Debatt ● Sønsthagen, Fimreite, Glosvik og Pedersen
Barnehagelærarutdanninga — eit tapande fotballag?
Dersom vi ikkje gjer noko med organiseringa av barnehagelærarutdanninga snart, er ikkje spørsmålet om laget BLU held fram med å tape, men kor mange divisjonar vi rykkjer ned.


Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Lat oss tenke oss eit fotballag …
Fotballaget manglar ein trenar. Eller dei manglar ikkje trenar, men ho har ansvar for fleire lag på ulike plassar i landet, og er sjeldan å sjå på trening. Trenaren har heller ikkje tid til å vere med på kampane.
Spelarstallen er organisert i form av ulike team som ikkje naturleg arbeidar saman. Forsvaret held seg for seg sjølv, midtbana tenkjer veldig sjølvstendig, men snakkar aldri med spissane som lurer på kvar dei lange ballane vert av. Keeperen er ofte sjukmeldt og då blir det gjerne lånt inn ein keeper på kort varsel frå det lokale handballaget. Laget har heller ikkje ein kaptein, for dette er eit funksjonsansvar knytt til ein spelar på eit anna lag i ein annan divisjon.
Dette laget slit med å vinne kampar. Spelarane er misnøgde, supporterane sviktar og publikumsoppmøte er no så som så. Særleg fordi ein aldri veit om det er trening eller kamp.
Men dette er ikkje eit fotballag, dette er organiseringa av barnehagelærarutdanninga. Dette er laget som er meint å handtere utfordringar knytte til barnehagefeltet: å sikre at studentane får den profesjonsdanninga dei treng for å kunne gå styrka ut i barnehagelæraryrket og den mangfaldige og tverrfaglege kvardagen dei møter der.
Vi som skriv dette arbeidar ved Høgskulen på Vestlandet, men vi har samla inn data frå barnehagelærarutdanningane ved fire andre institusjonar i landet som syner liknande symptom.
Ein kollega ved ein anna institusjon formulerer fotballaget BLU sine utfordringar slik:
«(…) vi shopper rundt i studieprogrammene fra ulike institutter (…), med de utfordringene vi da får med kontinuitet i lærerstab (…) så ser vi store utfordringer med det at faglærere og forelesere må skifte hatter mellom ulike studieprogram, ulike tenkemåter, ulike kulturer. Å dyrke fram den profesjonsnærheten, og det fagdidaktiske blikket som kreves i barnehagelærerutdanningen blir da en utfordring.»
Fellesnemnaren synest å vere at BLU er organisert på måtar som ikkje nødvendigvis heng så godt saman. Grunnleggande står utdanninga fram som del av eit institutt eller ei avdeling der fagdisiplinar gjerne kan vere dominerande.
Eitt døme er vår eigen institusjon der fakultetet vårt er organisert i fire ulike faginstitutt som alle bidreg inn i BLU. Inne i desse institutta er det også fleire ulike assisterande instituttleiarar med ulikt funksjonsansvar og personalansvar som er meint å samordne utdanninga. All ressursforvaltning skjer eller skjer ikkje på dette nivået.
Så finn vi dei seks kunnskapsområda i BLU, slik dei er formulerte i forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanning. Når ny barnehagelærarutdanning vart etablert i 2012-2013, vart det forsøkt å gjere utdanninga meir heilskapleg og i tråd med barnehagekvardagen. Men kunnskapsområda representerer heller ikkje røyndomen, men dei vert ein realitet for dei som skal organisere undervisninga.
I tillegg kjem rolla til pedagogikkfaget, som etter rammeplanen skal vere eit sentralt og samanbindande fag gjennom heile studieløpet. Spørsmålet er om dette eigentleg fungerer i det heile tatt. Pedagogikkfaget er ikkje eit magisk tryllestøv. Faglærarar i pedagogikk har ikkje dei nødvendige ressursane til å utføre trenaroppgåvene for å samordne og utvikle det teamet som skal møte studentane.
Utfordringa er at alle ressursane ligg til dei ulike institutta eller avdelingane.
Kunnskapsområda i rammeplanen treff ikkje røyndommen. Og pedagogikkfaget har verken ressursar eller rom til det djuptgåande samordningsansvaret det er gitt. Det er likevel openbert eit behov for noko eller nokon som tek på seg det integrerande ansvaret som rammeplanen skisserer.
Utanfor heile laget finn vi ein studieprogramleiar som har ansvar for kvalitet i utdanninga. Men ho eller han er kanskje plassert på VAR-rommet for å gripe inn når det skjer ein vesentleg feil. I mellomtida tapar laget.
Ved vår eigen institusjon har vi prøvd ut meir leikande og utforskande undervisningsformer. Desse er organisert som verkstadar, der studentar saman med faglærarar og barnehagelærarar utforskar konkrete utfordringar i barnehagekvardagen. Her blir det skapt eit treningsfelt der barnehagepraksis og høgskuleundervisning kan møtast.
Vi får til samarbeid på tvers av konstruerte disiplinar og kunnskapsområde. Dette blir ei form for trening som skapar lagkjensle både mellom faglærarar, studentar og barnehagelærarar.
Men dette treningsfeltet er ikkje synleg i reknearka til det ressursforvaltande nivået i institusjonen. Når institusjonar vert pressa økonomisk, ser ikkje dette treningsfeltet ut til å bli prioritert eller forstått som det det er: Eit vesentleg steg i retning av ei røyndomsnær undervisning.
Vi ser behov for ei trenarrolle med mynde og ressursar til å skape samanhengar og lagkjensle. Ved til dømes vår eigen institusjon har vi veldig mange leiarar med ansvarsoppgåver knytt til BLU. Utdanninga treng likevel berre éin hovudtrenar, som har oversikt og hovudansvar, og som laget kan prøve ut taktikk og strategi saman med.
Dersom vi ikkje gjer noko med organiseringa av dette laget snart, er ikkje spørsmålet om laget BLU held fram med å tape, men kor mange divisjonar vi rykkjer ned.
Teksten er skrive av:
Anne Grethe Sønsthagen, førsteamanuensis i pedagogikk
Hege Fimreite, førsteamanuensis i pedagogikk
Øyvind Glosvik, dosent i organisasjonsfag
Lillian Pedersen, førsteamanuensis i pedagogikk
Alle forfattarane jobbar ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal, og er forskarar i det NFR-finansierte prosjekter EX-PED-LAB, leia av BARNkunne
Nylige artikler
Mener akademia ikke har peiling på KI-juks. — Store sjanser for justismord
Uppsala oppfordret til Irsael-reaksjoner. — Bør handle kraftfullt
Fikk inspirasjonspris og 250.000 kroner
Fakta og spekulasjon i debatten om covid-19-virusets opprinnelse
Sild, potet og kunstig intelligens
Mest leste artikler
Professor ved UiO anmeldt for rasisme: — Jeg husker ingenting
Jobber for å hente dansk toppforsker fra USA til Norge
Ny sjokkmåling for Frp blant studentene: — En sensasjon
Over 450 «forskningskonferanser» i Oslo denne uka: — Svindel
Du får ikke lønnsøkningen før til høsten. Mange må vente helt til desember