Forsking for ein kvar pris
Struktur. Nord universitet er berre skrekkeksempelet så langt. Mest truleg kjem andre til å følgja etter, skriv Ingebjørn Bleidvin, og viser til at Høgskulen på Vestlandet har studenter på fem studiestadar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Kor mykje internasjonalt anerkjent forsking må skje i Sogndal for at det skal vera forsvarleg å utdanna lærarar der? Faren er at forskinga ved dei nyoppnemnde universiteta endar opp som lite anna enn avansert NAV-tiltak.
Her er ein enkel bodskap til norske universitetsadministratorar:
Når du sit som rådmann, teknisk sjef eller sjukeheimsleiar i ein gjennomsnittleg norsk kommune, gir du blanke i kva obskure forskartidsskrift den lokale førsteamanuensen har publisert grafane sine i.
Du treng sjukepleiarar. Du treng lærarar. Du treng ingeniørar. Du treng ikkje siste nytt frå forskingsfronten. Du treng dei som fungerer og som gjer jobben sin på ein god og forsvarleg måte.
Å bidra til dette var faktisk ei gong hovudtanken bak dei norske høgskulane. Slik er det ikkje lenger.
Faren er at forskinga ved dei nyoppnemnde universiteta endar opp som lite anna enn avanserte NAV-tiltak.
Gjennom lang tids standhaftig jobbing med strategiplanar, suksesskriterium-definisjonar og utviklingsprosessar har eit knippe markeringskåte politikarar og styringslystne administratorar klart å definera om heile poenget med mesteparten av høgare utdanning i Norge.
Ein forfengeleg forkjærleik for forsking trugar med å koma i vegen for høgskulane og universiteta sitt samfunnsoppdrag.
I 1994 vart talet på høgskular redusert frå 98 til 26, av 90-talets fremste «eg veit best»-minister, Gudmund Hernes. Reforma var i stor grad ein flopp. Den gav korkje meir eller betre forsking eller undervising, berre fleire administrativt tilsette.
For eit par år sidan pressa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) gjennom ein ny runde samanslåingar. Samtidig har ei rekke høgskular no fått lov til å kalla seg universitet. Til saman har det snudd opp ned på prioriteringane i sektoren.
Nord universitet (Nord) har berre hatt universitetsstatus i to år, men er like fullt frenetisk i gang med å sentralisera og legga ned.
Nord skal ta ned driftsutgiftene sine med 100 millionar årleg for å frigjera midlar til «strategiske satsingar». Samtidig har dei bygd eit nytt administrasjonsbygg i Bodø til nettopp 100 millionar.
Kva består desse «strategiske satsingane» i? Det handlar iallfall ikkje om fagformidling, studenttilfredsheit og rekruttering. I Nord sitt strategidokument handlar det i stor grad om forsking. Til og med dei strategiske måla for utdanning handlar stort sett om å styrkja forskinga. Og suksess på dette feltet måler ein gjennom å telja «publiseringspoeng».
Publiseringspoeng er ein form for stjerne i margen som forskarar får når dei publiserer i viktige, internasjonale forskingstidsskrift.
Dei små avdelingane til Nord, som Mo i Rana og Stjørdal, ligg elendig an målt etter kostnad pr. publiseringspoeng. Derimot ligg dei mykje betre an enn alle dei store universiteta målt på kostnad pr. studiepoeng.
For oss som ikkje vandrar rundt med Nobelpris-logoen limt frampå brilleglasa tyder desse tala på éin ting: Småstadene gjer nett det dei skal, nemleg å utdanne fagfolk til å drifta velferdsstaten og bygga landet.
For strategiprosess-mafiaen tyder tala noko heilt anna:
Nord universitet er berre skrekkeksempelet så langt. Mest truleg kjem andre til å følgja etter.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har i dag studentar i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. HVL har òg lyst til å bli universitet. Grunnen er noko uklar, men rektor Berit Rokne forklarar det slik:
«Du kjem inn i nokre fellesskap som du kanskje ikkje har vore inne i. Nokre stader kan omgivnadene tenkje at eit universitet har ein høgare kvalitet enn ein høgskule.»
Det handlar altså om image, ikkje kvalitet.
Ingen bør bli overraska når HVL om nokre år byrjar nedbygginga av Sogndal og Stord. Dette vil sjølvsagt vera på bakgrunn av ein grundig «strategirealiseringsprosess», eller noko liknande. Det vil koma så gradvis at ein knapt merkar det. Det vil vera ein «reallokering av administrative ressursar» her, og ein «fokus på strukturell styrking av fagmiljø» der.
Til slutt vil det heile vera logisk og uunngåeleg. Skal Vestlandsuniversitetet liksom ha fem campusar i same fylke? Stadene Førde/Sogndal og Stord/Haugesund er jo berre ein god time unna kvarandre?
Før var det eføy og elfenbeinstårn som pakka inn professorar og rektorar og gjorde dei verdsfjerne. No til dags er det strategiprosessar som gjer same nytten. Pratet om forskingsbasert undervisning verkar tidvis som ei lettvint orsaking for at norske akademikarar skal få ei litt stiligare profilside på LinkedIn.
- Les også: Fleire Khrono-saker om Nord universitet
Ironien i det heile er at det er lite forsking som tyder på at «forskingsbasert undervisning» automatisk gir betre undervisning eller meir nøgde studentar. Tvert om: ein del studier tyder på meir misnøye blant studentane dess meir forsking lærarane deira driv med.
Realiteten ute i norske bygder og byar er ei kritisk og stadig forverra rekrutteringskrise, både i privat og offentleg sektor. Høgskulane sine luftige draumar om å bli forskingsuniversitet av internasjonal klasse hjelper ikkje på dette. Dei hjelper ikkje på så mykje anna heller.
Trass ei røys nye universitet og tusenvis av nye tilsette innan akademia, går knapt tal publiseringspoeng pr. årsverk opp, og det er heller ikkje fleire norske forskarar som publiserer i anerkjente tidsskrift enn før. Faren er at forskinga ved dei nyoppnemnde universiteta endar opp som lite anna enn avanserte NAV-tiltak.
(Kronikken er først publisert i Bergens Tidende.)
Siste fra forsiden:
Kortnytt
Kritisk til prislapp på prinsessens studier
Flere reagerer på sosiale medier, skriver Nettavisen etter avisen publiserte en sak om utgiftene knyttet til prinsesse Ingrid Alexandras studieopphold i Australia.
Blant utgiftene Nettavisen omtaler er 990.000 kroner til bolig for hele perioden og flyreiser på minst 50.000 kroner. I tillegg kommer utgifter til livvakter døgnet rundt. Disse er ikke kjent.
Nærmere 800 kommentarer har tikket inn i kommentarfelt, skriver Nettavisen. Mange mener kronprinsparet bør stå for hele regningen, særlig fordi de mottar apanasje på nesten 13 millioner i året.
Prinsesse Ingrid Alexandra (22) flyttet i fjor høst til Australia for å starte på en bachelorgrad i samfunnsfag ved Universitetet i Sydney, med fordypning i internasjonale relasjoner og politisk økonomi.
Prinsesse Ingrid Alexandra i Sydney. Dette bildet er tatt i forbindelse med studiestarten høsten 2025. Foto: Raquel Pires Photography / Det kongelige hoff The Strokes med markering mot universitetsbombing
The Strokes med markering mot universitetsbombing
Det amerikanske rockebandet The Strokes brukte konserten sin under Cochella-festivalen i USA til ei politisk markering, skriv The Guardian. Blant innslaga var ein bildemontasje på scenen som skulle vise øydelegginga av meir enn 30 universitet i Iran eter israelske og amerikanske bombeangrep.
Også eit bilde av øydelegginga av al-Israa-universitetet i Gaza vart vist på storskjerm, medan bandet framførte låta Oblivious. Dette var det siste universitetet som stod igjen i Gaza før det vart bomba av Israel i 2024.
Klippet frå konserten spreidde seg raskt på nettet, ifølgje The Guardian, og passerte 5,1 millionar visningar på X før det vart fjerna.
The Strokes på scenen under Cochella, ein av dei største musikkfestivalane i USA. skjermdump NTNU får mer penger til tradisjonshåndverk
NTNU har fått 17 millioner kroner fra Kirkebevaringsfondet til å utvikle videreutdanning i tradisjonshåndverk, skriver Universitetsavisa.
Nå skal tilbudet etter planen bygges ut, og på sikt kan det bli plass til 150 studenter i utdanningsløpet samtidig. Midlene skal gå til å utvikle videreutdanningstilbud for tradisjonshåndverkere i samarbeid med Innlandet fylkeskommune og Nidaros domkirkes restaureringsarbeider.
Med den nye bevilgningen er målet å ta opp 20 nye studenter hvert år i tillegg til dem som følger det ordinære bachelorløpet.
— Når vi når denne målsettingen, vil vi om seks års tid ha 120 pluss 32, altså rundt 150 studenter i utdanningsløp samtidig, sier Thor-Aage Kaminka Heiberg til Universitetsavisa.
Ny leder for sykepleierstudentene
Årsmøtet til Norsk Sykepleierforbund Student (NSF Student) har valgt Martine Kjenslie Lund til ny leder. Hun har studert sykepleie ved OsloMet. Sammen med seg på laget får hun Hannah Louise Schulstad som nestleder, hun har studert sykepleie på Høyskolen i Østfold. Begge blir ferdigutdannet nå i sommer, skriver Norsk sykepleierforbund i en pressemelding.
NSF Student er en underenhet av Norsk Sykepleierforbund og representerer over 95% sykepleierstudenter med rundt 14 000 medlemmer.
— Jeg er takknemlig, rørt og stolt. Det er en ære å få tilliten til å skulle representere norske sykepleierstudenter. Utdanningsstøtteutvalgets arbeid blir viktig, ikke bare for å sikre sykepleierstudenters interesser, men alle norske studenter, sier Lund.
Ny leder i Norsk Sykepleierforbund Student (NSF Student),Martine Kjenslie Lund. NSF/Ola Gimse Estenstad Gjenvalgt for Lærerstudentene
Joanna Melby Myhre er gjenvalgt som leder for Lærerstudentene i Utdanningsforbundet.
— Våre utdanninger går gjennom store endringer framover når styringen skal bli mer overordnet. Vi ser allerede mange studiesteder prøve seg på alt for kreative utdanningsprogrammer. Vi skal sørge for at kvalitet i utdanningene er det viktigste, sier Melby Myhre i en pressemelding
Marit Ping Bersås og Eirik Mikalsen er valgt til nestledere sammen med Melby Myhre. De trekker fram at det skal være godt å være lærerstudent på campus og at praksis må fullfinansieres.
— Det har blitt lagt for mye vekt på fleksible, desentraliserte og deltidsbaserte lærerutdanninger. Vi er nødt til å satse på å få studentene tilbake til campus, og at vi har gode utdanninger over hele landet, sier Mikalsen
Joanna Melby Myhre er gjenvalgt leder for Lærerstudentene i Utdanningsforbundet Lærerstudentene Rekordtall for nytt studium på Høyskolen Kristiania
Søkertallene for Høyskolen Kristiania ble publisert mandag, og viser en økning på åtte prosent fra fjoråret. Totalt har 11.000 studenter søkt enten på høgskolen, fagskolen og nettstudier.
– Vi ser en tydelig økning i interessen for studiene våre. Det bekrefter at vi utvikler utdanninger som oppleves relevante og attraktive i et arbeidsmarked i endring, sier administrerende direktør Solfrid Lind i en pressemelding.
Aller flest søkere har et nytt studium, bachelor i rettsvitenskap, med 1422 søkere. Det er rett og slett det mest populære studietilbudet i høgskolens historie.
– Når vi treffer med nye studietilbud, ser vi at etterspørselen kan bli svært høy. Dette er et godt eksempel på hvordan vi jobber med å utvikle utdanninger tett på samfunnets behov, sier Lind.
Antall søkere til bachelorstudier ved Kristiania har økt med 8 prosent, mens masterstudiene har en vekst på 6 prosent. Fagskolen opplever en nedgang på 8 prosent i søkertallene til heltidsstudier, men har samtidig en kraftig vekst på nettstudier på 7 prosent.
– Vi er fortsatt ikke ferdige med årets opptak. Kristiania praktiserer rullerende studentopptak helt frem til studiestart, og vi forventer derfor flere søkere, sier Lind.
Skal styre 17.000 studenter
Jarand Byrkjeland fra Nittedal er valgt som ny leder for NITO Studentene. NITO Studentene er studentdelen av NITO, og organiserer ingeniør- og teknologistudenter over hele landet. NITO er Norges største organisasjon for ingeniører og teknologer.
– Jobbmarkedet og overgangen fra studiene til arbeidslivet er den viktigste utfordringen for ingeniør- og teknologistudenter akkurat nå, sier Jarand Byrkjeland i en pressemelding.
Han studerer selv IT og informasjonssystemer ved USN i Bø.
Som ny leder peker Byrkjeland på ett grep han spesielt vil få gjennomslag for det kommende året: flere relevante kurs og sertifiseringer. Både for tillitsvalgte og øvrige studentmedlemmer.
– Hvis jeg bare får gjennomslag for én ting, må det være å øke mengden med relevante kurs og sertifiseringer, sier han.
Nyvalgt leder for NITO Studentene: Jarand Byrkjeland. NITO / Bjarne Krogstad Studenter ønsker vektere på lesesalen
Et studentutvalg på Universitetet i Bergen(UiB) ber studentene signere en underskriftskampanje for å få vektere på campus.
I flere år har det vært trangt om plassen på lesesalene til UiB, blant annet fordi studenter fra andre læresteder benytter seg av plassen.
Nå ønsker Studentutvalget ved Det samfunnsvitenskapelige fakultetet på UiB at vektere skal gjøre ID-sjekk i eksamensperioden, skriver studentavisa Studvest. De oppfordret studenter til å skrive under på en underskriftskampanje denne uken.
– For å understreke hvor stort ønsket er blant studentene ønsker vi å sette i gang en underskriftskampanje! Vi håper at dere er med å støtte oss i denne saken, skriver studentutvalget i meldingen.
Fakultetet sier de er kjent med plassmangelen, og at de er opptatt av å sikre studentene et godt læringsmiljø.
- Siste
- Mest lest





Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!