Høgskulen på Vestlandet
Arealfordeling og fusk på dagsordenen i vest
Private møblar vart fjerna frå kontora. No er det vedteke kva som er standard utrusting for eit kontor ved Høgskulen på Vestlandet. Sjå styremøtet direkte her.
Areal har vore tema ved Høgskulen på Vestlandet det siste året. Khrono har skrive om både bokhandel som skal ut, private møblar som vart fjerna frå kontora og heimekontor.
Når høgskulestyret har møte 1. februar, er arbeidsplassareal i Bergen ei av sakene på dagsorden.
Du ser møtet direkte her frå klokka 9.
Kontorstol og gjestestol
I saksframstillinga heiter det at arbeidsgruppa som har jobba med arbeidsplassareal har kome så langt at dei vil føreslå å omdisponera tre mindre undervisningsrom til arbeidsplassareal.
Etter tildeling av areal det vera opp til kvart enkelt fakultet og fellesadministrasjonen til å disponera arealet internt. Dette er ei sak som bør handterast på så lågt nivå som mogleg, og tildelinga skal vera klar i april, slik at flytting kan skje i mai og juni, heiter det.
Som eit vedlegg ligg «Retningslinjer for tildeling og bruk av arbeidsplasser og arbeidsplassarealer på Høgskulen på Vestlandet», som vart oppdatert i desember 2023. Her ligg det ei liste over kva som er standardutrusting for eit kontor: Kontorpult og kontorstol, seks hyllemeter bokhylle, gjestestol, opphengsskinne for bilete og liknande, opphengsskinne under pulten for boss, dataskjerm.
Fusk og etikk
Høgskulestyret skal òg handsama saker om både plagiering, fusk og etikk. Ei sak om påstått forskingsfusk, som Khrono har skrive om, skal handsamast i lukka møte. I tillegg har styret fått ei sak om system for forskingsetikk, og rektor skal orientera om korleis høgskulen arbeider med plagiat og tekstlikskap.
Her er heile sakslista:
1/24-B — Godkjenning av innkalling og saksliste til styremøte 1/2024
2/24-B — Søknad om utgreiingsløyve for Bachelor i skulefritidspedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
3/24-B — Endring av forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet
4/24-B — Årsrapport 2023 (KAP. I — styrets fråsegn) — Høgskulen på Vestlandet
Orienteringssaker
O-1/24 — Orientering om lokale forhandlingar 2.5.1 i 2023
O-2/24 — Tildelingsbrev 2024
O-3/24 — Orientering om utvikling av egenfinansiert studieportefølje ved Høgskulen på Vestlandet 2018—23
O-4/24 — Systemer for forskningsetikk ved HVL
O-5/24 — Orientering: Handlingsplan for bærekraftig utvikling ved HVL 2023—2026 og klimaregnskap for 2022
O-6/24 — Presentasjon av det nye Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
O-7/24 — Arealfordeling — arbeidsplasser ved HVL — løypemelding
O-11/24 — Orientering om sak om påstått forskingsjuks ved HVL
Referatsaker
O-8/24 — Skriftlege orienteringar til styret: Nytt frå Høgskulen på Vestlandet — styremøte 1/2024
O-9/24 — Munnlege orienteringar frå rektor — styremøte 1/2024
O-10/24 — Referatsaker — styremøte 1/2024

Nylige artikler
Når det er krig i Europa, må forskningspolitikken endres
Unge forskere vil ha tydeligere skille mellom jobb og fritid
Eksamener avlyst på grunn av datainnbrudd
28 søkere ønsker å bli ny kommunikasjonssjef på Universitetet i Oslo
NTNU har fordømt 7. oktober-terroren, men styrer ikke hva ansatte mener
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)