søkarliste
Desse vil bli rektor ved UiT Norges arktiske universitet
No er det klart kven som ønskjer å bli rektor ved Norges nordligste universitet.
Søknadsfristen for stillinga som rektor ved UiT Noregs arktiske universitet gjekk ut 20. august. I dag har tilsettingsutvalet hatt møte, og kan offentleggjere søkarlista.
Noverande rektor, Dag Rune Olsen, sitt namn er å finne på søkarlista. Han har vore rektor ved UiT sidan 2021, og ønskjer seg altså ein ny periode. Mellom 2013 og 2020 var han rektor ved Universitetet i Bergen.
Olsen er den eine interne søkaren på lista, som for øvrig berre inneheld fire personar. Den andre interne er Torkjel Sandanger, som i dag er leiar for Institutt for samfunnsmedisin.
Professor ved Uppsala universitet, Anders Malmberg, er nestleiar for universitetsstyret og leier tilsettingskomiteen. Han er nøgd med søkarlista.
— Vi har fleire kvalifiserte kandidatar, og no ser eg fram til ein god og spennande prosess utover hausten, seier han.
Avgjerda om kven som vert rektor ved UiT i perioden 2025 til 2029 vert tatt på Universitetsstyret sitt møte 27. november 2024, kjem det fram i ei pressemelding frå UiT.
Her er søkarlista:
1. Fratazzi, Olimpia (33), kvinne, Italia
2. Chandran T, Reshma (33) kvinne, India
3. Olsen, Dag Rune (62), mann, Norge (intern)
4. Sandanger, Torkjel (52), mann, Norge (intern)

Nylige artikler
25 prosent nedgang i doktorgradsavtaler
Varsler utredning etter fagskolekonkurs
Universitetet i Bergen vil berge logopedstudiet
«Kapitalelementet» vil svekke nøktern eiendomsforvaltning ved universitetene
Aasland ønsker seg mer kunnskapslekkasje
Mest leste artikler
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Skal selge «siving-ringer» for flere millioner kroner i år
Stjerneforskere måtte slutte etter kontakt med Epstein
Slutt for denne lønnede utdanningen: — Dette er så viktig
PST-sjef advarer mot spioner på Arctic Frontiers