Høgskulen på Vestlandet

Studentane vil ha pensum på papir. I Bergen legg bokhandel no ned

Akademika sin butikk på Kronstad i Bergen vert avvikla i februar. Både tilsette og studentar protesterer nok ein gong.

Kjedeleiar Eli Gerhardsen er sjølv på plass bak disken hos Akademika på Kronstad i januar. Semesterstart er generelt ei hektisk tid, og no kjem det i tillegg mange spørsmål frå kundane. — Dei tilsette har fått mange støtteerklæringar, men òg mange spørsmål om kvifor me skal legga ned, seier Gerhardsen.

Det er semesterstart og mange kundar i bokhandelen Akademika hos Høgskulen på Vestlandet (HVL) på Kronstad i Bergen. Om eit par månader er det slutt.

Som Khrono har skrive før, vil HVL ha bokhandelen ut frå campus. Dei treng lokala til andre ting, har Helge Skugstad, direktør for økonomi og arealforvaltning, tidlegare sagt. Det som har vorte sagt, er at bokhandelen skulle få dette studieåret på seg før dei måtte ut.

Når Akademika no likevel pakkar saman i februar, er det noko kjeden sjølv har bestemt, seier kjedeleiar Eli Gerhardsen.

— No hadde me nokre ledige stillingar ved butikken vår på Studentsenteret i Bergen, så dei tilsette på Kronstad får ny jobb der. Eg er grådig redd for å mista dei, seier Gerhardsen.

Studentane visste ikkje

9. januar var det demonstrasjon utanfor bokhandelen sine lokale. Anne-Stefi Teigland, ein av initiativtakarane, seier til Khrono at mange møtte fram, også studentar. Dei var ikkje klare over at bokhandelen kjem til å forsvinna.

— Det er eit tap for oss tilsette at bokhandelen forsvinn, men det er verst for studentane. No er det mellom anna slik at dersom ein student manglar ei bok, kan vedkomande stikka bort på Akademika i ein pause, seier Teigland.

Ho er førstelektor ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking og forskar særleg på barne- og ungdomslitteratur. 

— Eg har jobba med litteraturformidling heile livet. Dersom ein skal ha ein bokhandel på campus må han gjera så mykje av seg at ein ser han. I dag er ein plassert slik at mange passerer. Det gjer at ein kan stilla ut bøker, og slik oppmuntra til at studentane òg kjøper noko som ikkje står på pensumlista.

Både studentar og tilsette demonstrerte på Kronstad. Anne-Stefi Teigland til høgre.

Konsekvensar for andre campus

— Eg trur verken høgskulen eller studentane skjønar kva som kan skje når det ikkje lenger er ein bokhandel her, seier Gerhardsen.

Bøkene knytt til HVL sine studieretningar er det ikkje plass til i butikken på Studentsenteret, så høgskulestudentane vil måtte nytta kjeden sin nettbutikk eller andre nettbutikkar for å få tak i pensum.

— Ved studiestart har me hatt pop up-butikk på campus både i Stord, Haugesund og Førde. Det vil me ikkje klara når me ikkje har ein butikk i Bergen. Eg er òg usikker på om bokhandelen i Sogndal vert oppretthalde eller om den òg må leggast ned, seier Gerhardsen.

I dag driftar Akademika 23 butikkar knytt til universitet og høgskular. I tillegg finst det 17 andre studentbokhandlar på campusar land og strand rundt. Bokhandelen i Sogndal er ein av desse, drifta av studentsamskipnaden.

Som Khrono har skrive har Studentsamskipnaden i Søraust (SSN) kjøpt tilbake fleire bokhandlarar. Brage Bok finst på sju av Universitetet i Søraust-Noreg sine campus.

Hans Erik Stormo, administrerande direktør i SSN, sa til Khrono i fjor sommar at dei ser at studentane vil ha fysiske bøker.

— Me ser på ein bokhandel som eit fysisk møtepunkt. På dei mindre campusane våre brukar me dei òg som ein del av sørvisen til studentar, mellom anna kan dei henta nøklar til studentbustadane her. Å ha tilgang til ein bokhandel ser me på eit viktig tilbod, særleg for dei campusane som ikkje ligg i ein by.

7 av 10: Bokhandel er viktig

Ei fersk undersøking med vel tusen respondentar, gjennomført av Opinion for Akademika og Norsk Faglitterær Forfatter- og oversetterforening (NFFO) viser òg at studentane ønskjer seg bokhandel på campus. Dette er særleg viktig for studentane som held til i dei nordlegaste fylka.

Sju av ti svarar at det er noko, ganske eller svært viktig for dei. Fleire av studentane peikar på tilgjengelegheit som hovudårsaka til at ein fagbokhandel på campus er viktig. At det er enkelt og raskt å få tak i pensumbøker, og skrivesaker og anna som er relevant i studiekvardagen. Nokre nemner òg dei tilsette sin kompetanse som hovudårsak.

For studentane ønskjer framleis pensum på papir, over halvparten ønskjer seg alt eller mesteparten av pensum på papir. Dei seier at lange tekstar vil dei helst lesa på papir, for det lærer dei best av. Men pensum kjem ofte i form av lærebøker på bachelorgrad og meir som artiklar i digital form når studentane kjem lenger ut i løpet.

— Denne undersøkinga viser det same som våre folk opplever når dei snakkar med studentar og som tidlegare undersøkingar viser, seier Vemund Barstad Bermingrud, som leiar verksemdsavdelinga hos Akademika.

— Studentar ønskjer altså både digitalt og fysisk pensum. Me meiner at alt pensum burde vore tilgjengeleg i begge format, seier han.

Håpar leiinga vil snu

I Bergen har det vore ein debatt om ein skal nytta lokale sentralt på HVL til bokhandel. Også ved Universitetet i Bergen var saka aktualisert i fjor haust: Studentparlamentet handsama då eit forslag om at ein ikkje lenger burde prioritera lokale til bokhandel på Studentsenteret.

HVL-rektor Gunnar Yttri fekk ei tydeleg melding på kontordøra si.

Akademika har fått tilbod om eit lokale som ligg utanfor HVL sin campus.

— Me fekk rett nok òg tilbod om eit anna lokale her på Kronstad. Det var berre tjue kvadratmeter stort, og hadde vorte berre eit kontor, ikkje ein bokhandel. Ingen av våre tilsette var interesserte i å ha ein rein kontorjobb, seier Eli Gerhardsen.

Dosent Åse Kallestad var òg på demonstrasjonen 9. januar.

— Kvifor demonstrerer de no, er ikkje denne saka avgjort?

— Me håpar leiinga ved HVL vil snu. Om denne saka er tapt så håpar me dei vil lytta til at me treng ein bokhandel på campus, seier ho.

— Det var mange frå norskseksjonen som hadde møtt fram, men det var òg mange frå andre fagmiljø, og studentane stilte med trommer og plakatar. Eg kan ikkje møta meg sjølv i spegelen dersom eg ikkje hadde meint noko i denne saka, det handlar om fagleg integritet, seier Anne-Stefi Teigland.

Under demonstrasjonen vart det samla inn underskrifter. Over 200 skreiv under det som er den andre skriftlege støtteerklæringa for bokhandel. Desse vart heng opp på rektor si kontor saman med ein plakat på rektor si kontordør med ein klår bodskap: Ja til framleis bokhandel sentralt på campus.

Powered by Labrador CMS