forskingsjuks

Vart varsla om mogleg forskings­svindel for tre år sidan. Først no undersøker  høgskulen saka

Det har gått meir enn tre år sidan Høgskulen på Vestlandet første gong fekk meldingar om mogleg forskingssvindel. 

Geir Kåre Resaland, prorektor og leiar for Forskingsetisk utval ved Høgskulen på Vestlandet, får kritikk for manglande handsaming av varsel mot professor.

Tysdag fortalde Khrono at Høgskulen på Vestlandet har bestemt seg for å setje i gang ei gransking av ein av professorane sine etter mistanke om forskingssvindel. Skuldingane handlar om fabrikkering av innhald, referansar og fagfellevurdering av vitskapelege artiklar.

Overfor Khrono avviser professoren alle påstandane om forskingsjuks og svindel knytt til det han har publisert i si tid som forskar.

Dei første bekymringsmeldingane kom allereie i 2020. Alt den gong vart det utarbeidd ein rapport, og det dåverande forskingsetiske utvalet anbefalte å setje i gang ei gransking for å finne fakta i saka. 

Men lite eller ingenting skjedde. 

Varsla to gonger

Sidan er det blitt varsla to gonger mot professoren, seinast like før jul i 2022. Heller ikkje dette fekk HVL-leiinga til å setje i gang grundigare undersøkingar.

Professoren har i mellomtida halde fram med sitt arbeid — og tilsynelatande intensiv publisering. I databasen Scopus er professoren oppført som forfattar eller medforfattar på 119 forskingsartiklar i 2023 og 118 artiklar i 2022. 

Først no — meir enn tre år etter at dei første bekymringsmeldingane kom — har HVL sett i gang gransking av professoren.

I løpet av 2023 er det i tillegg kome inn eit anna varsel, mot ein stipendiat som har publisert artiklar saman med professoren. Stipendiaten er skulda for plagiat.

Til Khrono stadfesta leiar for Forskingsetisk utval ved HVL, Geir Kåre Resaland, at dette er ei pågåande sak i HVL og at saka er alvorleg.

Resaland vil ikkje kommentere kvifor det har tatt så lang tid å ta tak i varsla.

«Vi kan ikkje kommentere noko meir,» skriv Resaland til Khrono.

Det var universitetsbibliotekar Kjetil Sletteland som høvesvis i august og desember 2022 varsla om professoren. Sletteland har gjennom stillinga si god kjennskap til det som føregår av publisering frå forskarane ved HVL.

Bibliotekar: — Eit svik

Varselet han sende i desember 2022 var Slettelands andre forsøk på å varsle, etter at han oppdaga fleire artiklar ført i pennen av professoren, med «dels nonsensisk innhold og irrelevante referanser».

I august same året forsøkte han å varsle munnleg og via e-post til leiinga på biblioteket. Seinare kom det fram at dette varselet ikkje blei følgt opp.

12. desember 2023 sende Sletteland eit nytt brev der han etterlyser status, til Geir Kåre Resaland, leiaren for det forskingsetiske utvalet.

— Då eg varsla i desember 2022, var eg eigentleg ganske sint på dette, av den enkle grunn at eg visste om bekymringsmeldingane i 2020 og om mitt eige varsel nokre månadar i førevegen. Eg forsøkte å rapportere inn nye artiklar som dukka opp, men det skjedde ingenting frå HVL si side, fortel Sletteland i intervju med Khrono.

Han legg til at han opplevde det heile som eit svik frå arbeidsgivaren sin.

— Slike varsel må handsamast skikkeleg. Det er heller ikkje snakk om ei vanskeleg sak. Her var det openbert noko som ikkje stemte. Men det er klart, for HVL var nok — og er nok framleis — dette ei ubehageleg sak, seier bibliotekaren.

Kjetil Sletteland, universitetsbibliotekar, Høgskulen på Vestlandet, varsla om mogleg forskingsjuks utan å bli høyrt. Han meiner HVL må rydde opp i rutinane sine.

Sletteland meiner HVL no må rydde opp i sitt eige system.

— Utover dette må det undersøkast korleis saka har blitt handtert internt. Det må også ryddast opp i korleis HVL skal handtere slikt som dette i framtida.

Ifølgje HVLs eigne retningslinjer skal meldingar om moglege brot på forskingsetiske retningslinjer «behandles så raskt som mulig» — «av hensyn til alle involverte».

HVL: — Kan ikkje kommentere

Khrono har spurt prorektor og leiar for forskingsetikkutvalet, Geir Kåre Resaland, om kommentar til brevet han har fått tilsendt frå universitetsbibliotekar og varslar Kjetil Sletteland. Han har også fått ei rad spørsmål om saka. 

Resaland ønskjer ikkje å kommentere og har svart at «vi ikkje gå inn på dei konkrete spørsmåla no». Han grunngir dette med at det er ei «pågåande sak».

— Mange faktorar og tilhøve skal vurderast. Det er mange partar involvert og mange partar skal varetakast. HVL har system, rutinar og prosedyrar for dette. Vi har og engasjert SANDS, eit advokatbyrå vi har avtale med, til å bistå oss i dette. Oppsummert, dette er ei sak med pågåande prosessar, som gjer at vi på dette tidspunktet ikkje kan kommentere utover det eg gjer no, skriv Resaland i ein e-post til Khrono. 

Professoren som no skal granskast, skal ha fått trekt tilbake ein artikkel publisert i 2021, blant anna på grunn av påstått manipulert fagfellevurdering, meiningslaust innhald og irrelevante referansar — typiske teikn på eit såkalla papirmølleprodukt. 

Papirmølle, også kalla artikkelfabrikk, er eit kallenamn på illegale verksemder som tar på seg produksjon av vitskapelege artiklar, komplett med falske data og artikkelskriving, og med hjelp til publisering i anerkjende tidsskrift. 

Artikkelfabrikkar er blitt ein betydeleg kriminell industri, og er blitt eit veksande problem i den akademiske verda. 

Powered by Labrador CMS