoren
Venstre frykter at Norge havner på B-laget i forskning
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner